Dag og Tid nr. 14/15, 5. april 2001

Biografi:

Eit nasjonalt idol

Hulda Garborg var utan tvil den mest allsidige og aktive kultur-personen i landet vårt i det førre hundreåret. Derfor blir også ho feira i «Garborg-året 2001» saman med den meir berømde mannen.

Karen Hulda Bergersen var fødd 22. februar 1862 på storgarden Såstad i Stange på Hedemarken. Foreldra var Marie Petrine Olsen Deleie frå Ringsaker og overrettssakførar Christian Frederik Bergersen frå Hof i Solør. Det gjekk over styr med faren. Foreldra vart skilde. Mora flytta med tre døtrer på hybel i Hamar. I 1870 gjekk Såstad under hamaren. Faren var ruinert og levde ikkje lenge etterpå.

I Barndomsminne, som kom posthumt i 1935, fortel Hulda levande om den vesle byen Hamar og breibygdene omkring. Særleg var ho oppglødd for «Gløersens pigeskole». Lærar Gløersen vekte hennar interesse for nasjonal kultur. Da Bjørnstjerne Bjørnson gjesta folkehøgskulen til Herman Anker på Sagatun i 1869, la han særleg merke til kor flink vesle Hulda var til å danse.

På målskule

Tretten år gamal reiste Hulda Bergersen til hovudstaden saman med mora, der ho etter konfirmasjonen i Vestre Aker kyrkje fekk butikkstilling hos den radikale venstremann Mikkel Dobloug. Han fekk oppnamnet «Flagg-Dobloug», da han selde reine flagg utan unionsmerke – «sildesalaten».

Gjennom Dobloug, familievenen Peter Chr. Asbjørnsen og det intellektuelle miljøet i «Christiania Arbeidersamfund» fekk Hulda Bergersen vener blant litteratar og kunstnarar. Ho drøymde om å bli skodespelar, men fekk høyre av Johannes Brun at ho hadde for lange bein til ein slik karriere.

Hausten 1885 gjekk Hulda på den målskulen som teolog og anarkist Ivar Mortenson heldt i lokalet til Fedraheimen, landsmålsavisa Arne Garborg gav ut frå 1877. Ho lærte om landsmål og folkedikting av Mortenson, Lars Liestøl, Andreas Hølaas og Molkte Moe. Det var ein draum å ha slike lærde lærarar.

Sjølvstendige

I 1887 vart Hulda borgarleg gift med Arne Garborg og flytta til «Kolbotnen» ved Savalen i Tynset. Sonen Arne Olaus Fjørtoft Garborg kom til verda i mai 1888. I Fra Kolbotnen og andetsteds (1903) fortel fru Garborg morosamt om tida i fjellheimen.

Det var to sjølvstendige kulturpersonar som slo seg saman. Ekteparet støtta alltid kvarandre. Var det påverknad, gjekk den oftare frå Hulda til Arne enn motsett, sjølv om mange mistenkte ektemannen for å stå bak mykje av det kona skreiv og gjorde. I dag veit vi at ho sanneleg stod støtt på eigne bein.

Den unge kona lærte matstell av grannekonene. I avisa Den 17de Mai og i boka Heimestell skreiv ho om tradisjonell bondekost og husskikk. Seinare kom Lidt om madstel paa landsbygden og National kost. Hulda slo mange slag for mattradisjonar som sunn motvekt til kvitsukker og finmjøl.

Dramadiktar

Kunne Hulda ikkje bli skodespelar, ville ho prøve seg som forfattar. Mannen, Jonas Lie og Amalie Skram inspirerte til romanen Et frit Forhold. Den djerve skildringa av eit moderne samliv kom ut anonymt i 1892. Det dystre dramaet Mødre frå 1895 hentar tema frå fjellfolks slit og ættekjensle. I Rationelt Fjøsstell heidrar ho grannekonene med skjemt og ironi. Stykket gjekk sin sigersgang i Kristiania.

Hulda fekk blod på tann. Komediane Hos Lindelands og Noahs Ark så dagens lys i 1899. Ho vann premie for tragedien Sovande sorg. Edderkoppen er tydeleg påverka av Ibsen. Det fortener å bli framført på nytt. April (Vaar) frå 1905 avsluttar Hulda Garborgs moderne dramadikting. Ho vart dermed datidas desidert største kvinnelege sceneforfattar.

Teater og dans

Hulda Garborg var alltid oppteken av målsak etter at ho nærmast vart hjernevaska av karane i Fedraheimen. Ho skreiv også bøker på riksmål. Men ho irriterte seg over at landsmål og dialekt ofte vart radbrekt av Thalias tenarar. Difor gjekk ho inn for eit reint landsmålsteater. I 1895 vart ho både leiar, instruktør og skodespelar i Det Norske Spellaget.

I 1898 slo ekteparet Garborg seg ned på Hvalstad i Asker, den såkalla «Målkroken», den einaste kunstnarkolonien i landet. Der heldt spellaget til når det ikkje drog på spelferd.

Turneane blei ein suksess trass i pinlege pipekonsertar i nokre småbyar. I 1912 blei spellaget til «Det Norske Teatret». Utan Hulda hadde vi aldri fått det teateret, slo gemalen Arne fast.

Til eit landsmålsteater trongst dans og bunader. Etter ei ferd til Færøyane i 1902 sette teatersjef Garborg i sving danseringar. Noregs Ungdomslag gav ut eit hefte med Norske folkevisor med hennar danseinstruksjon, følgd av Song-Dansen i Nord-Landi og Norske dansevisur. Etter ei bok om Norsk Klædebunad heldt ho fleire bunadskurs i bygd og by.

Kvinnesak

I eventyrspela Liti Kersti og Tyrihans blir musikk, song, dans og bondebunad nytta. Her hører også det historiske dramaet Sigmund Bresteson til. Men forfattaren går til Frankrike i skodespelet Kongens Kone. Interiør fra Ludvig XIV’s hoff.

Meir oppsikt enn nasjonalt arbeid vekte Hulda Garborgs innnlegg i kvinnedebatten. I Kvinden skabt af Manden (1904), tek ho eit oppgjer med outrert kvinnesak, slik dei mest radikale kvinnene dreiv. Hulda slo ettertrykkeleg fast at kvinner skal vere stolte av å vere husmødrer. Morskallet er ei sann glede. Boka vart trykt i heile ti opplag

Debattboka var òg eit anonymt svar på den austerrikske filosofen Weiningers fordøming av kvinner. Ho heldt fram debatten i Fru Evas Dagbog, der ho forfektar kvinnas rett til sann kjærleik. Ho meiner at det er sjølvsagt at alle har krav på eit naturleg menneskeliv. I Barn i by (1913) hevdar ho difor at barn har rett til å vekse opp i landlege forhold.

Ute og heime

Hulda Garborg var ikkje berre oppteken av norsk kultur. Ho reiste omkring i Europa heilt til Sicilia og Gibraltar. Men ein tur til USA i 1913 var den største opplevinga. Ho avduka bauta over Ivar Aasen i Minnesota og møtte indianarar som inspirerte til hylling av fredshovdingen Hiawatha i Den store freden. Fredstankar hadde ho også funne i orientalsk religion. Under Bôdhitreet (1910) er eit poetisk drama frå indisk buddhisme. I romanane med tema frå Nord-Østerdalen gjev ho eit bilete av historie, økonomi og kultur i ei overgangstid. Ho idealiserer fjellbygda, inspirert av Rousseau, som ho også skreiv om: Rousseau og hans Tanker i Nutiden og Rousseau. Ho legg vekt på filosofens lovprising av bonden. Byane oppdreg til egoisme. I ei grend lever folk i fellesskap. Her var ho også påverka av Kropotkin, Ivar Mortenson og Tolstoj.

Særleg hyllar ho bondekvinnene i romanen Mann af Guds nåde (1908) – eit nådelaust angrep på late og udugelege mannfolk. Kona slit seg forderva, mens mannen set elleve ungar på ho. Hulda skildrar med medkjensle korleis ei ung kvinnes draum blir knust av slit. Harmoni finst heller ikkje i Hildring (1931), der ho fortel om korleis jobbetida trengjer seg inn i bygdesamfunnet. Bønder let seg rive med i spekulasjon og går frå gard og grunn.

Andre romanar er meir sjølvbiografiske, der forfattaren dreg med seg både seg sjølv, slekt og venner i portrettgalleriet. Eli vart omsett til nederlandsk og svensk. Meir eller mindre skjult frå hennar eige liv finn vi også i Mot Solen, Gaaden og Helenes historie.

Hedemarken

I romanane frå 1920-åra vender Hulda Garborg attende til barndommens rike. I Mens dansen gaar, I huldreskog, Naar heggen blomstrer, Grågubben og Trollheimen skildrar ho storgard og klassesamfunn. Ho hadde sjølv budd på ein storgard, men vart deklassert.

Romanane frå Hedemarken er både epos og propaganda. Hulda følgjer opplysingslina frå Wergeland og folkehøgskulen fram til moderne arbeidarrørsle. Kvinnfolka er forkjemparar for betre tider. Mannen er alltid den nedbrytande. Bøkene kom i fleire opplag.

Den litterære produksjonen vart stor, men ujamn. Hulda Garborg hadde for mange jarn i elden til å finpusse språk og skape litterær kvalitet. Ektemaken kunne konsentrere seg meir. Han hadde kona si til å passe på mat, klede og hushald for seg!

Typisk er det han skreiv: «Hulda holder på å male bord og vegger, sy skinnfeller, samt skrive tragedier.» Det var ord med undring over det arbeidssame mennesket han delte hus med. Ho på si side slo fast at ho fekk god røynsle i å tenkje dobbelt på Kolbotnen. «I neste tilværelse vil jeg gifte meg med en kone», noterte ho spøkefullt og kanskje litt småbittert.

Folkeopplysar

Hulda Garborg forfatta også to diktsamlinger og skreiv mengder av artiklar i blant anna i Syn og Segn, Edda, Samtiden, Den 17de Mai, Dagbladet, Verdens Gang. Gjennom aviser, vekeblad og føredrag var ho ein aktiv samfunnsdebattant og folkeopplysar.

Hulda Garborg fekk mykje usakleg motbør og kritikk i det vesle og tronge Noreg. Det var ikkje lett å vere kvinne og kjendis i trivielle kulturkår, men mannen Arne var alltid ein trufast støttespelar og forsvarte alltid den aktive kona.

Hulda Garborg var sterkt samfunnsengasjert, men heldt seg klokeleg unna partipolitikk heilt til ho let seg freiste til å stille for «Det frisinnede Venstre» i Asker. Ho vart bygdas første kvinnelege formannskapsmedlem.

At Hulda Garborg var godt kjend i si tid og sett pris på mens ho levde, viser blant anna at ho var ein velsedd gjest på slottsball og hadde trufaste vener som Harrier Backer og vår første filmsensor Fernanda Nissen. Hulda Garborg fekk da også i 1932 Riddarkrossen av 1. klasse av St. Olavs-ordenen for svært så stort samfunnsgagnleg verke. Ho døydde 5. november 1934 i Asker og blei gravlagd ved sida av den kjære mannen sin på Knudaheio på Jæren.

Arne Dag Østigaard

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |