Dag og Tid nr. 44, torsdag 2. november 2000
Leiar:
Kraftløysa i gassargumenta
Grunnen er i ferd med å smuldre opp under Stoltenberg-regjeringa, og ikkje minst under olje- og energiminister Olav Akselsen. Regjeringa kom til makta ved hjelp av noko som i milde vendingar kan kallast snuskepolitikk, og Olav Akselsen har halde fram med å styre sitt departement etter dei same prinsippa. Men det er vel snart berre regjeringa, stortingsfleirtalet og nokre gamle Ap-pampar i fagrørsla som framleis trur på argumenta om å bruke naturgass til miljøvennleg kraftproduksjon.
På internettsidene sine hevdar Olje- og energidepartementet og Olav Akselsen framleis at naturgass vil spela ei viktig rolle i ein meir miljøvenleg energipolitikk. På mange område kan gass erstatte meir forureinande energi. Miljøvernminister Siri Bjerke har også valt å overprøve ekspertane ved å attgje utrekningar frå Statistisk sentralbyrå på ein så tendensiøs måte at det grensar til feilinformasjon. Ho les tala slik Ap heile tida har ønskt at dei skal lesast: Norsk gasskraft fører til reduserte utslepp av CO2 i Europa.
Europeiske kapasitetar kan fortelja oss noko anna. Leiaren for Det europeiske miljøbyrået, Domingo Jiménez-Beltrán, var i eit intervju med Dagbladet nyleg så klar at jamvel Olav Akselsen burde vera i stand til å forstå kva han sa: Norske gasskraftverk vil ikke føre til lavere utslipp av klimagasser totalt i Europa. Jiménez-Beltrán hevdar at regjeringa argumenterer på ein måte som ikkje tek omsyn til realitetane i den europeiske energimarknaden. Så lenge kolkraft er rimeleg og gasskraft er mykje dyrare å produsere, kjem kolkrafta framleis til å vera mest attraktiv. Dei to norske gasskraftverka kjem til å komma i tillegg til annan kraftproduksjon slik motstandarane av dei norske gasskraftverka heile tida har hevda.
I tillegg viser tal frå Det internasjonale energibyrået (IEA) at CO2-utsleppa frå dei europeiske gasskraftverka kjem til å auke frå 84 millionar tonn i 1990 til 454 millionar tonn i 2010. Dei samla utsleppa frå kraftproduksjon kjem til å auke med 26 prosent. Kyoto-avtalen forpliktar Europa til ein gjennomsnittleg reduksjon på 5,2 prosent.
Det er kanskje for mykje å krevja at olje og energiministeren tek til vettet han har likevel stått fram som både einsynt og tunghøyrd i denne saka. Men dei opplysningane som er komne fram etter at stortingsfleirtalet sende Bondevik-regjeringa på dør i mars, burde vera meir enn nok til at iallfall det såkalla verdikonservative Høgre tenkjer seg om ein gong til. Ja, partiet kan jamvel stå fram med ære om Høgre-folk vedgår at dei har teke feil. Det er korkje verdig eller ærefullt å la det gå politisk prestisje i det å setja framtida vår på spel.
Audun Skjervøy
|