Dag og Tid nr. 49, 7. desember 2000

Beiar-utygginga:
Statkraft møter motkraft

Motkraft har Folkeaksjonen Spar Saltfjellet (FSS) titulert ei ny bok om vassdraga Beiarn, Bjellåga og Melfjord – og trugsmåla mot dei. Utbyggingsplanane held ikkje vatn, meiner FSS.

JOHAN BROX

Det er ikkje ofte ei folkerørsle mot kraftutbygging har vunne fram her i landet før skaden er skjedd. Men FSS har vist seg å vera ei særs effektiv motkraft, medan både motet og krafta let til å skorta hjå den sitjande regjeringa. Og i neste perioden leikar Arbeidarpartiet med tanken på å danna fleirtalsregjering saman med sentrumspartia og SV, som alle går mot ei vidare Saltfjell-utbygging. Sjølv ei aldri så lita utsetjing er difor ein halv siger for utbyggingsmotstandarane.

Bjellåga

“En sikker sak” er tittelen på Brit Pedersens kapittel om Bjellåga-utbygginga. Ho skriv at Statkraft-planen er å legga elvane Tespa og Bjellåga i røyr oppstraums nasjonalparken og naturreservatet – for å produsera 390 GWh elektrisk kraft om året. NVE godkjende planane og gav konsesjon i 1989, men under to sprikande føresetnader:

Den eine er knytt til paragraf 111 i vassdragslova, som seier at “Tillatelse (...) taper sin gyldighet hvis arbeidet ikke er påbegynt innen to år etter at tillatelsen (...) er gitt”. Ei eventuell forlenging av denne fristen kan berre gjevast “under særlege omsendigheter”.

Den andre føresetnaden i konsesjonen seier at “Igangsetting av utbyggingen skal ikke skje før det er behov for denne kraften”.

Vilkåra opnar for fleire tolkingar: Kva skal til for at omstenda må seiast å vera særlege? Når er det behov for kraft frå nettopp Bjellå-vassdraget? Og behov kor – i Noreg, Norden, Europa? Svaret er ikkje opplagt no som energi skal vera ei vare som alle andre, som kan eksporterast, importerast og auksjonerast – men ikkje rasjonerast.

Arbeidet med Bjellåga-utbygginga kom uansett ikkje i gang innan to år etter konsesjonen var gjeven. Ni år seinare, i 1998, endra Statkraft planane noko, og gjorde i planendringssøknaden til NVE greie for kvifor Bjellåga-utbygginga ikkje hadde byrja: “Realiseringen av prosjektet ble imidlertid, på bakgrunn av kraftoverskudd og lønnsomhetsvurderinger, utsatt på ubestemt tid”. Sivilombodsmannen har difor send ei påminning til Olje- og Energidepartementet om at det ikkje let til å vera nokon gyldig konsesjon for Bjøllågavassdraget.

Også miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen i Nordland går mot utbygging, til liks med fleirtalet av innbyggjarane i dei aktuelle kommunane.

“Vi syns vi har så gode argumenter at dette bør være en sikker ‘vinner’”, konkluderer Brit Pedersen.
 
Melfjord

Melfjordutbygginga kan gje 478 GWh om året. I Motkraft fortel Karen Haukenes at utbygginga  omfattar område i Rana og Rødøy og dels område i naturreservatet tilknytt nasjonalparken. Det bredemde Austerdalsvatnet og elva Glomlåga skal overførast til eit anna vatn, Storvatnet, som såleis blir endå større.

Denne planen har òg blitt endra undervegs, i 1996, då NVE firte på toårsregelen, og sette april 2001 som ny frist for å få sett arbeidet i gang. Det er difor Statkraft har hatt slik hast.

Austerdalsvatnet kjem etter planen til å få ein vasstand som gjennom året vil variera med 17 meter. Dette vatnet har ikkje noko naturleg elveutløp, men drenerer gjennom eit system av grotter som verneinteressene meiner vil bli øydelagde av ei utbygging. Samstundes vil det klåre Storvatnet ureinast av slam frå overførte vassdrag.

Den andre delen av Melfjordutbygginga ligg i Rødøy, og råkar nøkkelbiotopar og kulturminne som Statkraft ikkje har registrert i konsesjonssøknaden.

FSS hevdar at Statkraft ikkje veit kva verdiar dei har søkt om å få øydeleggja.
 
Beiarutbygginga

Beiarn er den best kjende og mest omtalte av dei planlagde Saltfjell-utbyggingane, trass i at ho berre gjev fattige 190 GWh elektrisk kraft om året.

Utbygginga er like ulønsam som ho er upopulær, lokalt og nasjonalt. Dei fleste innbyggjarane i Beiarn har vore mot Beiarn-utbygginga frå fyrste stund, det vil seie i 30 år. Beiteareal for sau og rein går med, og storlaksen i Beiarelva mot ei uviss framtid – som i Altaelva, Suldalslågen og andre vassdrag som menneske og ingeniørar har tatt styringa over.

Også motstanden frå samane i området minner om Alta-saka. Og er det noko gasskraftregjeringa Stoltenberg ikkje treng nett no, må det vera ei ny Alta-sak. Gasskraftverket som ho har skrike seg til i Skogn, kjem til å produsera seks gonger så mykje elektrisk kraft som Beiarn-, Bjellåga og Melfjord-utbyggingane til saman.

Saltfjell-utbyggingane kan på si side generera minst seks gonger så mykje bråk. Difor har energiminister Olav Akselsen gjort rett i å legga Beiarn-utbygginga i skuffen “til nærare utgreiing” på uviss tid. Folkeaksjonen Spar Saltfjellet ventar at dette gjev presedens for utbyggingsplanane til Bjellåga og Melfjord.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |