Dag og Tid nr. 46, torsdag 16. november 2000

Bøker:
Eigenrådige Egner

Dei fleste hugsar Thorbjørn Egner som ein lågmælt barnetimeonkel med milde augo, men i den nye Egner-biografien vert også usympatiske sider ved den folkekjære forfattaren trekte fram.

OTTAR FYLLINGSNES

I dag er det ikkje så mange som hugsar den sterke utbreiinga Thorbjørn Egner fekk. Lesebøkene hans er trykte i 2.25 millionar eksemplar, og Karius og Baktus, Folk og røvere og Hakkebakkeskogen er selde i opplag på nesten 400.000. Dessutan er han sett om til svært mange språk.
 
 På 80-talet var Thorbjørn Egner den nordmannen som var mest spelt på utanlandske scener, etter Henrik Ibsen, men no skal Jon Fosse ha detronisert han. Framleis vert Egner spelt på dei store scenene, men biografen Christopher Hals Gylseth trur ikkje at han kjem til å vera like stor om femti år. Til det er Egner truleg for moralistisk, men ein genistrek har han signert.
 
 -- Karius og Baktus står fjellstøtt, seier Hals Gylseth.

Uautorisert

Sist veke gav han ut Tigergutt kan alt!, den uautoriserte biografien om Thorbjørn Egner (1912-90). Seinare kjem den autoriserte frå filosofen Øystein Sjåstad.
 
 Hals Gylseth gav for nokre år sidan ein biografi om Øvre Richter Frich. Noko forhold til Egner hadde han ikkje på førehand, og boka er skriven på oppdrag frå Schibsted.
 
 Han karakteriserer den folkekjære forfattaren som ein vanskeleg mann. I arbeidet med boka har han hatt kontakt med svært mange som kjende Thorbjørn Egner, og det har vore lett å finna stoff om den populære forfattaren.
 
 -- Thorbjørn Egner var lågmælt, men langt frå beskjeden. Han var heilt klart med på å forma biletet av seg sjølv. Det er ikkje noko gale i det, men metodane var spesielle.

Motvilje mot Prøysen

Thorbjørn Egner gav ut sine første bøker først på 40-talet, men dei store suksessane fekk han med Karius og Baktus (49), Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen (53) og Folk og røvere i Kardemommeby (55).
 
 -- Gjennom radioen nådde han alle. 94 prosent av alle barn og svært mange vaksne lytta på Barnetimen på 50-talet. Mykje av det Egner laga for radio var svært godt, og han kom med dei rette tinga til den rette tida.
 
 I boka skriv Hals Gylseth om Egners motvilje mot Prøysen. Han viser til Ove Røsbaks Prøysen-biografi og minner om at Egner hevda at Prøysen prøvde å stela det egnerske musemotivet. Egner var så oppskjørta at han gav Prøysen ei overhøvling som var så kraftig at det vart lagt merke til både i norske og svenske visekrinsar.
 
 -- Han skulda også andre for å stela motiv, men muse-historia er absurd. Det er trist å sjå at Egner kunne vera så småleg. Elles var ikkje Egner og Prøysen uvener, og dei samarbeidde om visebøkene. Dei hadde stor fagleg respekt for kvarandre. Kanskje var det årsaka til at Egner såg på Prøysen som ein konkurrent. Dei to vart svært ulike. Prøysen var den nervøse og påsegla kunstnarsjela, medan Egner var ein høgtideleg mann og eit petimeter.
 
 -- Egner voks opp på austkanten i Oslo?

 
 -- Faren var kjøpmann på Kampen og representerte ein slags overklasse der. Det var nok ikkje lett for Egner å koma frå Kampen, ein av dei fattigaste stadene i hovudstaden, men han kom inn i kunstnarmiljøet og oppnådde både respekt og suksess. Likevel var han grunnleggjande usikker heile livet, og han måtte stadig få stadfesting på kor dyktig han var.

Kontrollen

Thorbjørn Egner var oppteken av å ha kontroll med sine eigne verk.
 
 -- På mange måtar var det forståeleg. Ein av grunnane til det var truleg historia med Ivo Caprino som laga dokkefilm av Karius og Baktus i byrjinga av 50-talet. Egner var misnøgd og klaga blant anna på for lågt honorar. I 1989 -- like før Egner døydde, sende han eit brev til Caprino, og der hevda han nærast å ha vorte lurt den gongen for kring førti år sidan. Eg kan tenkja meg at dersom Egner kjende seg lurt ein gong, bestemte han seg for at han aldri meir skulle verta lurt. Kombinert med petimeter-innstillinga og den sjølvhøgtidelege haldninga, vart han ekstrem til å passa på sine eigne rettar. Eg trur ikkje at pengane var det viktigaste, men at folk respekterte verket hans. Ingen annan norsk forfattar har greidd å behalda ein slik kontroll over sitt eige skaparverk.
 
 -- Egner var ikkje lett å samarbeida med?

 
 -- Han kunne vera det, men svært mange -- også venene -- fortel kor vanskeleg det ofte var. Det er ikkje langt frå at ein kan seia at han var hata i teatermiljøa. Egner hadde ingen humor eller sjølvironi. Han kunne ikkje trekkja på skuldrene, smila og seia at dette ordnar me i fellesskap. Det skulle alltid vera slik han ville, heilt ned til den minste detaljen. Skodespelarane måtte til og med snakka slik som Egner.
 
 Den gongen han kom til Nationaltheatret kunne han ikkje mykje om teater, men han møtte ikkje med ei open og læreviljug innstilling. Han kom til teatret med eit lukka sinn, og der skulle han fortelja skodespelarane kva dei skulle gjera.
 
 -- Han var svært nøye med sine eigne tekstar, men han kutta i andre sine tekstar i lesebøkene?

 
 -- Han forkorta, tok bort vers og endra ord. Hadde nokon gjort det same med tekstane til Egner, hadde han vel gått til rettssak. Egners motiv var ofte dei beste; han meinte at endringane var til det beste for barna, og lesebøkene svært bra.

Sofie-figur

Thorbjørn Egner ville gje barna tryggleik og det som dei venta seg, meiner Hals Gylseth. Han konkluderer med at Egner er ein tante Sofie-figur.
 
 -- Trur du at han såg på sjølv på same måten?

 
 -- Nei, men kanskje som ein Bamsefar. Han såg neppe på seg sjølv utanfrå i det heile. Truleg hadde han vorte glad om nokon hadde sagt at han likna på tante Sofie. Ho var ein viktig figur for han. Det trengst nokon som er streng og heldt orden, meinte han.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |