Dag og Tid nr. 46, torsdag 16. november 2000

Bøker:
Skrivetalent i sjangerspagat

Det ligg ein kime til mykje godt romanen Okkupert kjærleik, og Ragnfrid Trohaug har eit udiskutabelt skrivetalent. Likevel føler eg at sjangeren "ungdomsroman" ligg som eit hemmande nett over boka

Ragnfrid Trohaug
Okkupert kjærleik
Samlaget


Eg hadde store forventningar før eg las debutant Ragnfrid Trohaugs bok. Forfattaren hadde allereie fått bra mediemerksemd. Både i intervjua og i pressemeldinga blei det lagt vekt på det sjanger-overskridande ved boka. Trohaug sa at ho misliker den innsnevrande ved "ungdomsromanen", og at ho "vil sprengje kategorien i fillebitar" (fritt sitert etter minnet).
 
 I pressemeldinga står det at Okkupert kjærleik er ei bok "som har vore klassifisert som ungdomsroman, men som samtidig fortener vaksne lesarar". Eg undrar meg over kvar "ungdomsroman"-klassifiseringa kjem frå. Det verkar rart at både forfattar og forlag taler for at boka overskrir sjangeren når det faktisk står på tittelsida at det er ein "roman". Dette kjem eg tilbake til.

Dristig syskenkjærleik

Boka handlar om 15 år gamle Ida, som i sommarferien får snudd livet sitt opp-ned. Ikkje berre er farfaren død. Det er han som har tatt seg av Ida om somrane når legeforeldra er på oppdrag i utlandet. I tillegg har ho mista storebroren Thomas til Maria, kjærasten hans. Ida har alltid vore nært knytt til Thomas. På den eine sida er det nære forholdet mellom Ida og Thomas rørande, men på den andre sida kan det verke som om dei har for nært forhold. Forholdet balanserer mellom ordinær syskenkjærleik og det incestuøse. Thomas skal vekkje Ida: "Eg læst som eg søv, held auga att og håpar Thomas kjem opp i senga mi, at han held meg fast og seier eg aldri slepp laus, kitlar og kyssar meg og tornar dramatisk: ? Du er for evig og alltid fange i sussekosefengselet!"
 
 Ida tenkjer på kjærastar: "Kanskje eg ville ha valt Thomas. Sterk. Vakker. Snill og tøff når det trengst." Ein tidlegare sommar vil Thomas ta bilde av henne: "? Kle av deg, sa Thomas bak kameraet. Eg såg ikkje på han, hadde alltid shortsen og toppen på, det var for kaldt til å vere naken, nei, lufta var varm nok, den, men eg var for annleis til å vere naken. Drog av meg kleda likevel."

Bowie-jenta

Balansegangen, det ubestemmelege, tvitydige og uavklara, pregar forteljinga. Vi ser det i forholdet mellom Ida og Linn. Ida kallar Linn for "Bowie-jenta" fordi ho har auge som David Bowie: eit grønt og eit brunt. Bowie var lenge prototypen på det androgyne. At ein person er androgyn, tyder at det er vanskeleg å seie kva kjønn vedkomande er. Bowie var bifil, brukte sminke og kunne gå i det vi tradisjonelt kallar feminine klede. Ein kan seie at den androgyne balanserer mellom å vere mann og kvinne. Når Ida legg slik vekt på likskapen med Bowie, kan det vere eit uttrykk for at ho er tiltrekt av det androgyne. Auga er ubestemmelege, Linn er ubestemmeleg. Linn er fotomodellvakker, med langt lyst hår, samstundes som ho drikk, røykjer smugla hasj, er barsk, sjefete og tøff. Ho har vore saman med ein gut før ho blir saman med Ida, som òg er ein androgyn person: "Eg er for tynn, ser ut som ein gut, mange som ikkje ser skilnaden".

Tida

Eit anna sentralt tema i boka er tida. Sommarferien har nesten blitt eit symbol på temporær unntakstilstand. Sommaren er ein mellomtilstand, ein frisone frå den grå kvardagen. Uvanlege ting kan skje. Tida blir opplevd annleis: "Somrane med farfar var alltid ein god draum som kvar gong kom for brått til endes, hentebilen med mamma og pappa og ny skolebukse var alltid ei vond overrasking, ei visse om at farfartida og sommartida gjekk i dvale til neste sommar, at det ikkje var nokon veg utanom bilferd, mor og far og skolestart."
 
 Det er tydeleg at Linn, som saman med andre ungdommar okkuperer eit hus, føler at okkupasjonen er ein slik temporær unntakstilstand: "Vi i Huset er imot kalendertida og filofaxverda. Den tida er ikkje viktig, vi har vår eiga greie på gang." Men det er med husokkupasjonar som med sommarferien: det varer ikkje evig. Få husokkupasjonar varer lenge (med Blitz som heiderleg unntak). Noko av det mest vesentlege Ida lærer gjennom av sommaren, er at tida er flyktig og relativ. Ein kan ikkje tvihalde på barndomen. Ida vil mimre saman med Thomas, men Thomas hugsar ikkje episoden Ida refererer til: "Det er så lenge sia, Ida. Eg hugsar ikkje på alt som har skjedd for lenge sia. Det er ikkje viktig lenger."
 
 Ida lærer at heller ikkje kjærleiken treng vare evig, sjølv ikkje mellom henne og Linn: "Ver ikkje redd, sjølv om det kanskje ikkje er oss to i all æve, at ho ikkje er kvinna i mitt liv, ho er det her, no, ikkje i morgon, men vi er her, no, vi to."

Sjangertvang?

Det ubestemmelege og tvitydige gjer Okkupert kjærleik til ein komplisert og spanande tekst. Personane i boka er heile tida dregne mellom eit ynskje om å vere "her og no" for alltid, samstundes som dei veit at det ikkje kan vare evig. Den dristige skildringa av forholdet mellom Thomas og Ida, og mellom Ida og Linn, hevar også boka over det meste av vanlege "ungdomsromanar". Her vil eg gripe tilbake til sjanger. Eg har ein mistanke om at "ungdomsroman"-termen, kvar han no kjem frå, kan ha lagt uheldige føringar på utviklinga av forteljinga. Sjangermessig er boka prega av det ubestemmelege og tvitydige, og svevar i ei sfære mellom "ungdomsroman" og "roman" (underforstått: "vaksenroman"). På den eine sida er språket i boka, med sine indre monologar og snev av stream-of-consciousness, meir avansert enn i vanleg ungdomslitteratur. Det er sjeldan med så dristige skildringar av forhold mellom sysken, og seksualiserte forhold mellom tenåringsjenter, som i Okkupert kjærleik. Slik sett er boka nærmare vaksenromanen.
 
 Men samstundes skjer ting i forteljinga i ein forrykande fart, spesielt mot slutten. Å modnast som menneske tek vanlegvis lang tid, men med Ida skjer det i rekordfart. Eg trur forteljinga hadde vore tent med at ho tok seg betre tid til å skildre endringane som skjer med Ida og verda rundt henne.
 
 Eg veit sjølvsagt ingenting om kva forhold forfattaren har hatt til forlaget, og kva føringar forlaget har lagt på forteljinga. Uansett har eg ein mistanke om at "ungdomsroman"-nemninga har ein finger med i spelet. Det ligg i denne sjangeren at forteljinga ikkje må vere for lang. Kan det vere at forlaget, eller sjangeren, har kravd at handlinga måtte gå så raskt fram for at forteljinga ikkje skulle bli for lang? Dette er sjølvsagt berre noko eg insinuerer, mest sannsynleg tek eg feil. Men stemmer det, så er det synd. Då hadde det vore betre å gje Trohaug meir tid og plass, og kanskje ei anna sjanger-klassifisering.
 
 Blei forventningane eg hadde til boka før eg las henne oppfylt? Svaret er at Okkupert kjærleik er i den tvitydige sfæren eg har snakka om. Det ligg ein kime til mykje godt i Trohaug si bok, og ho har eit udiskutabelt skrivetalent. Likevel føler eg at sjangeren "ungdomsroman" ligg som eit hemmande nett over boka, for ho kunne ha vore endå betre i "vaksen" form.
Geir Follevåg

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |