Dag og Tid nr. 2, 11. januar 2001

Jazz:
Kjerstis første songar

Kjersti Stubø går sin eigen veg på stilsikker jazzplatedebut.

Kjersti Stubø:
My Shining Hour
Blue Jersey Records


Verda lærde henne å kjenne då ho «sat inn» med bandet til Herbie Hancock på Kongsberg Jazzfestival i 1999. Ein ting er å vere ein flink norsk jazzvokalist, noko anna er å stille med slik sjølvtryggleik på scena. Men Kjersti Stubø, fødd i Narvik for tretti år sidan, er inga novise i faget. Ho voks opp med jazz i huset, og sjølv om ho var berre seksten år då far hennar, den kjende jazzgitaristen Thorgeir Stubø, døydde, seier ho i dag at han var ei større inspirasjonskjelde enn ho var klar over. Tidleg byrja ho sjølv å syngje standardlåtane bebop-gitaristen var så glad i, og har dedisert plata til han.

Sjølv om ho seinare har vore med i mange slags musikalske prosjekt, valde ho å gå attende til «røtene» då ho skulle debutere på plate. Som vokalist går ho også inn i ein nordnorsk tradisjon der vi også har Marit Sandvik og Inge Stangvik som sterke utøvarar. Stubø – med jazzutdanning frå Trondheim bak seg – var i seks år med i den spennande vokalgruppa Kvitretten, før ho bestemde seg for å finne sin eigen veg. Repertoaret på My Shining Hour er eit utval av dei tidlege songane ho har bore med seg sidan. Det gjeld ikkje minst tittelsongen, som far også hadde på repertoaret.

I bandet spelar Vigleik Storaas (piano), Olaf Kamfjord (bass), Per Oddvar Johansen (trommer) og svensken Anders Bergkrantz (trompet). Det er eit framifrå komp til ein songar som meir let seg inspirerer av jazztrompetisten Chet Baker enn av andre songarinner i jazzklassen. Men kunsten å syngje «scat» (improvisasjon utan ord), det kan ho, noko ho demonstrerer på «It could happen to you». Vakre balladar som «Blame It On My Youth» høyrer også med, på det som er ein stilsikker jazzplatedebut.
Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |