Dag og Tid nr. 5, 1. februar 2001

Frå Garborgarkivet:
Morgenbladet

er som reven: set han tennerne i eitkvart, so slepper han ikkje taket, so lengje han kjenner det er liv.

Den morgenbladske rivtonni hev no stadet i Hjalmar Løberg heile vika som var, og det gilde bladet hev hogget og rivet so lengje det orkad. Men so underlege er tiderne no, at det ikkje lenger er nokon som skræmest av sovoret. Rivtonni er so utsliti, at ho bit ikkje på lenger. Ja det er nære komet så langt, at det er ei æra å verta glefst etter av vårt store «intelligensblad».

Det er so langt ifrå, at Løberg hev tapt nokot ved å standa i Morgenblads-gapestokken kvar dag, at folk snarare må koma meir og meir til den meining, at den mannen hev voret rangvist medfaren, visst no, kandhenda fyrr – Morgenbladet vil plent hava honom til å leggja sak mot hyljararne sine. Det skulde no vera deira Vilja-Ve’r. Men Løberg må då tenkja som so, at ein kann aldri gjera ei uvyrda verre enn ikkje å svara! –

Stakkar intelligensblad! Det dreg på alderen no, måvita, og vert difyr meir og meir surt og sært. Det er kje no som i dei gode gamle dagar, «då eg var gjenta i dalen», tykkjer Morgenbladet. No vil kvar stakkar hava ei meining, og det er dei fåaste, som bryr seg um det. – Men dei skal ha det att, dei smørtjuvar! tenkjer Morgenbladet, og so ligg det og gryler og glefser best det kann etter alle dei menn, som ikkje er likso gamle og grettne som det er sjølv.

Du høyrer so ofta embættsmenn, skrivarar, futar, sakførarar, ja skrivargutar med, lasta hardeleg på dei frilynde menn i detta landet. Ueland, Sverdrup, Jaabæk, Velde, S. Nielsen, og alle som fyrr og no held med dei, kann lyast ut til å vera berre skarvefantar. Du skal orsaka både embettsmennerne og skrivargutarne: – dei hev sin visdom frå Morgenbladet.

Fedraheimen 15. februar 1879

 

Bjørnson

er hæv i flag-saki. Men det er rart og merkjande å sjå, at den same mannen, som hev so godt syn og hjarta fyr det nationale her, – at han ikkje kann skyna det nationale i målsaki.

Målet er det åndelege nationalflag, og det hev fullt so mykje å segja fyr det folkelege sjølvstende som flaget. Men då det norske målet ikkje er Bjørnsons mål, so ser han ikkje detta.

– Han legg all si magt på å få dei framande fargarne ut or riksflaget, og stor takk skal han hava fyr det. Men på same tid skriv han rame motstrævarstykke og krev, at heile folket skal inn i eit framandt mål. Detta heng i hop som laus sand, elder endå verre.

– Han legg all si magt på å verja vårt folkelege sjølvstende i det politiske, – og stor takk skal han hava fyr det! – Men på same tid er han med på, ja forsvarar med heit hug, den ting, at norigs bokrike den dag i dag hev sin hovudstad i – Kjøbenhavn.

Det utvortes, det politiske, forstend han, og strakst kjem det gode norske hjartat hans upp, og han vert varm og sterk som i gamle dagar. Men det meir innvortes, åndelege, – der kann han ikkje altid vera med; der ligg fyr mange ting i vegen.

Me skal orsaka mannen; men eg trur det er verdt å merkje seg detta.

Fedraheimen 19. mars 1879

Hjalmar Løberg, liberal stortingsmann frå 1868–1882, vart i 1878 dømd for «majestetsforbrytelse» etter ein artikkel i Hardangeren, der han hevda at kong Oskar 2 hadde gjeve ein medalje til ein stortingsmann av politiske grunnar.



© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |