Dag og Tid nr. 8, torsdag 22. februar 2001

Film:
Spekulativ oppfølgjar

At Jodie Foster ikkje ville vere med på denne spekulative oppfølgjaren til
Nattsvermeren, er ikkje vanskeleg å forstå.

Hannibal
Regi: Ridley Scott
USA 2000
 

I debatten om den frisleppte japanske filmen Sansenes rike har det vore argumentert sterkt for dei kunstneriske kvalitetane i verket. Utan å ha sett han, er eg viss på at argumentasjonen har meir for seg der enn når det gjeld Hannibal.

Denne filmen opplever eg utelukkande som ein billeg, spekulativ oppfølgjar som først og fremst skal ri på suksessen til Nattsvermeren. Det var eit nattsvart psykologisk drama som vart bore fram av den “fatale tiltrekkinga” mellom det menneskeetande dyret Hannibal og FBI-agenten Clarice Starling, med Anthony Hopkins og Jodie Foster i hovudrollene. Som kommentar til at ho trekte seg frå Hannibal, sa den aldrande produsent Dino De Laurentiis at “ho treng filmen meir enn vi treng henne” (Time). “Eg trur ikkje ho er den rette for denne filmen. Vi har ei annleis historie, ei mogen kvinne med sex appeal (!), og eg trur ikkje det er rett for Jodie Foster”. Konklusjonen deler eg fullt ut, men forhistoria til Hannibal-filmane seier meir om motivet bak denne, som faktisk er den tredje av dei.

Suksess etter fiasko

Filmane byggjer på bøkene til Thomas Harris. Den første er den heller ukjende Den røde drage (1983), der filmversjonen til produsent De Laurentiis (Manhunter) “didn’t perform at the box office”, som er Times seiemåte for at han ikkje gav pengar i kassa. De Laurentiis hadde førsteretten til The Silence Of The Lambs (Nattsvermeren), men sa han frå seg, noko han slett ikkje likar å bli minna på. Men då Harris etter mykje mas vart ferdig med Hannibal i 1999, kjøpte De Laurentiis filmrettane sporenstreks for ti millionar dollar. Men boka overtydde den Oscar-vinnande Nattsvermeren-regissøren John Demme like lite som han fall i Jodie Foster sin smak. Men så las Ridley Scott boka mens han heldt på med Gladiator, og dermed var det gjort. (Det høyrer med til soga at De Laurentiis no vurderer ei ny filmatisering av den første fiaskoen, Den røde dragen).

Konservator Hannibal

Etter alle desse år møter vi att Hannibal Lecter som ein slags konservator i Firenze. Det vil seie, først møter vi eit tidlegare offer, ein styrtrik mann med vansira andlet som så vidt overlevde eit møte med Hannibal, og som vil ta hemn med å gjere han til mat for spesialtrent villsvin frå Sardinia. Som lokkemat vil han bruke FBI-agent Clarice Starling, no spela av Julianne Moore. Dessutan er det lagt ut ein milliondusør på nettet, noko som kjem politimannen Rinaldo Pazzi i Firenze for auget. Han bestemmer seg for å ta saka i sine eigne hender, noko han sjølvsagt ikkje skulle ha gjort. (Ray Liotta som usympatisk FBI-mann går det endå verre med). For vår mann får ferten av kva som er i gang, og lik ein sovande agent vaknar kannibalen til liv, luktar nytt kristen manns blod, og vi er i gang.

Spekulativ suppe

Lesarane av romanen, eller dei som har høyrt om han, vil forvente seg spesielt mykje av eit måltid på slutten. Korleis det er løyst i filmen, skal vi ikkje røpe her. For meg er det nok å slå fast at den psykologiske thrilleren Nattsvermeren har blitt avløyst av ei spekulativ blodsuppe som ikkje har anna føremål enn akkurat det, å sjokkere gjennom å tøye grensene for kva vi kan tole av å sjå på matfatet. Dermed blir også FBI-agenten berre eit åtsel i ei rolle der Julianne Moore ikkje når Jodie Foster til oklene (!). Kulturkollisjonen kjem på ein bisarr måte til syne når det er stemma til Moore vi høyrer på “gamle” opptak av samtalar frå sist mellom Hannibal og Clarice.

Denne patetiske måten å kompensere for Jodie Fosters sorti på, seier det meste om De Laurentiis-fråsegna om at “ho treng filmen meir enn vi treng henne”.

Det er ikkje anna att av det gamle meisterverket enn at slutten også denne gongen sjølvsagt opnar for ein oppfølgjar. Det avgjerande spørsmålet er berre om det kling Hannibal-pengar nok i kassa.

 Roald Helgheim


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |