Dag og Tid nr. 14/15, 5. april 2001

Internasjonalt arbeid:

Hulda og Hiawatha

Det nasjonale og internasjonale gjekk hand i hand hos Hulda Garborg. Sjølv om ho hadde ein stor kjærleik til Noreg, kjempa ho mot undertrykking andre stader i verda òg.

Hulda Garborg er i ettertid kjend som nasjonalt symbol, bunadskledd, folkedansande, smilande og vakker. Då ho døydde i 1934, la fleire nekrologar nettopp vekt på arbeidet hennar for bunader og folkedans, medan andre sider ikkje vart nemnde. Biletet av kvinna som nasjonalt symbol har fått feste seg.

Eit nærare studium av hennar eigne skrifter gir andre nyansar. Ho brukte rett nok ordet «nasjonal» som honnørord. Før og etter unionsoppløysinga i 1905 brukte ho ofte ordet «nasjonsbygging» og propaganderte mellom anna for Matstell paa Landsbygdi (tittel på ei av bøkene hennar) og i tale og skrift for hygiene i skolane. Der det trongst, var ho sylskarp og kritisk. Ho sette søkjelyset på dei områda ho ut frå ei heilskapstenking meinte trong mest merksemd. Solidariteten hennar låg helst hos dei svakaste gruppene og hennar eige kjønn. Når desse gruppene er usympatisk framstilte, gjer teksten det tydeleg at dette har samanheng med materiell og ideologiske forhold som må endrast.

Nasjonal – internasjonal

Å vere nasjonal utan å vere internasjonal gav inga meining for Hulda Garborg. Den store kjærleiken ho hadde til Noreg, hindra henne ikkje i å kjempe for alles rettar, også ute i verda. Slik, meinte ho, skaper ein betre grunnlag for fred. Det internasjonale engasjementet hennar kom til uttrykk på fleire måtar. Ho reiste mykje, saman med mannen eller åleine. Ho kunne dra saman med ei venninne eller med grupper på kulturoppdrag. Ho trefte oftast intellektuelle, men ho hadde samtalar med folk i alle samfunnslag, arbeidsfolk og leiarar på topplan. Ho kommenterte ofte utanrikspolitiske hendingar og forhold i artiklar, brev og dagbøker.

Den skjønnlitterære forfattarskapen hennar, mest 50 bøker, halvparten på nynorsk, dreier seg mest om forhold i Noreg, men i nokre av bøkene går handlinga føre seg dels i Noreg, dels i utlandet. To drama går føre seg i fjerne strok. Handlinga i Under Bôdhitræet (1911) er lagd til Asia ein stad. I lyriske dialogar tar forfattaren oppgjer med livsfjern mystisisme som var på moten blant intellektuelle då.

Det dramatiske diktet Den store freden (1919) går føre seg i Midtvesten på fleire ulike stader. Her har ho indiansk historie frå 1500-talet som ramme for handlinga og den tematiske drøftinga. Trass i dei konkrete historiske og geografiske rammene har dramaet ein tematikk som har internasjonal interesse.

Den reisande Hulda Garborg

Hulda og Arne Garborg budde på Tynset frå desember 1886 til 1896. Den anarkistiske og radikale nynorskavisa Fedraheimen kom ut her fram til 1890. Redaksjonsgruppa hadde nær kontakt med likesinna i fleire land, mellom anna i Russland og Tyskland. Dei utveksla tankar og tekstar som vart omsette og trykte, òg i andre publikasjonar. Då avisa vart lagd ned, starta ein periode med mykje reising for Garborg-paret. Somme gonger vart den fem år gamle sonen att på Tynset hos vener som hadde gard, eller han var saman med faren når Hulda reiste åleine.

Dei drog helst til kontinentet, til Tyskland, Frankrike og Italia, der dei budde hos forfattarvenner og trefte intellektuelle frå mange land, også norske. Hulda lærte seg no engelsk, tysk og fransk – språkkunnskapar ho brukte både til eiga skriving og til omsetjingsarbeid. Ho hadde sparsam formell utdanning. Før ho gifta seg og vart forfattar, arbeidde ho som ekspeditrise i ein klesbutikk i Kristiania. I utlandet skreiv dei begge bøker og artiklar, om forhold både heime og ute, mest om norske, som dei hadde best kunnskap om.

Hulda debuterte i 1892 med romanen Et frit forhold. Han handlar om ei ekspeditrise i Kristiania som må prostituere seg for å få endane til å møtast. Den same historia kunne ha vore fortald om ei ekspeditrise frå København eller Paris. I 1896 flytta Garborg-paret til Asker saman med andre skrivande folk. Dei reiste framleis mykje, no helst i Noreg, men dei tok fleire turar til kontinentet. Hulda Garborg besøkte Amalie Skram i København fleire gonger.

I 1903 auka motsetnadene mellom Noreg og Sverige i unionsspørsmålet. Somme tok til orde for ei militær «løysing». Hulda drog då til Sverige med folkedansgrupper og deltok på folkedansstemne. Frå dagbøkene ser vi at ho òg hadde fredsdiplomatiske siktemål med reisene. Det er no kjent at folkeleg motstand, spesielt frå den organiserte svenske sosialist-rørsla, hindra at militærmakt vart brukt i samband med unionsoppløysinga.

I 1913 reiste Hulda Garborg til USA saman med Anders Hovden. Ei Ivar Aasen-støtte skulle avdukast i Minnesota. Her kom ho i kontakt med indianarar. I New York fekk ho sjå ei oppsetjing av Longfellows Song of Hiawatha med indianske aktørar. Framsyninga gjorde djupt inntrykk på henne. Manuskriptet bygde på indianske folkesongar og mytar som dels var nedteikna, og som Hulda seinare skaffa seg. Dei fortel om den irokesiske indianarhovdingen Hiawatha, som saman med hjelparane sine vann fram med sin fredsstrategi og skipa eit samband mellom fem indianarfolk. Sambandet hadde eit råd som skulle avgjere spørsmål om krig og fred og sal av jord. Også kvinnehovdingar hadde plass i rådet.

Då Hulda Garborg kom heim frå USA, studerte ho vitskaplege avhandlingar frå 1851 om irokesisk kultur og historie av amerikanaren Lewi Henry Morgan. Avhandlinga er seinare omsett og utgitt på norsk, sist i 1974.

Dei reisene og studiane Hulda gjennomførte, resulterte i fleire avisartiklar og i det dramatiske diktet Den store freden. Versemålet i boka finn ein att i norrøn dikting, til dømes i Edda-dikta. Ein røynd lesar kan òg, ut i frå formelle trekk, setje dramaet inn i ein folkediktingstradisjon som i denne tematiske samanhengen blir utvida og får ein meir internasjonal karakter.

Internasjonalt fredsarbeid

Med denne teksten sette Hulda Garborg situasjonen for indianarane på dagsordenen. Like viktig er det at ho i ei indiansk historisk og geografisk ramme tematiserte spørsmål som var aktuelle for samtida hennar, spørsmålet om mellomfolkeleg samarbeid og spørsmålet om vald og ikkjevald. To viktige hendingar prega samfunnsdebatten i Europa då ho skreiv dramaet: Den første verdskrigen og den russiske revolusjonen.

Den første verdskrigen slutta i 1918. I 1917 hadde Russland trekt seg ut av krigen, og Lenin proklamerte den sovjetiske republikken på slagorda «Ned med våpna! Brød til folket». I dagbokskommentarar støtta Hulda revolusjonen. Jamvel borgarskapet burde innsjå at dei hadde interesse av å støtte revolusjonen, skreiv ho, dei kunne slik få fred i gatene.

Eit par år etterpå kommenterte ho sovjetsystemet med skepsis. Det inneheldt element som ville kunne kome til å vende seg mot folket sjølv, meinte ho.

Versailles-traktaten, fredsavtalen som kom i stand etter første verdskrigen, inneheld ein viktig passus om mellomfolkeleg samarbeid som skulle tryggje freden, manifestert i det nyskipa Folkeforbundet. Folkeforbundet var forløparen for Dei sameinte nasjonane, eller FN. Men også Folkeforbundet hadde forløparar, til dømes i det irokesiske femfolksambandet som etter mytane skulle vekse seg stort og verte ein verdsbrorskap av alle folk.

Hulda Garborg gjekk inn i ein brennaktuell samtidsdebatt med dette historiske dramaet. Fiktiv historisk ramme er eit grep somme forfattarar brukar for å tydeleggjere konfliktar og forhold som òg er aktuelle i deira eiga samtid.

I den dramatiske teksten Den store freden står to linjer skarpt mot kvarandre, representert ved hovdingane Hiawatha og Atotharo. Hiawatha vil løyse konfliktar gjennom samtalar og rådsmøte. Den konkurrerande og eldre Atotharo vil bruke våpen. Han har hemntankar og er på imperialistisk vis oppteken av å verte større og mektigare på kostnad av andre land.

Hiawatha lukkast i å overtyde Atotharo om at ingen tener på våpengny. Han går sjølv i dekning og overtaler Atotharo til å styre etter sitt fredsprinsipp, utan å innkassere åre for den ideologiske sigeren sin. Men heltehistoria om den dyktige diplomaten Hiawatha blir kraftig underminert av ei tragisk kvinnehistorie som får mindre plass i teksten. Å døy av svolt er ikkje mykje betre enn å døy i krig. Her døyr Minnehaha, dotter til den arbeidande pilmakaren frå grannelandet, ho som seinare vart kona til Hiawatha, i hungersnaud medan Hiawatha er på diplomatferd. Også dotter deira, Erla og fleire med dei, får same lagnaden. I dette perspektivet blir dramatittelen Den store freden ein ironisk tittel.

Kjønns- og klasseperspektivet skjer seg djupt inn i forteljinga, slik dei gjerne gjer i fleire av Hulda Garborgs tekstar. Denne teksten gir ingen enkle løysingar, men den presenterer motsetnader som dessverre er aktuelle enno i dag. Eg kan nemne Midt-Austen som døme. Diplomatane synest å ha både objektive og subjektive interesser av å halde krigen og forhandlingane i gang, medan folket blør.

Vi som er lesarar i dag, får ta bodskapen og innsikta i Hulda Garborgs tekst til oss. Med auka innsikt og meir fornuftig styring skulle det, i det verkelege livet, vere mogleg å stette primærbehova til dei aller fleste, i alle land.

Kari Fjørtoft

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |