Dag og Tid nr. 5, 1. februar 2001

Herbjørn Sørebø:
Mange slag lekkasjar

Det vart mykje oppstyr i samband med lekkasjar i leitinga etter ein ny kringkastingssjef. Nå veit hovudjegeren Steinar Hopland at ei kjelde av og til peikar seg ut sjølv. Kopi av eit oppsummerande og refsande brev til styreformann Torger Reve sende han til statsråd Ellen Horn. Det kom helt uventa på han Steinar Hopland å sjå brevet attgjeve i Dagbladet. Han var utan kunnskap om at brev som blir sende til eit departement, blir journalførte og dermed mat for journalistar som har i oppgåve å passe på statsstyringa. Burde ikkje ein framståande hovudjeger vite det?

Papir som inneheld løyndommar kjem lett på avvegar. Mange gonger har aviser hatt heile framlegget til statsbudsjett før finansministeren har fått presentert det for dei folkevalde. Det har vorte sett i gang jakt på ein syndebukk, men utan resultat. Det er for mange som har tilgang til dokumentet. I eitt tilfelle fekk ein redaksjon lett tak i det. Framlegget til statsbudsjett vart sendt ein ungdomsorganisasjon til fråsegn. I denne organisasjonen var avisa representert med ein av journalistane, og då veit vi korleis det måtte gå, men kjelda for lekkasjen vart aldri funnen. Det som står på papir, kan fort bli allemannseige. Styret i eit konsern som var i vanskar, heldt ein gong eit hemmeleg møte på eit hotell i hovudstaden. Vedtaka på møtet skulle også haldast hemmelege. I ein korridor utanfor møterommet på hotellet var det ein telefonboks. Der fann ein journalist same dagen eit ark med firmamerke og styrevedtaka pent noterte. Styret i konsernet kunne ikkje forstå korleis journalisten hadde fått greie på det han visste.

Tidlegare vart det ofte halde hemmelege møte i Stortinget. Det kunne vere vedtak om avgifter som ikkje skulle gjerast kjende før iverksetjinga var skikkeleg førebudd. Etter eit hemmeleg møte ein gong var det ein journalist som sat med ryggen mot døra i stortingsrestauranten i samtale med finansministeren over kaffikoppen på andre sida av bordet. Rett som det var, kom ein representant bak ryggen på journalisten og spurde muntert: – Kor mykje var det folkevogna skulle koste? – Du får spørje han der, for han veit det vel, svara finansministeren like muntert og peika på journalisten. Det er velkjent at elektronikken kan vere svikefull. Det gjeld difor strenge reglar for bruken av mobiltelefon i regjerings-konferansar. Statsrådane skal passe på å slå mobiltelefonen av i møterommet. Det beste er at dei ikkje har mobiltelefonen med seg. Dette er ikkje noko regjeringa Stoltenberg har funne på. Det var like strengt i regjeringa Bondevik, høyrer vi.

Lekkasjar må vi leve med. Det har vore refrenget i den siste runden om dette emnet. Det er så sant så sant. Vi må nok leve med det. Trygve Bratteli sa då han var statsminister, at skulle han vere viss på å halde noko hemmeleg, så kunne han berre snakke om det under to auge. Når fleire kjenner ein løyndom, er det alltid ein eller annan av dei som snakkar med ein som skal halde det hemmeleg, men fortel det til ein som lovar å halde tett, men ikkje legg det så tungt på seg. Slik kjem ein løyndom på by’n, og slik kjem det alltid til å vere. Det er ikkje alltid av det vonde. Det kan tvert imot vere til det beste for demokratiet. Når lekkasjar har felt presidentar og statsministrar, så har dei falle på gjerningane.

Bak lekkasjar kan det liggje både gode og vonde tankar, og det kan føre både til godt og vondt. Nå i ettertid ser vi klart at lekkasjane frå Reve-styret i NRK truleg berga institusjonen frå ei ulykke. Det må ha lært BI-rektoren, hovudjegeren og fleire ei lekse dei hadde godt av.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |