Roald Helgheim:
Rasisme og vald

Eit rasistisk mord har skaka nasjonen. Men det er ikkje det første. For to år sidan vart Arve Beheim Karlsen jaga i døden i Sogndal, mens mange stod og såg på. Det hende etter lang tids rasistisk mobbing på skulen i ei anna bygd, som han til slutt måtte flytte frå. Det rasistiske mordet i Oslo kjem i kjølvatnet av andre valdshaldningar som ikkje har hatt noko spesifikt rasistisk tilsnitt. Dei blir no blanda saman på ein måte som kan verke tilslørande. Det viktig er at nynazistiske miljø lenge har terrorisert Oslo-bydelar, og at innvandrarpolitikarar og profilerte antirasistar i lang tid har motteke rasistiske drapstruslar, utan at det har vore gjort noko vesen av det. Ein av dei er Khalid Mahmood, den tidlegare Høgrepolitikaren som no er aktiv i Ap, som i morgonradioen stod fram og fortalde om nye trusselbrev. Mahmood er den modigaste politikaren som har teke sete i eit norsk bystyre. Han utløyste ikkje berre fråden rundt munnen til Carl I. Hagen då han torpederte H/Frp-koalisjonen sin innvandrarrekneskap. Han måtte stå opp mot sitt eige parti, det no så innvandrarvenlege Høgre, som var klar til å ofre han for å kunne sluke den rasistiske Frp-kamelen.

Når det alltid er grunn til å minne om dette, er det fordi sjokket, raseriet, fortvilinga og den trugande maktesløysa også må vere ein spore for denne nasjonen til å gå i seg sjølv. Det er vel og bra at politikarar står fram på rad og seier at no må vi slå hardare til mot nynazismen, vi må senke terskelen for å fengsle dei, som politimeister Gjengedal seier til Aftenposten, eller vi må forby dei, som kulturministeren seier. – Vend deg ikkje ryggen, jag dei vekk, skriv ein elles sindig politisk kommentator. – Null toleranse mot valdsbruk, seier statsministeren. Men med rasismeparagrafen og straffelova har politi og påtalemakt lenge hatt nok juridisk ryggdekning til å slå ned på både den rasistiske og kriminelle verksemda dei nynazistiske miljøa har stått for, og som politiet har kjent til. Kva slags terskel er det politiet vil ha? Kva paragrafar er det politikarane ønskjer seg, som dei ikkje har?

 

Rasistisk vald er ikkje nytt i Norge, og det har vore eit tidsspørsmål før det, som i Sverige, ville ende med drap. Men er det nokon av politikarane som spør seg sjølve om dei er medskuldige i å skape eit politisk klima rundt innvandrarspørsmålet som gjorde dei dødelege knivstikka i Holmlia moglege? Ikkje uventa er ein politikar og ute og gir Frp skulda for rasisme og framandfrykt. Javel, men i kampen for å bli stovereint nok til å sitje ved Kongens bord, har dette partiet blitt dyrka av media, og med den storleiken det har, er det eit parti alle dei andre må ha eit tilhøve til. Kjem nokon av dei til å endre haldninga si til partiet? Ikkje i det heile tatt, men no er det sesong for å kome med fråsegner som er gløymde i morgon.

Dette er inga undervurdering av det sjokket drapet i Holmlia har skapt. Men det er ei farleg tilsløring når drapet blir sett i samanheng med ei allmenn «valdsbølgje», som ein del media påstår fløymer over landet. I Norge går det meste av valden framleis føre seg i heimen. Det som har blitt meir synleg i gatene, er ei valdsutvikling der svært unge og folk med innvandrarbakgrunn er med, av den grunn at nasjonen har fått mange nye landsmenn. Men har politi og påtalemakt vore like mykje på alerten med å åtvare samfunnet mot dei nynazistiske valdsdyrkarane, som dei har vore med å krevje at innvandrarmiljøa kollektivt skulle stå skulerett for den valden einskildpersonar derifrå utøvde? Dette er problem innvandrarmiljøa arbeider med heile tida. Når dei attpåtil viste ansvar og gjekk ut og demonstrerte mot utviklinga, var det ei viktig handling. Men det var også bekvemt for ein del skinheilage politikarar til å sole seg i glansen av.

I den store samanhengen er Norge enno ein uskuldsrein nasjon. Når kommentatorar påstår at New York har tatt knekken på den valden vesle Oslo ikkje greier å rå over, er det grunn til å minne om at USA endeleg har gjort det historiske spranget å passere Russland i kappløpet om den største fangetettleiken. Av 100.000 innbyggjarar er over 700 bura inne i fengsel, mot 56 i Norge. Det gamle Gulag-landet Russland ligg litt under. Der har kurva flata ut, men begge er i særklasse i verdsmålestokk, uansett kva land eller kontinent ein samanliknar med. For dei svarte i USA er talet mykje høgare, og i Bush-land går kurvene berre ein veg. Målt med alle mål er det landet ein del kriminalpolitikarar likar å halde opp for oss, vår tids Gulag.

Som fleirkulturell nasjon er det kvite Norge også på nybyrjarstadiet, med ei historie som gjer oss til eit av verdas «reinaste» samfunn. Det har aldri vore lett å vere annleis i Norge, som det stod i programheftet til det gripande stykket Tater, som nyleg gjekk på ei scene i Oslo.

I dette «uskuldige» landet er det difor enno tid til å områ seg, til å gje den politiske og samfunnsmessige utviklinga ei ny og betre retning. Det er dette ansvaret slike grufulle hendingar stiller oss andsynes, og ikkje til kortsynte politiske utspel som oftast er ei ansvarsfråskriving.

Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |