Dag og Tid nr. 51-52, 21. desember 2000

Noreg -- Cuba:
Cuba: Eit nytt, norsk Cuba-eventyr

Kulturminister Turid Birkeland fekk mykje merksemd då ho i arbeidstida drog til Havanna i 1997 som fyrste norske badegjest med eige pressekorps. Sidan har ingen sett den norsk-cubanske kulturavtalen ho forhandla fram. Mange har leita – og leitar.

JOHAN BROX

– Frå cubansk side var alt klappa og klart. Cubanarane venta på at Noreg skulle oppfylla sin del av ein avtale som kulturministrane Turid Birkeland og Abel Prieto skal ha skrive under i Havanna våren 1997, seier Kjartan Fløgstad.

Saman med forlagsdirektør Geir Mork møtte forfattaren cubanske kollegaer og forlagsfolk i Havanna i 1998, året etter den offisielle, norske minister-visitten. Då venta cubanarane på eit norsk initiativ, og har dei ikkje trøytna, ventar dei vel framleis. Korkje Fløgstad eller andre som Dag og Tid har spurd til råds, kjenner til at det offisielle Noreg har gjort noko for å oppfylla cubanske forventningar.

Eller norske, for den del.

– Det var dåverande kulturminister Åse Kleveland som takka ja til invitten frå Cuba om å etablera eit mellomstatleg kultursamarbeid. Men før Kleveland kom seg av stad, blei ho skift ut med Turid Birkeland, som blei skift ut med Anne Enger Lahnstein, og så bortetter.

– Det er kanskje ei journalistisk utfordring å finna ut kor minister-kjeda har rakna, legg Kjartan Fløgstad til.

Klevelands kongstanke

Og då får me vel prøva: Åse Kleveland stadfester i alle fall kort og greitt på telefon frå Stockholm at då ho takka ja til invitasjonen frå den kubanske kulturministeren Abel Prieto på noregsbesøk i 1996, var ho overtydd om at det måtte eit offisielt initiativ til for å føra norske og cubanske kunst- og kulturkrefter saman.

– Det heng saman med det spesielle styresettet på Cuba, der staten skal ha ei hand med i det meste som skjer. Alt blir lettare dersom styresmaktene er deltakarar, og ikkje kjenner seg forbigåtte og strittar imot. Tanken var å bygga opp ein sentral kultur-motor som sidan kunne generera kontakt og nettverk mellom folk og organisasjonar. Tenk på det vitale og nyskapande kulturlivet som finst på Cuba, trass i materielle manglar, trass i at dei ikkje har film, ikkje papir!

– Cubanarane er rett og slett reflekterte folk som har mykje å tilby oss, seier Kleveland.

Ho fortel at ho særleg la vekt på å få knytt kontakt mellom norske og cubanske forfattarorganisasjonar. Slik ville Noreg òg slå eit slag for ytringsfridomen på øya, i staden for berre å koma med negativ kritikk av dei cubanske styresmaktene. Idrettsutveksling var ikkje det som opptok Kleveland. Kulturutveksling på andre plan var viktigare, av di Norges Idrettsforbund alt i 1995 underteikna utvekslingsavtale med den cubanske olympiakomiteen. Den avtalen er det rett nok berre norske boksarar som hatt nytte av.

Og cubanske sandsekker.

Utan engasjement

Turid Birkeland tok over det offisielle Cuba-opplegget, men lite tyder på at ho tok over det personlege engasjementet til Åse Kleveland. Medan Kleveland reiste til Cuba på eiga rekning til sine cubanske kulturvenner med Abel Prieto i spissen, drog Turid Birkeland som offisiell representant for Jagland-regjeringa eit halvt år seinare. Kva gjorde ho der? Skreiv ho, eller skreiv ho ikkje under på ein kulturavtale?

Dag og Tid fekk ikkje tak i Birkeland før avisa gjekk i trykken, men i eit intervju med Maria Wattne for magasinet X nr. 1 2000, oppsummerer Birkeland Cuba-reisa si slik:

«Besøket fikk en litt annen dimensjon enn kulturutveksling. Fra norsk side var det et uttrykt ønske om å være i dialog med Cuba. Kultursektoren er alltid en god sektor å opprette dialog, fordi utveksling gir gjensidig nytte, og det vil ikke være noen som hjelper den annen part». (...) «Det var jo ikke meningen at det skulle være bare boksing. Avtalen omfattet flere typer idrett, uten at jeg kan si hva som kom ut av den etter hvert.

Siste setninga er utheva av Dag og Tid, fyrst og fremst av di Birkeland her slår fast at det finst ein avtale og at han handla om idrett. Men er idrett kultur?

Me anar i alle fall at kongs-tanken til Kleveland har forvitra alt i fyrste overføringsleddet. Og på vegen mellom ministrane Turid Birkeland, Anne Enger Lahnstein, Åslaug Marie Haga og Ellen Horn har han visst blitt heilt borte.

Leiteaksjonane

Kjartan Fløgstad og cubanske forfattarkollegaer er ikkje åleine om å etterlysa den forsvunne avtalen. Biletkunstnarane Maria Vagle og Hege Vadstein har til saman søkt om 105.500 kroner i offentleg og privat prosjektstøtte til ei kunstnarleg dokumentert leiting etter den mystiske kulturavtalen.

Dag og Tid har ikkje greidd å få kontakt med kunstnarane, men etter framdriftsplanen i søknaden, skal dei denne månaden vera på leiting etter avtalen i Havanna. I mellomtida kan interesserte lesa fleire detaljar om prosjektet deira på nettsida www.institutors.org/cuba/index.html.

Kulturhus i Havanna

Dei aller siste som med kraft har etterlyst den bortkomne kulturavtalen, var førre veke samla på Celcius Cafe i Oslo. Der fekk 15-20 innbedne og interesserte ei orientering om konkrete planar for eit Casa Cultural Noruega-Cuba, eit norsk-cubansk kulturhus i bydelen Vedado i Havanna, og ein invitasjon om å bli med, som mange frammøtte takka ja til. Men der er rom for fleire, om Dag og Tid-lesarar skulle vera interesserte. Fleire opplysningar om dette prosjektet blir lagde ut på nettsida www.research.no/cuba 

Initiativtakarar til kulturhusprosjektet er Kate Rasch, kunsthandverkar og forretningsdrivande som er busett i Havanna, saman med musikaren Harald Øhrn, teaterinstruktør Janne Wettre, arkitekt Einar Hagness og ymse andre. Dei har alt søkt om støtte til eit forprosjekt til etablering av kulturhuset, som tanken er at norske kulturformidlarar skal disponera og driva i samarbeid – gjerne på tvert av fagfelta. Huset skal romma galleri, seminarlokale, bibliotek og anna verksemd som kan generera livsmot og driftsinntekter. Men til grunnlagsinvesteringane ville statsmidlar kome vel med, til dømes i medhald av ein eventuell kulturavtale. Om han finst.

Avtalens gravtale

I tankane til Åse Kleveland fanst i alle fall draumen om ein kulturavtale mellom Noreg og Cuba. Ein avtale blir nemnt i intervjuet med etterfølgjaren Birkeland så seint som i år.

Men der finst ingen kulturavtale hjå Kulturdepartementet.

«Prøv i Utanriksdepartementet. Seksjon for kultur og norgespresentasjon».

Bingo!

Ved UD-seksjonen for kultur og norgespresentasjon kan ein konsulent som helst vil vera unemnt, etter å ha sjekka i alle arkiv etter kulturavtalar mellom Noreg og Cuba, og dobbeltsjekka med juridisk avdeling i departementet, avlysa alle leiteaksjonar.

– Det finst ingen avtale om kulturutveksling mellom Noreg og Cuba. Nokon slik avtale har heller aldri eksistert.

Private initiativ

At kulturavtalen mellom regjeringane ikkje eksisterer og aldri har eksistert, bremsar ikkje det norske kulturlånet frå Cuba. Ole Paus har vore der, Jørn Hoel var der, Katia Cardenal lagar norsk julemusikk på spansk der, Ragnar Hovland skriv sine stubbar der, for å nemna nokre. ICA sel Cubita kaffi, Vinmonopolet Habana Club og det duftar Cohiba-sigarar overalt der dresskledde nordmenn samlast. Compay Segundo og Ibrahim Ferrer herjar i radiokanalane, på hit-listene og det er salsakurs i Sauda. Så cubanarane greier seg. Dei opna ambassade i Oslo i år. Men me?

Ambassade

– Når skal Noreg opna ambassade i Havanna?

– Vel, UD har saka til vurdering, seie pressetalsmann Karsten Klepsvik.

– Kor lang tid tar ei slik vurdering?

– Det varierer. Noreg har eit stort uteapparat, og ofte, men ikkje alltid, er det slik at me må stenga ein utestasjon før me kan opna ein ny. Det seier seg sjølv at slike vurderingar tek tid.

– Er det ei opptrapping på gang av dei diplomatiske sambanda med Cuba? Har utanriks- eller statsministeren snarlege planar om å takka ja til invitasjonane frå Fidel Castro?

– Der er løpande drøftingar, men ikkje noko er bestemt. Me har jo også ein menneskerettsdialog gåande med Cuba.

– Du meiner vel monolog?

– Hø, hø.

Åse Kleveland er òg spent på om det blir med snakket også denne gongen.

– Det hadde vore eit sterkt og flott signal om Noreg opna utestasjon på Cuba og jazza opp det diplomatiske sambandet. Men det er vel framleis kontroversielt, sukkar ho.

Dermed får ho sagt det som ingen seier.



© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |