Dag og Tid nr. 8, torsdag 22. februar 2001
Kronikk:
Forvirringa, forsvaret og freden
Eg skal ikkje gi meg til å overprøve fagmilitære vurderingar som det rett nok synest å stå sterk strid om, men konstaterer at forsvarsminister Bjørn Tore Godals revolusjon ikkje er militær, men politisk. Det verdsbiletet han skisserer, skil seg ikkje på noko punkt ut frå det som er USAs nye fiendebilete, skriv Edvard Hoem.
Fredag i veka som gjekk la forsvarsminister Bjørn Tore Godal fram ein stortingsproposisjon om Forsvaret som ministeren sjølv kalla ein revolusjon. Etter nokre dagar med spreidde protestar frå fagmilitære, opposisjonspolitikarar og krigsveteranar, kan ein vente at revolusjonen vil finne sitt normale norske leie, det vil seia at ordførarane overtar, for å føre ein kamp seg i mellom om kva slags lokale forlegningar og installasjonar som skal haldast oppe og kva som kan bli lagt ned. Spørsmålet om nasjonalt forsvar og suverenitetshevding blir gjort om til eit distriktspolitisk bikkjeslagsmål.
Forvirring
Etter alt å dømme kan dette skje fordi den forsvarspolitiske forvirringa i befolkninga er stor. Er det vits i å bruke 25 milliardar årleg på eit invasjonsforsvar som kanskje aldri kjem til å bli brukt? Det historiske minnet er kort, og blir ikkje betre av propagandaen om at ingen ting er som før i verda. Fedrelandet er i ferd med å bli ein fiksjon, i det minste for ungdommen. Tanken på at Norge kan bli utsett for militære angrep er fjernare enn nokon sinne.
Kva har ein så fått i staden? Eit internasjonalt medvit og ein solidaritet med verdas folk som sprenger landegrensene? Ei internasjonal fredsrørsle som seier farvel til våpna? Nei, så vel er det ikkje. Det som står for døra, er ei tilpassing av norske forsvarskrefter til eit forsvarskonsept der terroristar og røvarstatar utgjer den store faren mot freden.
Tre sentrale element
Norsk radikalisme har ein nesten ubroten tradisjon av skepsis mot alt militært forsvar, og i dag synest ein del av venstresida å ha større sympati for eit internasjonalt aksjonsforsvar enn for eit tradisjonelt norsk vernepliktsforsvar.
Dermed overser ein det dramatiske i den nye forsvarsplanen, som etter mitt syn inneheld minst tre sentrale element:
For det første: Å erstatte vernepliktsforsvaret med ein verva hærstyrke er eit brot med det forholdet mellom folket og dei væpna styrkane som har prega den norske tradisjonen sidan uminnelege tider. Det er ikkje lenger allmenn verneplikt dersom mindre enn halvparten av ungdomsgenerasjonen blir kalla inn til førstegongsteneste. Dette gjeld sjølv om dei som slepp unna blir kalla inn til ei eller anna form for samfunnsteneste.
For det andre: Norge blir ikkje berre ein del av ein felles vestleg forsvarsallianse, men av eit forsvarskonsept som er totalt prega av amerikanske supermaktambisjonar om å slå ned uro overalt på kloten.
For det tredje: Norske offiserar og meinige vil få eit redefinert oppdrag som også fundamentalt endrar det moralske grunnlaget for å delta i væpna kamp. Forsvaret av fedrelandet har til alle tider og for det store fleirtalet hatt noko sjølvinnlysande ved seg som ikkje gjeld for militære oppdrag i det fjerne. Det er Forsvarets identitet som står på spel, motivasjonen for å investere i det, så vel som for å kjempe i det. Det kan vera naturleg å seia at der forsvaret før følgde Øystein Magnusson i hans arbeid for å bygge landet, skal det no følgje Sigurd Jorsalfar på hans ferd for å berge Jerusalem mot dei vantru. Korstoget til det heilage landet verkar ærefullt så lenge det er internasjonal fred og stabilitet det dreier seg om. Men dei operasjonane som norske soldatar i framtida skal delta i ute i verda, vil i beste fall vera tvitydige, i verste fall kan norske
soldatar blir vervesoldatar mot interessene til dei fattige og undertrykte, for stormakts-interesser og moderne imperialisme.
Forsvarsskepsis
Den tradisjonelle forsvarsskepsisen i radikale krinsar i Norge har hatt som utgangspunkt at militære styrkar i krisetilfelle kan bli brukte mot folkeleg oppstand og streikande arbeidarar, noko historia heller ikkje er fri for døme på. Kva skal ein da seia og tru om frittståande elitestyrkar og deira framtidige demokratiske rolle? For ikkje å snakke om at jamvel det formelle skiljet mellom politisk makt og militærmakt blir oppheva, ved at Forsvarets Overkommando blir lagt inn under Forsvars-departementet?
Slik forsvarsministeren ser det, eksisterer det ikkje lenger nokon direkte militær trussel som rettar seg mot Norge fordi den kalde krigen er over ved Sovjetunionens fall. Derimot har det utspelt seg ei rekke alvorlege konfliktar i Europa, skriv han. Regjeringa reknar det som svært lite sannsynlig at Norge blir invadert. Målet for forsvarspolitikken blir da å sikre ein langsiktig handlefridom som den noverande forsvarsstrukturen ikkje gir plass til.
USAs nye fiendebilete
Eg skal ikkje gi meg til å overprøve fagmilitære vurderingar som det rett nok synest å stå sterk strid om, men konstaterer at Godals revolusjon ikkje er militær, men politisk. Det verdsbiletet han skisserer, skil seg ikkje på noko punkt ut frå det som er USAs nye fiende-bilete. Trugsmålet mot den evige freden kjem ikkje lenger frå eit vondskapens rike, Sovjetunionen, som er ute etter å krenke det frie Vestens demokratiske ideal. I dag kjem faren etter det amerikanske synet frå ei rekke med internasjonale kjeltringstatar som kan slå til med terror kvar som helst på jorda, eller frå politiske despotar som Milosevic og Saddam Hussein.
Er dette så uomtvisteleg at ein må innrette det norske forsvaret etter det? Aldri har det vore vanskelegare å svelgja påstanden om at det som er godt for Amerika, er godt også for oss. Dei fundamentale år-sakene til at krig oppstår er ikkje religiøs fanatisme eller despotiske herskarar, men sosial ulikskap, audmyking av folkeslag, etnisk uro, strid om ressursar og landområde, kolonial og nykolonial utbytting. Denne tilstanden er ikkje avskaffa, derfor er tida for den evige freden heller ikkje inne.
Illusorisk suverenitet
Vi som gjekk mot norsk EU-medlemskap, gjorde det i håp om at Norge skulle opptre med ei eiga røyst i internasjonale fora mot supermaktinteressene til EU og USA og for ein meir rettferdig verdsorden, politisk og økonomisk, enn den vi har i dag.
Det nye forsvarskonseptet vil gjera den politiske suvereniteten vår enda meir illusorisk. Å tala med ei sjølvstendig røyst inneber ikkje at ein trur ein kan greie seg aleine, men det krev i det minste at ein meiner det finst ein nasjonal suverenitet og eit territorium som ein har eit særskilt ansvar for å forsvara, og at det er verdifullt at ein forsvarer det.
Forsvarsministeren seier: I dag er ingen direkte trusler rettet mot Norge. Setninga skaper ubehag fordi den verkar som eit historisk ekko. Det same kunne med like god grunn seiast da nedprioriteringa av det norske forsvaret sette inn på slutten av 1920-talet. Få år seinare vann Hitler ein knusande valsiger og faren for ny storkonflikt i Europa var eit faktum. Forsvaret må basere seg på at det faktisk er noko som er verd å forsvare, og at det er noko som det i ein annan politisk situasjon kan vera attraktivt å angripe.
Globale strategiar
Det nye Russland er inne i ei djuptgåande økonomisk krise og prega av politisk ustabilitet. Det nye amerikanske regimet vil gjennomføre eit forsvarsprogram basert på strategiske vurde-ringar som det er sterk strid om blant dei allierte, og ein aggressiv utanrikspolitikk som blant anna baserer seg på å bombe der det måtte passe når det måtte passe.
Som den mest lydige i NATO-klassen vil Norge vera alliert med desse globale militære strategiane. I tillegg har regjeringa lenge tatt mål av seg til å spela ei spesiell fredsrolle på den internasjonale arenaen. Den oppsiktsvekkande serviliteten utanriksminister Jagland har utvist den siste tida, i forhold til israelske overgrep på den okkuperte vestbreidda og USAs terrorbombing av Irak, er ikkje eit produkt av personleg politisk feigskap, men eit eksempel på korleis det går når eit lite land skal spela fredens vaktar på dei vilkår den einaste supermakta i verda kan godta.
Den utanrikspolitiske handlefridommen til Norge ser ut til å vera mindre enn nokon gong. Så langt har medlemskap i Tryggingsrådet og formannskapet i sanksjonskomiteen for Irak gjort Norge til ei nikkedokke i ein amerikansk strategi. Da er det kanskje ikkje så merkeleg at den same tenkinga også gjennomsyrar haldninga til forsvaret av norsk territorium og norsk suverenitet.
Geopolitisk plassering
I staden for meir eller mindre kvalifiserte spekulasjonar over korleis den tryggingspolitiske situasjonen vil arte seg om ti og tjue år, burde ein kanskje ta utgangspunkt i behovet for eit nasjonalt forsvar og kva ein faktisk ønsker å verne om. Den geopolitiske plasseringa til fedrelandet endra seg ikkje med Sovjetunionens fall. Framleis har landet ei ufatteleg lang kystlinje, ti-tusenvis av kvadratkilometer med havområde og eit skiftande og tynt busett landområde å verja. I tillegg til dette kjem den politiske suvereniteten innanfor dei alliansar som landet til kvar tid er deltakar i. Når regjeringa vil legge ned Forsvarets Overkommando og gjera forsvarssjefen til ein etatsjef i Forsvarsdepartementet, er det ut frå ein politisk visjon om at Norge er ein forsvarpolitisk del av eit større apparat i Europa, der vår rolle primært er å kunne treffe militære avgjerder i samarbeid med andre land i EU og NATO, og på
kort varsel. I forlenginga av dette kan ein lett sjå for seg at forsvarspolitikken blir avgjort i fora der Norge i beste fall er ein sentral observatør så lenge vi står utanfor EU. I så fall vil Godals omstrukturering av forsvaret gi argumenta for norsk EU-medlemskap større tyngde. Jo meir suverenitet i forsvarsspørsmål ein overdrar til andre, jo tyngre er argumentet om at ein må innta plassen der det verkeleg skjer.
Edvard Hoem
|