Dag og Tid nr. 5, 1. februar 2001

Film:

Den iranske filmbølgja

Dei siste åra har iranske filmar stukke av med fleire prestisjetunge prisar, og den iranske filmbølgja rullar vidare.

OTTAR FYLLINGSNES

Det er ikkje så mange åra sidan kinesisk film var sjeldan vare, men så kom det fleire gode – og kinesisk film vart synonymt med kvalitet. Sidan har andre markert seg som nye, sterke «filmland».

I 1997 vart Gullpalmen i Cannes delt mellom den japanske filmen Ålen og den iranske Smaken av kirsebær av Abbas Kiarostami. For første gong vann ein iransk film Gullpalmen, og vinnarfilmen vart sett opp på kinoar over store delar av verda. Mange oppdaga til si overrasking av det kom kvalitetsfilm frå Iran, trass i prestestyret.

Dei internasjonale filmfestivalane i Tromsø og Gøteborg har denne vinteren satsa på iransk film. I Ishavsbyen fylte interesserte Fokus kino ein laurdags føremiddag førre veke for å sjå den gripande iranske filmen En tid for fulle hester. Eit par timar seinare kom det like mange for å sjå ein annan persar Jenta med joggeskoene. Nærare 3000 såg dei to filmane i Tromsø.

Lågmælte og vakre

Irans filmhistorie er både stolt og storslegen. På 70-talet skjedde det ei oppbløming, men i 1979 kom Ayatolla Khomeini til makta i Iran, og 400 kinoar skal ha vorte nedbrende. Presteskapet innførte streng sensur, og framleis er sensuren omfattande – om enn ikkje i same grad som i åra etter revolusjonen. På 80-talet var det på nytt liv i den iranske filmen, og no skjer det svært mykje. I fjor vart det registrert 20 debutantfilmar, og filmskaparar fekk for første gong etter revolusjonen laga dokumentarfilmar utanfor fjernsynet og dei statlege institusjonane.

Den internasjonale filmfestivalen i Tromsø viste i januar fem iranske spelefilmar. Denne veka går Gøteborg filmfestival endå lenger og viser åtte nye langfilmar, ein lang intervjufilm og ni korte dokumentarfilmar. Berre ein film, Djomeh, er felles for dei to festivalane, og det seier litt om breidda i den iranske filmproduksjonen. I landet vert det laga kring 70 filmar i året, mange med statleg støtte. Det er om lag ti gonger meir enn det me greier å få til her i landet. Berre på 90-talet skal iranske filmar ha fått meir enn 300 internasjonale prisar.

Det norske filmbladet Film og Kino meiner at den lågmælte humanismen karakteriserer den iranske filmen både før og etter den islamske revolusjonen i 1979.

Alle dei fem iranske filmane som vart viste i Tromsø, er lågmælte og til dels svært vakre. To av dei, Sirkelen, og En tid for fulle hester vert sett opp på norske kinoar. Det skjer neppe med Djomeh, sjølv om Hassan Yektapanah vann Camera d’Or for filmen på filmfestivalen i Cannes i fjor. Djomeh er ein ung afghanar som har fått arbeid på ein gard i ein avsides del av Iran. Han forelskar seg i ei iransk jente, men det er ikkje lett å fri til henne i det konservative iranske samfunnet.

Kiarostami

Like lågmælt er Vinden vil bære oss som Cannes-vinnaren, Abbas Kiarostami (61), står bak. I 1999 fekk han juryen sin store pris på filmfestivalen i Venezia for denne filmen.

Det er ein gåtefull og vakker film, med mange spørsmål som ein ikkje får svar på. Det iranske landskapet kan vera utruleg vakkert, og det medverkar til å gjera denne beskjedne filmen storslegen. Her er det ikkje raske klipp, men lange panoreringar som følgjer bilen og den absurde samtalen fram gjennom landskapet. Nokre menn frå Teheran kjem til den vesle kurdiske landsbyen Siah Dareh, men i filmen møter me berre den eine i følgjet. Kvifor dei har kome til landsbyen går ikkje fram, men dei har interesse av ein mystisk dødsseremoni. Til slutt døyr den gamle, dei tilreisande forlet landsbyen, men kvifor dei kom eller reiste, får me ikkje noko forklaring på. Alt i alt – ein merkeleg og symbolladd film, men politisk kontroversiell er han neppe. Det var Smaken av kirsebær som handla om sjølvmord, som er eit tabuemne i Iran. Kanskje er sensuren årsaka til all den obskure symbolikken i iransk film. For Abbas Kiarostami skal mystisismen ha vorte kunstnarisk metode, hevdar somme.

Kiarostami

Kiarostami studerte kunst ved Faculty of Fine Arts i Teheran. Som 18-åring vann han ein målarkonkurranse, og på 60-talet arbeidde han som designar og illustratør. Han laga reklamefilmar, plakatar og illustrerte barnebøker. I 1969 vart han ein del av eit produksjonskollektiv som vart viktig for suksessen for iransk filmkunst. Internasjonalt fekk Kiarostami eit gjennombrot i 1987, men toppen nådde han i Cannes ti år seinare.

Han har laga fleire av dei beste iranske barnefilmane, og han har vorte samanlikna med Vittorio de Sica, Eric Rohmer og Jacques Tati. Det vert sagt at filmane til Kiarostami er poetiske, mediterande, sjølvreflekterande og stadig meir sofistikerte. Dei blandar fiksjon med fakta på unike måtar. Ofte presenterer dei fakta som fiksjon og fiksjon som fakta.

– Me kan ikkje koma nær sanninga utan å lyga, seier Kiarostami.

Han brukar ofte amatørar i ein nyrealistisk stil, og han har laga filmar både om landsbyfolk, byråkratar og filmmakarar.

Sidan han på 60-talet laga den tolv minuttar lange debutfilmen Bread and Alley, som handlar om ein gut på ein farefull skuleveg, har Kiarostami laga meir enn 20 filmar. Først på 80-talet vart filmane hans viste utanfor Iran. I 1990 opplevde Iran eit stort jordskjelv, og med Jordskjelv-trilogien Hvor er min venns hus? (1987), Livet går videre (1992) og Under oliventrærne (1994) vart Kiarostami kjent i Vesten.

Makhmalbaf

Abbas Kiarostami er den eine av dei to iranske meisterregissørane. Den andre er Mohsen Makhmalbaf (50), og kring desse to blomstra det opp eit driftig miljø som ofte vert samanlikna med det franske filmmiljøet på byrjinga av 60-talet.

Makhmalbaf har laga sitt eige produksjonsmiljø, Makhmalbafs filmhus. Det byrja med ein privat filmskule i eigen heim med åtte familiemedlemmer og vener som studentar. I dag står selskapet til familien oppført som produsent for filmane, som vert finansierte av private banklån, skriv Film og Kino.

Mohsen Makhmalbaf vert rekna som ein institusjon i iransk film, og ikkje mindre enn fem familiemedlemmer lagar film.

Mohsen Makhmalbaf har sjølv laga meir enn 20 filmar og vunne mange internasjonale prisar.

Han forlet skulen då han var 15 år for å danna ei gruppe med religiøse aktivistar som var i opposisjon til sjahen. To år seinare vart han fengsla og berga livet berre av di han var så ung. Under den islamske revolusjonen vart han sett frå fengselet og innsåg at han kunne gå inn i politikken med kunstnariske verkemiddel. Han skreiv noveller, romanar, skodespel og essaysamlingar, før han debuterte som regissør i 1982 – som 31-åring.

Både kona til Mohsen Makhmalbaf, Marzieh Meshkini, og den 20 år gamle dottera, Samira, har vunne internasjonale prisar for filmane sine.

Samira debuterte som 18-åring med langfilmen Eplet som vart vist i Cannes. I fjor delte ho juryprisen i Cannes for filmen Tavlene saman med svenske Roy Andersson som vart prisa for Sanger fra andre etasje. Ho var den yngste Cannes-vinnaren så langt.

Handlinga i Tavlene er lagt til fjellområdet mellom Iran og Irak. Der traskar det menn med digre tavler på ryggen. Som ørnevengjer breier tavlene seg ut og vernar mennene mot den steikande sola. Dei er iranske lærarar som søkjer elevar. Den trøyttande vandringa for å selja kunnskap som ingen vil ha, vert som ein roadmovie til fots.

På filmfestivalen i Gøteborg var det fleire Makhmalbaf-innslag. Dokumentarfilmen How Samira made blackboards er laga av Maysam Makhmalbaf, og han handlar om korleis Samira laga tavle-filmen.

Gøteborg-festivalen viste også den prislønte filmen Hvordan jeg ble en kvinne av Marziyeh Meshkini (31), kona til Makhmalbaf.

– Det finst ein del elementære problem som det austerlandske samfunnet må løysa. Å vera kvinne er eit slikt, seier Meshkini. Som eit innlegg i debatten har ho laga denne filmen som tek for seg tre kvinne-generasjonar.

Også Kiarostami har gjort sitt til å gjera Makhmalbaf udøyeleg. I dokumentarfilmen Close-up frå 1990 har Kiarostami basert seg på verkelege hendingar som endar med rettssak for ein ung arbeidslaus mann som hadde gjeve seg ut for å vera regissøren Mohsen Makhmalbaf. I den siste scena møter Makhmalbaf sjølv opp for å tilgje den stakkars imitatoren, fortel Film og Kino. Gøteborgfestivalen har også hatt intervjufilmen Friendly persuasion på programmet. Der fortel femten iranske filmregissørar om filmane sine, og Moshen Makhmalbaf gjev uttrykk for at «skilnaden mellom iransk film og annan film er som skilnaden mellom ein hamburgar og ein lokal spesialitet».

Ghobadi

Mange festivaldeltakarar i Tromsø meinte at En tid for fulle hester var den beste festivalfilmen. Han fekk ikkje publikumsprisen, men Don Quijote-prisen, som vert delt ut av det internasjonale filmklubbforbundet. Tidlegare er han plukka ut til å representera Iran i Oscar-tevlinga.

Regissøren Bhaman Gobadi (32) er fødd i iransk Kurdistan, og laga på 90-talet ei rekkje kortfilmar. En tid for fulle hester vert rekna som den første kurdiske spelefilmen, men Ghobadi omtalar seg først som iranar og sidan som kurdar.

Han høyrer til dei yngre filmskaparane som er nær knytt til veteranane i iransk film. Blant anna var Gobadi regiassistent på Kiarostamis Vinden vil bære oss , og han spelar ei hovudrolle i Samira Makhmalbaks nye film Tavlene.

I En tid for fulle hester møter me ein syskenflokk utan foreldre i fjellområdet mellom Iran og Irak. Det er vinter, snømengdene er store, og det er ikkje mykje anna å leva av enn smugling. Den tolv år gamle eldstebroren må ut for å skaffa pengar den sterkt handikappa broren og dei andre syskena. Skodespelar-prestasjonane i filmen er rett og slett fantastiske, og inntrykket av dokumentarfilm festar seg lett.

Kvinnene

I dette samfunnet vert jentene gifta bort i ung alder, og den vanskelege situasjonen for einslege kvinnene står sentralt i den sterke filmen Sirkelen (som er meldt ved sida av) og i fleire av dei nye iranske filmane.

Rassul Sadr Ameli (47) har laga både dokumentarfilmar, fjernsynsfilmar og spelefilmar tidlegare. Jenta med joggeskoene, som vart vist i Tromsø, handlar om ei 15 år gammal jente som møter ein jamaldrande gut i ein park. Dei pratar saman etter skulen, og det er nok til at dei vert arresterte. Jenta vert sendt til sjukehus for å sjekka at alt er intakt, men det fører til at ho misser trua både på foreldra og samfunnet ikring seg. Ho forlet overklasselivet og vel eit liv på gata i staden. Den unge skodespelarinna er suveren, og det manglar ikkje på artige episodar sjølv om temaet er alvorleg.

Med andre ord: Iransk film er ikkje synonymt med propagandafilmar som handlar om krigen mellom Iran og Irak. Den iranske filmen er både avansert, variert og spennande.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |