Dag og Tid nr. 8, torsdag 22. februar 2001

Frå Garborg-arkivet:
Filistrarne


rasar. Handelsmenn og “sjømenn” (?) held møte um Wergelandsfesten og snakkar slik, at det er reint dyndlegt å høyra på. Det er ei fåkunna og eit trongsyn som gjeng yver alle merkje.

Og so innbiller desse folk seg, at dei hev rett til å vera med å halda fest for Henrik Wergeland, Henrik Wergeland, som var so fri og stor og ærleg i alle sine tankar, at dei “intelligente” hatad han likso rasande som dei no hatar Bjørnstjerne Bjørnson!

Hadde Wergeland livt i Dag, – dei same kjøtsjælerne, som no stend og yler mot Bjørnson, vilde då ha kastat stein på Wergeland.

No kalkar dei gravi hans. Og no tek dei han og brukar han mot Bjørnson, liksom dei brukar den “gamle” Bjørnson mot den “nye” Bjørnson, og liksom dei eingong vil bruka heile Bjørnson mot den næste storskalden, me fær, – dersom hellest eit slikt folk fær fleire store menn og skaldar! –

Desse mennerne vil no halda fest for Wergeland. Dei stend og kastar stein etter fristatstanken, som Wergeland elskad heile sitt liv; dei stend og kastar stein etter norskdomen, som Wergeland elskad yver alt; dei stend og kastar stein etter ånds- og ytringsfridomen, som for Wergeland var mannens dyraste rett; dei stend og yler mot landsens største skald, fordi han er ærleg mann og ikkje stikk sine tankar under stol, – ei framferd som Wergeland ville ha skjemst av å sjå på; dei rasar mot Norigs trifargade flagg, som Wergeland song so fagert um; dei slåst som galne for absolut kongeveto i mest alle saker, og mot den 17de mai, som Wergeland “innstifta”; dei hatar alt, som Wergeland elskad, vil hava fram det, som var Wergeland mest imot, og forstend ikkje ein einaste av hans store tankar, – og so vil dei vera med og halda fest for mannen, ja ikkje nok med det, for det fekk dei få lov til; men dei vil rå for, korleis den festen skal vera, rå for, kven som skal tala der, og kva der skal segjast og ikkje segjast. Det er filistrarne, som vil halde fest ikring Norigs heilage ark, det grunnlovens tavlur ligg og heile vår folke-arv frå 1814. –

– Å nei, so ille gjeng det no ikkje. Dei veit, kva dei vil, men dei veit ikkje, kva dei fær. Det einaste dei hev magt til, det er – å halda seg sjølve burte frå festen, og det gjer dei just rett i. For der hev dei ingen ting å gjera, slik som dei no viser seg å vera laga. Og ingen ein vil sakna dei der.

Studentarne møter fram; arbeidarane likeso. Og so kjem bønderne. Når dei tri lagi møter upp, so vil Henrik Wergeland vera fornøgd. Han vil ikkje sakna dei ylande og puksteinkastande filistrarne han helder. Han var aldri nokon ven av råskapen i glacéhanskar elder av fanatismen i fint bind. Han elskad ungdommen, bønderne og arbeidarane, – og dei elskad honom igjen. Det er dei, som vil møtast med Henrik Wergeland den 17de, førde av den store fridomsskalden vår no: Bjørnstjerne Bjørnson. – So skal det vera.

Fedraheimen, 7. mai 1881

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |