Dag og Tid nr. 44, torsdag 2. november 2000
Herbjørn Sørebø:
Ein annan dans, ja
Mange forlagssjefar og forlagsredaktørar kan nok ha sysla med tankar om å sende forfattarbrev ut i bokform, ikkje fordi dei alltid har vore så godt skrivne, men av mange andre grunnar. Dei kastar lys over personlege livssituasjonar forfattarane har vore i, tilhøvet mellom brevskrivarane, kritikarar og andre sentrale aktørar i kulturlivet, om samfunnstilhøve og straumdrag i tida. Einskilde brev har også komme på prent i biografiar og utgreiingar om forfattarskap, og det ligg føre samlingar av brev som somme av dei store i litteraturen har sendt til ulike adressatar, men brevskiftet mellom forfattar og forlag har vi fått lite innsyn i. Ein grunn kan vere at det har vorte rekna for forretningsbrev som allmenta ikkje hadde noko med, eller private brev som avsendarane aldri har tenkt seg å sjå att på prent. I så fall hadde dei nok uttrykt seg heilt annleis.
Det er lett å forstå at Gordon Hølmebakk, sentral redaktør i Gyldendal i det meste av det yrkesaktive livet sitt, har kjent mange mothakar i seg i utvalet av forfattarbrev til forlaget i boka En annen dans, som nå ligg føre på det forlaget han har tent med så stor innsikt og entusiasme. Tittelen på boka skriv seg frå eit dikt Herman Wildenvey skreiv til ein fest Harald Grieg laga då Gyldendal i 1931 hadde betalt restgjelda til det danske morforlaget etter heimkjøpet. Ein annan dans, ja, det gjev denne brevsamlinga sanneleg inntrykk av at livet har vore jamvel for forfattarar med stor suksess enn den dansen på roser vi kanskje har tenkt oss. I brev etter brev les vi om pengesorger som syg energien ut av diktinga, om store planar og draumar, men også om krenkte kjensler og djupe sår til og med av bisetningar i konsulent-fråsegner og kritikkar. Med god grunn ser forfattarane opp til den mektige
Harald Grieg, ein mann dei kom til å ha så varme kjensler for at det gikk ut over tillit, respekt og beundring. Når vi nå av biografien Nils Kåre Jacobsen har skrive om Harald Grieg veit kor stor fot forlagsstyret let sjefen leve på, må vi undre oss over kor påhalden han kunne vere i pengesaker. Det var han jamvel i det økonomiske oppgjeret med den gode medarbeidaren Sigurd Hoel etter krigen, trass i den store illegale innsatsen odølingen hadde gjort både for forlaget og landet i krigsåra. Dei mange takkseiingane er det likevel grunnlag for.
Brevsamlinga viser kor konfliktfylt tilhøvet var mellom dei to brørne Nordahl og Harald, men dei stod som vi veit, på den same sida i kampen mot nazismen. Begge vart krigsheltar, kvar på sin måte. Mellom Knut Hamsun og Harald Grieg vart det ein avgrunn. Svaret på eit Hamsun-brev måtte sekretæren til Harald Grieg skrive om att fleire gonger. Finn Halvorsen, mannen som stod i fremste rekkje i forsøket på å nazifisere det norske kulturlivet, skreiv eit krypande brev til Harald Grieg etter krigen. Eit brev frå Åsmund Sveen i 1936 viser korleis denne fine lyrikaren kom ut i det uføret nazismen vart for han. Johan Bojer prøvde å framstille seg som meir heroisk enn han var.
Det er ei reinsleg redigert brevsamling Gordon Hølmebakk har levert med En annen dans. Intimitetar blir det ikkje fråtsa i, og godt er det. I det siste brevet minner Arne Skouen om ordtaket som seier at snille barn bed ikkje om noko, men så får dei ikkje noko heller. Han fortel soga om den smålåtne kulturambassadøren Reidar Øksnevad, bror til røysta frå London. Utan tanke på forteneste la Reidar Øksnevad ned eit stort arbeid med å kartleggje norsk litteratur i utlandet. Han bad berre om å få bibliografiane trykte utan betaling. Hans verdier var av et annet format enn det vi holdt oss med til hverdags hjemme i røysa, skriv Arne Skouen om den skamløse beskjedenheten. Det er eit brev til å få forstand av.
|