Dag og Tid nr. 7, torsdag 15. februar 2001

Roald Helgheim:
Den store samanhengen

Etter at Dagsrevyen utan kommentar let nazisten Tore Wilhelm Tvedt fortelje at jødeutryddinga var oppspinn, vedgjekk nyhendesjef Viggo Johansen at “vi burde hatt en kommentator i studio som kunne satt innslaget inn i en sammenheng.” (Aftenposten 11. februar) Skulle ein slik samanheng vere å fortelje at nynazisten var ein løgnar og historieforfalskar? Reaksjonane etter programmet var dei same som då Laurdagsrevyen let ei gruppe svenske nynazistar vise nazihelsing til det norske folk, som avslutning på eit program der dei ikkje berre la fram sitt forkvakla historiesyn, men også kunngjorde at dei ikkje angra på rasistiske drapshandlingar.

Reaksjonane var som ein måtte vente. Historikar og Nobel-direktør Geir Lundestad kallar det nazi-reklame i NRK. Viggo Johansen forsvarar seg i eit større intervju i Aftenposten søndag. Gjennomgangstonen er at det er viktig å vise fram den usminka røyndomen, og ingen kan vere tvil om kvar NRK står. At det hadde noko med kampen om sjåartala å gjere, nektar han, og Dagsrevyen har ikkje blitt tabloidisert. “Vi lager en dypere journalistikk i dag enn noen gang tidligere”.

Akkurat det kan vi meine så ymse om, men om vi går med på premissen, at det er viktig å vise røyndommen som han er, kva “samanheng” skal ein setje det inn i? Ville det ha effekt om nokon etterpå sa at desse galningane driv historieforfalsking, eller skulle NRK balansere med ein dokumentar om Holocaust? I røynda er spørsmålet om nynazistar noko ein går i offentleg ordskifte med. Kven ville vere med på eit debattprogram med dei? Dei fleste ville avslå med grunngjevinga at det er å legalisere dei og gjere dei stovereine som “seriøse” politiske diskusjonspartnarar.

Lengst i eit slikt “legaliserande” syn gjekk historikaren Hans Fredrik Dahl nyleg, og reaksjonane let ikkje vente på seg då heller. Men det er det dilemmaet alle som driv journalistikk om spørsmålet, er i. Ikkje om ein skal vise fram “røyndommen”. Pioneren i det arbeidet var Per Øyvind Heradstveit, som i fjernsynsprogrammet “På Sparket” 29. juli 1975 for første gong let norske nynazistar og høgreekstremistar presentere seg på skjermen. I siste augneblink vart demonstrantar som trengde seg inn i fjernsynshuset under sending, stogga. Her må vi skyte inn at sjølv om dåtida sine høgreekstremistar var runnen av den same ideologi, ville dei ikkje utan vidare stå fram som så reindyrka hitleristar og holocoust-nektarar som nynazistane utan å blunke gjer det i dag.

Neste milepåle var serien “I solkorsets tegn”, ein seriøs dokumentarserie i 1981 om Nasjonal Samling, der straffedømde nazistar også fekk vere med. Reaksjonane både frå motstandsfolk og mange venstreradikale var obligatoriske, mot at straffedømde nazistar skulle få framstille saka si. I dag verkar eit slikt syn anakronistisk, nettopp fordi det var eit program der det som kom fram, vart sett i ein samanheng. Spørsmålet er: Kva er samanhengen i dag?

Den dagsaktuelle samanhengen er eit rasistisk drap i ein norsk drabantby. Ikkje det første i sitt slag i Norge, men utan tvil det som har skaka nasjonen mest. Samstundes framstår den nynazistiske rørsla bak slike handlingar som meir valdeleg, ekstremt rasistisk og hitleristisk enn nokon gong før. At journalistikken i den same epoken allment har utvikla seg i ei meir sensasjonsprega og tabloid retning, er noko ingen medieinteressert person kan nekte for. Når politisk ekstremisme og tabloid skup-journalistikk går opp i ein høgare einskap, er det difor ei blanding meir eksplosiv enn nokosinne.

Det er denne spegelen dei store nyhendeformidlarane må sjå seg sjølve i, når dei kåserer om å vise røyndommen som han er. Då er det skilnad på nazijournalistikk som skup(25 år etter Heradstveit!), og ein type journalistikk som til dømes går ut på å avsløre omfanget av nynazistisk og høgreekstrem verksemd i Norge, med eller utan deltaking frå dei impliserte.

Men skal vi snakke om journalistisk samanheng i ei tid som dette, er det gnistrande utspelet frå artisten og redaktøren Shabana Rehman i Dagbladet og bladet Fundamental i veka som var, mykje viktigare no. I ei tid då berre negative, sensasjonelle og ekstreme nyhende er dei verkelege nyhenda, blir også fokuseringa på det fleirkulturelle Norge deretter. “Folket lever i et flerkulturelt samfunn. Men ikke mediefolket”, skriv Rehman. Ho var åleine som farga i ein haug kvite nordmenn som diskuterte Holmlia i eit fjernsynsprogram. Mens samfunnet ropar etter norskkunnskapar, er det plenty av taleføre, farga nordmenn media ikkje er interesserte i, om det ikkje er ein samanheng av negativ merksemd. Kari Vogt har skrive bok om eit muslimsk samfunn midt i blant oss som er ukjent for folk og journalistar flest. Partiet Høgre sitt første politiske utspel etter Holmlia er at fire år gamle innvandrarbarn skal språktestast.

Slik er media enno prega av at det er “innvandrarane” som er problemet, ikkje rasismen i Norge. Og mediefolk, dei “omgås mennesker som er prikk lik dem selv. Den eneste ‘utlendingen’ de kjenner er han som serverer dem 17 halvlitere på fredagskvelden”, skriv Shabana Rehman. Leitar du etter ein samanheng, er han ikkje vanskeleg å finne.

Roald Helgheim


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |