Dag og Tid nr. 5, 1. februar 2001

Leiar:
Skal vi forby det forbodne?

Det er forbode å drepa i Noreg. Det er forbode å oppmode om å drepa. Det er forbode å håne og forfølgje menneske på grunn av tru, hudfarge, eller på grunn av nasjonalt eller etnisk opphav. Likevel vil kulturminister Ellen Horn ha eit forbod mot nynazistiske organisasjonar. Det er vanskeleg å skjøne kva ho reknar med å oppnå. Det er lett å forstå at ho føler seg makteslaus. For er det ikkje typisk dette; når samfunnet blir råka av ei skakande meiningslaus hending, som drapet på Benjamin Hermansen er, får politikarar behov for å vise handlekraft? Og er det ikkje typisk at handlekrafta handlar om å fråskrive seg ansvar, og følgjeleg også å demonstrere rådløyse?

Forbod mot nynazistiske organisasjonar er ingen farande veg, korkje praktisk eller prinsipielt. Prinsipielt fordi det bryt med grunnleggjande rettar i eit demokratisk samfunn. Praktisk fordi det ikkje tek livet av dei kriminelle sidene av nynazismen. I staden støyter eit forbod nynazistane enda lenger ut i utkantane av samfunnet, det forsterkar gruppeidentiteten deira som utstøytte, og følgjeleg styrkjer det også haldningar om at lova ikkje høyrer dei til.

Kanskje er det forståeleg at det etablerte politiske miljøet reagerer slik. Står dei ikkje til knes i ideologisk gjørme sjølve, mange av dei som høyrer til der? For det er vel ingen av dei som trur at nynazistane lever i ei isolert celle av samfunnet?

Diverre gjer ikkje nynazistane det. I staden speglar dei haldningar som er gangbare langt inni stortingssalen og langt ut i samfunnet elles; sjølv om det er ein grotesk karikatur vi ser i spegelen. Framståande politikarar i Fremskrittspartiet har sjølvsagt aldri teke til orde for å ta livet av menneske med anna etnisk opphav. Men den årelange toleranseundergravande retorikken mot «de fremmedkulturelle» har vore næringsrik for dei ekstreme som er villige til å gå så langt som til å oppmode om drap.

Ein kan også trekkje fram korleis så å seia heile det etablerte rikspolitiske miljøet praktiserer og forsvarer ein innvandringspolitikk som – sagt med milde ord – er sterkt diskriminerande overfor menneske frå Den tredje verda – dei såkalla «fremmedkulturelle». Kva ansvar er eigentleg dei «ansvarlege» politikarane villige til å ta på seg?

Dei ulike nynazistiske miljøa er kriminelle bandar. Og vi har allereie lovparagrafar i rikeleg monn til å stoppe dei kriminelle sidene. Men næringa deira, den dei syg frå det etablerte politiske systemet, kva skal ein gjera med den?

Ein tek iallfall ikkje livet av idiotien ved å forby han. Den lever vidare både med og utan lovparagrafar – både innafor og utafor Stortinget.

Audun Skjervøy

Gå i fakkeltog!

Dag og Tid oppmodar alle lesarar i Oslo-området om å vise motstand mot rasisme og vald ved å gå i Antirasistisk Senters fakkeltog i kveld, torsdag 1. februar. Møt opp på Jernbanetorget klokka 18.00!

Audun Skjervøy

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |