Dag og Tid nr. 9, torsdag 1. mars 2001

Christian Matras:

– Fortener plass blant klassikarane

Christian Matras er ein stor naturlyrikar i færøysk samanheng, men han fortener òg ein plass blant klassikarane i Norden, seier Anne-Kari Skardhamar. Ho har skrive doktoravhandling om lyrikaren.

Cecilie N. Seiness

I 1968 var Anne-Kari Skardhamar på studiereise til Færøyane. Ho vart innkvartert privat i Torshavn. Ein eldre mann venta på henne på kaia med skyggehue og hendene i lomma. Han var ein venleg og lun eldre kar. Mannen var språkforskaren og lyrikaren Christian Matras. I haustregnet, tåka og stormane las han dikt for Skardhamar og fortalde om færøysk kultur og litteratur. Etter ei vekes opphald på Færøyane var Skardhamar seld. Over 30 år etter det fyrste møtet med Matras har ho disputert med avhandlinga Poetikk og livstolkning i Christian Matras’ lyrikk. Skardhamar har analysert livstolkinga og korleis diktsynet til Matras kjem til uttrykk i lyrikken hans.

– Då eg oppdaga lyrikken hans, var eg mest oppteken av at han skreiv så ekte og inderleg om opplevingar i naturen. Etter kvart forstod eg kva rolle inntrykk frå barndommen hadde i diktinga hans. Dei hadde etsa seg inn i sinnet hans og vorte eit grunnlag å tolka verda ut frå. Naturopplevingane hans kan karakteriserast som kosmiske, sublime og religiøse med islett av mystikk. Utviklinga i diktinga hans går frå ein idealistisk stil mot ein stadig meir korthogd og fortetta stil som kan minna om den knappheita ein finn hos Olav H. Hauge, seier Skardhamar.

Sjølvstendemann

Christian Matras kom frå Vidareidi, den nordlegaste bygda på Færøyane. Far hans var handelsmann der. Tidleg i barndommen forstod han at han ville arbeida med færøysk språk. Som elleve-tolv-åring måtte han reisa til Torshavn for å gå på realskule. Han hadde dikt på trykk i tidsskrift allereie som 17-åring. Seinare studerte han nordiske språk ved Universitetet i København og fekk arbeid der som språkforskar. Matras er kjend for arbeid med mellom anna færøyske stadnamn. Han flytte tilbake til Torshavn då han vart pensjonist.

Lyrikaren og vitskapsmannen i han arbeidde for same sak, han ville skapa ei uttrykksform for den intellektuelle europeiske kulturtradisjonen på færøysk.

– Ein kan undra seg over at ein mann som Matras vart i 30 år i København når han var så knytt til Færøyane?

– På eit vis levde han mentalt på Færøyane. Han arbeidde med færøysk språk, lærte bort færøysk og var aktivt med i den færøyske foreininga.

– Korleis stilte han seg til Færøyane sitt ønske om å verta sjølvstendige?

– Han var ikkje særleg aktiv politisk, men han var ein sjølvstyremann, seier Skardhamar.

Perle

På 20-talet underviste Matras språkforskarar i Oslo i færøysk. Matras knytte band til den norske litteraturen. Han var fascinert og påverka av både Aukrust, Bull og Wergeland og møtte Aslaug Vaa. Dei to kjende seg att i lyrikken til kvarandre og hadde planar om å omsetja kvarandre, men det vart ikkje noko av. I eit brev til Vaa skreiv Matras skreiv at han som ung hadde drøymt om å slå gjennom som lyrikar i Norge. Han trudde det færøyske språket var mogleg å lesa for nordmenn, men noko gjennomslag i Norge oppnådde han aldri.

Matras skreiv to diktsamlingar før krigen. Den tredje kom ut i 1940. Etter desse tre diktsamlingane tok diktaren ein pause på 25 år. Det kom inga ny diktsamling før samleverket Yrkingar i 1965. I 70-åra gav han ut tre samlingar. Den siste Úr sjon og úr minni kom i 1978.

– Den samlinga vil eg karakterisera som ei perle.

Berre 45.000

Skardhamar vart kjend med Matras ikkje lenge etter at han hadde flytta heim att til Færøyane. Ho tykte det var underleg at han som hadde budd så lenge i storbyen, fann seg til rette langt der ute i havet, men var samstundes fascinert av kva det vesle færøyske folket, berre 45 000 menneske, kunne by på av litteratur.

– I 1909 kom den fyrste færøyske romanen. No kjem det ut mengder av færøyske bøker kvart år. Det er imponerande.

Skardhamar heldt kontakten med Matras etter studieturen, og då ho tok hovudfag i nordisk skreiv ho om den færøyske diktaren William Heinesen. Ho besøkte han og kona mange gonger og har òg skrive bok om Marianna Matras som var vevar. I 1993 omsette og presenterte Skardhamar utvalde dikt frå Matras sin forfattarskap. I samanhengar der ein snakkar om nordisk litteratur, må òg den færøyske litteraturen vera med. Det har vorte eit prosjekt for Skardhamar.

Den færøyske lyrikaren Christian Matras er lite kjend blant nordiske lesarar, men Skardhamar meiner bestemt at han må reknast som ein av dei store i nordisk litteratur på linje med mellom anna Olav H. Hauge og Rolf Jacobsen.

– Ein del nyare færøysk litteratur vert lagd merke til, særleg bøker som vert nominerte til Nordisk Råds Litteraturpris, men dei fleste tykkjer nok det er sært og underleg å interessera seg for ein færøysk diktar, slik eg gjer.

– Kvifor er ikkje Matras meir kjend i Norden?

– Det er vanskeleg for utlendingar å lesa dikta hans på færøysk. Han er på eit vis ikkje oppdaga enno. Matras er ein stor naturlyrikar i færøysk samanheng, men han fortener òg ein plass blant klassikarane i Norden, seier Anne-Kari Skardhamar.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |