Dag og Tid nr. 2, 11. januar 2001

Noreg-Israel:
Midtausten-bok utan slutt

Hilde Henriksen Waage har granska Norges rolle i Midtausten fram til Oslo-avtalen, men ønskjer ikkje å stogge på halvvegen.

ROALD HELGHEIM

Tysdag presenterte historikaren og fredsforskaren rapporten Norwegians? Who needs Norwegians? for pressa og andre på Institutt for fredsforsking i Oslo. Dagen før hadde ho lagt han fram for oppdragsgjevaren UD. Det er i denne rapporten ho konkluderer med at det er det tette historiske hopehavet mellom Norge og Israel heilt sidan staten vart oppretta, som var avgjerande for Norges rolle. Ikkje tilhøvet til PLO, der Norge i internasjonal samanheng var ei sinke. Dette forstod Yassir Arafat, som i 1979 bad om ein hemmeleg norsk kanal i eit møte med den norske diplomaten Hans Wilhelm Longva.

– Skal du forhandle, må du først og fremst stå på venskapleg fot med den sterke parten, i dette tilfellet USA. Du må vere på talefot med den parten som leverer premissane, sa Waage i eit intervju i Dag og Tid i mai i fjor. Dette forstod Arafat, og UD-rapporten Waage la fram denne veka, stadfestar denne analysen. Jan Egeland, tidlegare statssekretær i UD og sentral under etableringa av Oslo-kanalen, sa etter presentasjonen at han var overraska da han i si tid oppdaga kor rotfesta det norsk-israelske sambandet som først og fremst Haakon Lie hadde bygd opp etter krigen, var. Egeland understreka at Norge si rolle var å tilretteleggje kanalen, men det er USA som sit med bukta og begge endane.

– I AS Fredsprosessen sit USA med aksjemajoriteten, mens Norge kanskje eig ein prosent, sa han.

Lei av glansbildet

Det var i 1998 Hilde Henriksen Waage fekk i oppdrag å presentere ein studie av Norges rolle i Midt-Austen før opninga av Oslo-kanalen. Rapporten var ferdig for ei tid sidan, og først no har han blitt nedgradert til å kunne bli publisert offentleg. I 1998 sa Hilde Henriksen Waage til Dag og Tid at ho hadde sett seg lei på det internasjonale glansbildet som vart teikna av Norges rolle, og ho ønskte å skrive ei bok med utgangspunkt i dette. Frå før hadde ho skrive boka Da staten Israel ble til, som bygde på hovudoppgåva hennar i historie. Boka skildrar dette stridsspørsmålet i norsk politikk frå 1945 til 1949. I 1996 kom boka Norge – Israels beste venn, om tilhøvet mellom Norge og Israel fram til Suezkrise-året 1956.

Halvgjort verk

– Blir det bok om Oslo-avtalen?

– Eg vil gjerne fullføre det arbeidet eg har byrja på, og har søkt UD om støtte til å fullføre det. For meg er dette som å skrive ei bok utan slutt, seier Hilde Henriksen Waage, som har forfatta rapporten på engelsk, med sikte på internasjonal publisering.

– Søknaden er til handsaming, og eg vonar på eit positivt svar. Gjennom å arbeide på oppdrag frå UD har eg fått tilgang til arkiv som elles hadde vore stengde for meg. Det har gitt meg fri tilgang til alle slags kjelder, og høve til å snakke med folk det elles hadde vore umogleg å få i tale. Den rapporten eg har skrive no, skildrar historia og bakgrunnsarbeidet som førde fram til Oslo-avtalen. Kva som hende med avtalen, og kvifor, har eg ikkje granska. For meg blir det som å avslutte ein roman på halvvegen, seier Hilde Henriksen Waage, som ønskjer å følgje prosessen til 1996, då Netanyahu tok over som statsminister i Israel og reverserte heile prosessen.

Men NRK fekk støtte

Samstundes som Hilde Henriksen Waage søkte UD om støtte til å dette arbeidet, kunne VG fortelje at NRK-journalist Odd Karstein Tveit hadde fått UD-støtte på 1.150.000 kroner til å lage ein dokumentar om Norges rolle i Midtausten-konflikten. Budsjettet er på 1,8 millionar, og Tveit seier til VG (2. september 2000) at hovudvekta vil liggje på Norges rolle frå 1992. På spørsmål om ikkje UD-støtta går ut over den journalistiske integriteten, svara Tveit og fjernsynssjef Bjerkaas at støtta er gitt utan vilkår, og at NRK ikkje hadde råd til å finansiere prosjektet åleine. Opplegget fekk sterk kritikk av leiaren i Norsk Presseforbund, Per Edgar Kokkvold. «Det blir som å be Aker RGI om pengar til å lage en dokumentar om Røkke. Dette er teit av Tveit», seier Kokkvold til VG.

Ånda frå Haakon Lie

Ånda frå Haakon Lie herska i tilhøvet mellom Norge og Israel til langt opp på syttitalet. Det var eit tilhøve like religiøst som kristenfolket sitt svermeri, og i dette perspektivet var palestinarane ikkje-eksisterande. Henriksen Waage fekk bekrefta dette i samtalar med Haakon Lie, som i tidsskriftet Replikk i fjor sa det slik: «Vi skulle bygge et nytt Jerusalem». Embetsmenn i UD var bekymra for den einsidige støtta til Israel, og den første som ville mjuke opp forholdet til PLO, var Knut Frydenlund. Mens han var utanriksminister, stemte Norge for at Arafat skulle få tale i FN i 1974. Det førde til ein storm på Stortinget anført av Ap, utan at statsminister Trygve Bratteli tok Frydenlund i forsvar. På 70-talet var Norge meir isolert enn resten av Europa i høve til PLO. Overraskinga var difor stor då Yassir Arafat bad om ein hemmeleg norsk kanal, som gjengjeld for å godta norske oljeforsyningar til Israel, forsyningar som det ikkje vart noko av.

Det var altså PLO som fekk det isolerte Norge inn i prosessen, fordi Arafat forstod at Norge kunne brukast. Det forstod også USA, som alt under dei første Camp David-tingingane hadde spurt Norge om ein oljegaranti for Israel. For eit land som hadde levert tungtvatn og våpenhjelp var ikkje det noko problem, men kva med PLO? Ikkje noko problem, sa Arafat til Longva, berre Norge ville hjelpe til med å opne kanalen til Israel. Sidan var det utanriksminister Thorvald Stoltenberg som gjennom heile åttitalet prøvde å snakke med Israel. I 1989 var han den første norske ministeren som offisielt møtte Arafat i Tunis. At nøkkelpersonen i tilhøvet til PLO, Hans Wilhelm Longva, seinare vart sett til andre oppgåver, meiner Jan Egeland i dag var kritikkverdig.

Mogen for fred

Hilde Henriksen Waages tese er at da Terje Rød-Larsen og Mona Juul kom inn i bildet, hadde den politiske situasjonen blitt mogen gjennom lang tid, og begge partar innsåg at tilstanden av krig ikkje kunne halde fram. Det vil ikkje seie at deira rolle ikkje var viktig. Men det var ikkje slik at det heile oppstod fordi rett person var på rett stad til rett tid og greip sjansen som kom flygande gjennom lufta. Situasjonen var mogen, og Terje Rød-Larsen – som gjennom Fafo hadde laga ei levekårsundersøking blant palestinarane – var saman med Mona Juul den pådrivaren prosessen trengde. Utanriksminister Johan Jørgen Holst, som kunngjorde avtalen, blir ikkje nemnt i rapporten. På plenen framfor Det kvite hus, då fredsavtalen var signert 13. september, kunne han sole seg i glansen av det arbeidet andre hadde gjort.

– Det var ikkje noko likeverdig tilhøve til PLO og Israel som avgjorde Norges rolle. Det var eit usymmetrisk forhold der dei nære banda til dei sterke partane, Israel og USA, avgjorde. Kva det har hatt å seie for utviklinga av prosessen etterpå, har det ikkje vore mitt oppdrag å vurdere i denne omgangen, seier Hilde Henriksen Waage.

Kvass Willoch

Det gjorde derimot Kåre Willoch, som opna med å seie at den politiske sida han høyrde til, på ingen måte hadde noka historisk rolle å vise til i dette spørsmålet, med unntak av Per Borten og Jon Lyng. Han understreka at det var realpolitiske faktorar som intifadaen og Arafat si redsle for Hamas sin innverknad blant palestinarane som medverka til å setje fart i prosessen. At Israel drog seg ut av Libanon skuldast ikkje FN, men den valden Hizbollah-geriljaen ut-øvde mot okkupasjonsmakta. Willoch var kvass då han sa at ein okkupants krav om å av-stå frå vald mangla moralsk grunnlag.

– Osloprosessen prøvde å vise ein veg utan vald. Men når denne avtalen systematisk blir krenkt av den sterke, valdelege parten, er kravet om arabisk eller palestinsk ikkjevald uakseptabelt, sa Willoch. Han la til at det er på tide at Norge, som talar varmt om fridom og menneskerettar andre stader i verda, er like klåre og prinsippfaste andsynes Israel, som sidan fredsavtalen systematisk har halde fram med å trakke på desse rettane.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |