Dag og Tid nr. 5, 1. februar 2001

Film:

Kvinner i sirkel

Korleis kan Iran bli ein filmnasjon? Denne filmen om jaga kvinner er ein del av svaret.

Sirkelen
Regi: Jafar Panahi
Iran 2000

Korleis Sirkelen har passert det politiske nålauget, er i seg sjølv verdt å leggje merke til. For maken til sviande klagemål mot måten kvinnene blir sedde på i samfunnet, skal ein leite lenge etter. Men Iran er altså endå eit asiatisk (og muslimsk) land som brasar inn på den internasjonale filmarenaen med stort sjølvmedvit, og kjemmer heim den eine prisen etter den andre på dei store filmfestivalane, i dette tilfellet Venezia. Det er tankevekkjande at så stor film blir til under slike vilkår, der scene for scene måtte skytast etter særskilt løyve, og det er meir enn ein sensurinstans å gå gjennom før han kjem på lerretet.

– Vi hadde nokre problem, sa regissør Jafar Panahi etter prisutdelinga, som ikkje vil gå gjennom ein slik prosess ein gong til.

Den vonde sirkelen

I Sirkelen følgjer vi ei rad kvinnelagnader gjennom ein film som ikkje er ei samling episodar, men som likevel har eit episodisk preg over seg. Ei kvinne føder ei dotter. Familien får panikk, for kva skal dei seie til svigerfamilien som var visse på å få ein gut? Tre kvinner er ute på prøve frå fengselet, men kva skal pengelause kvinner gjere av seg i storbyen? Ei gravid kvinne som er kasta ut heimafrå av brørne, prøver å få ein illegal abort. Men venninna hennar, som er gift med ein lege, vågar ikkje å hjelpe henne, av redsle for at mannen skal oppdage at også ho har ei fortid. Ei kvinne oppdagar at mannen har gifta seg på ny mens ho sat inne, ei anna har måtta gje frå seg dottera til ein annan familie.

Ei av dei frisleppte kvinnene vil heim til familien utanfor byen, men kvinner kan ikkje kjøpe bussbillett utan vidare. Venninna tyr til drastiske midlar for å skaffe pengar. Endå ei får privat skyss i byen med ein mann, noko du ikkje gjer ustraffa.

Nærgåande realisme

Lagnaden til kvinner som blir trakasserte på hundre og ein måtar, men likevel viser ein ukueleg indre stryke, kryssar kvarandre i denne sterke filmen. Der dei einskilde scenene får eit dokumentariske preg over seg, gjennom den måten kamera heile tida følgjer dei på nært hald, mens livet går uanfekta vidare rundt dei. Alltid på flukt, alltid prisgitt lunene og reglane i eit samfunn som berre fortonar seg som eit stort fengsel. Einskilde menn kan sjå gjennom fingrane og gje hjelp, men nemninga annanrangs er berre førenamnet på ein tilstand som fortonar seg som ein einaste vond sirkel. Det er den nærgåande, lågmælte, men likevel sterke realismen som grip deg i og held deg fast ved denne filmen, fri for kunstige dogme.

Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |