Dag og Tid nr. 8, torsdag 22. februar 2001
Leiar:
Jagland, USA og bomber
Så skjedde det som dei aller fleste hadde spådd kom til å skje. USA og Storbritannia sende i slutten av førre veka nye bombefly over Bagdad, som vanleg for å hindre at Saddam Hussein utviklar masseøydeleggingsvåpen, og for å hindre at styresmaktene i Irak får høve til å byggje opp eit luftvernartilleri som kan truge dei amerikanske og britiske bombeflya.
Da Noreg vart vald inn i Tryggingsrådet, hevda norske kritikarar at norsk representasjon der var meiningslaust fordi Noreg likevel kom til å røyste med vetomakta USA og følgjeleg berre styrkje den makta USA allereie har i Tryggingsrådet. Da Noreg skulle ta over leiinga av sanksjonskomiteen mot Irak, vart det også spurt om Noreg var i stand til å spele ei sjølvstendig rolle for å få slutt på ein sanksjonspolitikk som til no ikkje har svekt Saddam Hussein, men som til fulle har svekt sivilbefolkninga i Irak.
Og kva seier så utanriksminister Thorbjørn Jagland, når USA og Storbritannia på nytt sender bombefly inn over Irak og bombar mål i utkanten av Bagdad? Jau, vi synest det er beklagelig, men vi må holde hodet litt kaldt. Vi skal ikke overdramatisere. Dette er å betrakte på linje med de andre angrepene som har vært opp gjennom årene, sist for to år siden. Vi har fått forsikringer om at dette ikke innebærer noen endring i USAs politikk, melde NTB før helga.
Og USAs politikk, skal vi tru president Bush junior, handlar om å få Saddam Hussein til å rette seg etter diverse FN-resolusjonar mot regimet i Bagdad.
Somme hadde nok hatt ei lita, men heller urealistisk von om at klårsynet for ein gongs skuld skulle råke utanriksministeren vår, slik at han kunne sjå Vestens politikk overfor Midtausten i eit større perspektiv. Ein kan til dømes undre seg over ein internasjonal politikk som går ut på at den eine makthavaren som bryt FN-resolusjonar skal bombast så snart ein får mistanke om at han byter fotstilling, medan andre makthavarar med god røynsle i å bryte FN-resolusjonar i det same området, blir løna med pengar og våpen.
Det er faktisk lenge sia det største hinderet for fred i Midt-Austen har halde til i Bagdad. Da må ein heller leite blant allierte av Noreg og USA inst i Middelhavet.
Audun Skjervøy
|