Dag og Tid nr. 8, torsdag 22. februar 2001
Bøker:
Den vanskelege nr. 2
Liza Marklund når ikkje opp til debuten, men greier seg likevel bra gjennom den vanskelege andre boka.
Liza Marklund:
Studio Sex
Omsett av
Kari Bolstad
Aschehoug
Liza Marklund skrur tida attende i den andre romanen om reporteren Annika Bengtzon i Kvällspressen. Etter kanondebuten Sprengeren lagt til eit framtidig OL i Stockholm, møter vi hovudpersonen Annika Bengtzon som fersk sommarvikar i avisa i Studio Sex. Vi er på den tida då den seinare Telia-minister Björn Rosengren som fagforeiningsleiar brukte forbundskortet på pornoklubb. Då IB-saka eksploderte på ny hos søta bror, og den gamle partisekretær Sten Andersson under tittelen Med IB slost vi mot diktaturet skreiv sin store artikkel i Expressen: Vi har inget att skämmas över. Inget att dölja.
I kjent farvatn
Som journalist var Markhus sjølv med på å felle Rosengren då ho fann ei kvittering. Difor er ho i kjent farvatn når ei kvittering frå pornoklubben Studio Sex peikar ut ein minister som mistenkt i ei drapssak. På ein kyrkjegard finn dei ei ung kvinne frå klubben valdteken og myrda. Den ferske vikaren Annika Bengtzon vil bort frå både bygda og kjærasten, og eit skup vil komme godt med for framtida. Saka er politisk brennheit, midt i innspurten på ein valkamp. Etter kvart kjem soga om ein sårbar reporter i møte med eit knallhardt tabloidmiljø i framgrunnen. Ho følgjer eit instinkt som kolliderer med blodtåka på desken. Kva ein dagbokliknande tekst i boka har med saka å gjere, sjå det er forundringspakken i eit drama der IB-saka også får ei rolle.
Journalistdriv
Med ein journalistbakgrunn frå mange typar media er Liza Marklund på heimebane. Grunnen til suksessen er lett å sjå. Ho stuper inn i slike saker som media sel som varmt kveitebrød til hopen, og sjølv om handlinga er ekstremt journalismefokusert, har også det blitt salsvare i vår tid, for den mest sjølvsentrerte yrkesgruppa under sola. Som ytre ramme rundt eit drama på eit djupare plan skildrar ho det med driv. Men romanen er lang, og ho greier ikkje å halde koken like bra som i den gnistrande debuten. Etter planen skal Liza Marklund skrive fem romanar med Annika Bengtzon i hovudrolla. Og ho kom seg trass alt bra gjennom den vanskelege bok nummer to.
Roald Helgheim
|