Dag og Tid nr. 7, torsdag 15. februar 2001

Dramatikk:
Den niande Shakespeare

– Ein set ikkje om Shakeæspeare for å verta sett, men det er svært tilfredsstillande arbeid. Eg vonar at Gud og nokre få i fagmiljøet ser det, seier Edvard Hoem – og ler.

OTTAR FYLLINGSNES

I fjor haust gav han ut romanen Frøken Dreyers musikkskole, og det var premiere på teaterstykket Hyrdehistorier i Jakobs kirke i Oslo. Både bok og drama fekk fyldig omtale i media, men Hoem kom også med ei ny omsetjing av Shakespeares drama As you like it. I Hoems gjendikting heiter det Som du vil.

Berre dei færraste registrerte denne boka blant alle fjorårsbøkene. Og slik er det som oftast; den omsette dramatikken får ingen omtale i media.

Edvard Hoem byrja med Kong Lear for 20 år sidan. Den første meldinga av boka kom for kort tid sidan, og ho var skriven av Henning Hagerup i Shakespeare-tidsskriftet.

– Set ein om dramatikk til nynorsk, vert det lagt merke til, men det skjer kanskje 20 år etter at boka har kome ut, seier Edvard Hoem.

Ni skodespel

William Shakespeare er den mest spelte dramatikaren i verda, og litteraten Harold Bloom har omtalt han som sjølve målestokken; ein som står i sentrum av den vestlege litteraturtradisjonen.

– Tekstane til Shakespeare inneheld ein slags “strangeness”. Dei er både einsarta og særarta, og den som arbeider med dei, lærer i alle fall seg sjølv betre å kjenna. Hjå Shakespeare finst det ikkje to stykke som liknar. Atmosfæren skiftar frå det eine stykket til det andre, seier Hoem.

Så langt har han gjendikta ni av Shakespeares skodespel: Kong Lear (-81), Romeo og Julie (-85), Kjøpmannen i Venezia (-90), Troilus og Kressida (-94), Othello (-96), Når trollet skal temmast (-97), Richard III (-98), Macbeth (-99) og Som du vil.

Shakespeare har skrive 37 – eller 38 – skodespel. Førebels veit ikkje Edvard Hoem om han skal gå vidare i forfattarskapen. Både Det Norske Teatret og Oktober forlag har støtta omsetjingsarbeidet økonomisk, og det er opp til dei å avgjera om fleire av dei klassiske tekstane skal gjerast tilgjengelege på eit minoritetsspråk.

Hoem omtalar omsetjinga av Shakespeare som ein lidenskap som dette samfunnet nesten ikkje har råd til.

– For den som skal setja om dramatikk, er det viktig å ta omsyn både til det munnlege og det litterære. Ein får mykje att for å arbeida med Shakespeare, men det er ikkje så lett å finna økonomi i omsetjingsarbeidet. Ein treng å ha både forlag og teater i ryggen. Shake-speare vert eg aldri ferdig med, men omsetjinga er tidkrevjande. Difor veit eg ikkje om det vert fleire omsetjingar.

No arbeider Edvard Hoem med Shakespeares sonettar, men enno er det usikkert om dei vert gjevne ut. Så langt finst ikkje dei 154 sonettane i samla utgåve på norsk.

Tida er nådelaus

Her i landet er det fleire som har lagt mykje arbeid ned i Shakespeare-omsetjingar, og det finst fleire nynorske utgåver. Henrik Rytter sette om heile 23 av skodespela.

– Rytter skapte eit språk like mykje som han sette om. Han fletta inn bygdemålet i omsetjingane, men i dag er dei ubrukelege og vanskelege å revidera. I nyare tid har Hartvig Kiran sett om både Hamlet og Macbeth. Språket i Macbeth er både vakkert og etterretteleg. Ja, det kan verka som Kiran poetiserer og gjer stykket vakrare enn det er. Dessutan har Halldis Moren Vesaas laga ein fin versjon av Ein midtsommarnattsdraum, men tida er svært nådelaus med slike omsetjingar. Språket endrar seg på 25 år. Ein merkar at det har gått ei stund sidan omsetjingane til Halldis Moren Vesaas og Hartvig Kiran vart til, seier Hoem.

Han viser til at språket var mykje meir tabuisert for 30-40 år sidan enn det er i dag. Synet på kva som er grove ord, har endra seg, men det finst også døme på at slikt som var tillate før, ikkje er det i same grad lenger. I dag verkar det til dømes gammaldags å snu på setningsledda.

I Kjøpmannen i Venezia heiter det: “I never merry, when I hear sweet music”. Henrik Rytter sette om på slik: “Glad blir eg aldri når ljuv musikk eg høyrer”. Hoem har sett om dette viset: “Eg sjølv blir aldri glad av søt musikk”.

Omsetjingane til Hoem er nært knytte til originalteksten. Ønsket er å få til ei omsetjing som er universell og som uttrykkjer det same både på norsk og engelsk.

Det er heile prosjektet. Når ein diskuterer Shakespeare med utlendingar, skal ein vita at ein diskuterer det same, men det er fleire måtar å setja om på. André Bjerke tok seg fridomar og briljerte gjerne med rima. Dermed kunne han laga komediane svært slåande, og dei vart svært typiske for nett han.

Den tredje versjonen

For ein Shakespeare-omsetjar er det viktig med gode redaktørar og konsulentar. Her i landet er det ikkje mange som har gode kunnskapar i renessanse-engelsk, men dei finst – og hjå dei har Hoem søkt hjelp. Det finst også vitskaplege bøker som drøftar og forklarar kvar einaste line hjå Shakespeare. Dessutan er det god hjelp i omfangsrike ordbøker.

Mange har fått møta Shakespeare gjennom Edvard Hoems omsetjingar. For tida vert Romeo og Julie spelt på Det Norske Teatret. Der nyttar dei Hoems tredje versjon av skodespelet. Han vil ikkje kommentera ei oppsetjing der han sjølv har sett om teksten, men seier kort:

– Stykket tek seg kraftig opp. Det er mykje fint i det, og det er tydeleg at det gjer inntrykk på ungdommen. I denne versjonen kan ein sjå eit nytt ungdommeleg og gestisk språk; eit nytt kroppsleg uttrykk over ein klassisk tekst. I Romeo og Julie vert språket sett på prøve. Pappspråket duger ikkje i eit slikt stykke. Det gjeld ikkje berre det enkelte ordet, men heile språktonen.

Hoem framhevar Othello og Macbeth som dei to beste av Shakespeares teaterstykke.

Kong Lear er den beste boka, og kanskje det beste teaterstykket, men det er vanskeleg å setja opp. I grunnleggjande forstand handlar det om lagnaden til mennesket. Når kong Lear misser kongemakta, går det utover den menneskelege statusen og verdigheita. Heile stykket er ein enorm einetale. Det er sterkt. Når du les det, er det nesten som å forfrysa fingertuppane på kaldt stål – og huda vert sitjande att.

På engelsk og norsk

I Hoems omsetjingar av Macbeth og Som du vil finst den engelske teksten på den venstre sida og den norske på den høgre.

– Slik bør det vera, meiner Edvard Hoem.

Han viser til at me er i globaliseringa og internasjonaliseringa sin tidsalder, og folk slår seg ikkje lenger til ro med å få teksten i omsett form.

– Lesarane vil ha stort utbytte av å få tekstane på båe språka. Dessutan kan dei sjå gjendiktaren i korta. Finn dei ei betre løysing, er det greitt for meg. Truleg vil dei oppdaga at det ikkje er lett å setja om Shakespeare, seier Hoem.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |