Dag og Tid nr. 44, torsdag 2. november 2000

Bøker:
Ei raus minnebok

Aller best skriv Johan J. Jakobsen når han er  mest personleg, melder Herbjørn Sørebø.


Johan J.
Jakobsen:
Mot strømmen
Gyldendal

Den aktuelle politiske bodskapen i minneboka Mot strømmen av den avtroppande Senterparti-politikaren Johan J. Jakobsen finn vi i eit etterord. Der skriv han at dersom Arbeidarpartiet endrar programmet sitt slik at det blir råd å gå inn for medlemskap i EU, kjem det til å endre samarbeidssituasjonen i Stortinget.

Eit slikt vegval vil føre til at nei-sida blir mobilisert på nytt. Senterpartiet kjem utan tvil til å stå sentralt i aktiviseringa av motstanden mot medlemskap, og det kjem truleg også KrF og Venstre til å gjere, sjølv om desse partia er meir splitta.

I ein slik situasjon er det vanskeleg å sjå for seg eit meir formalisert samarbeid mellom Ap og sentrumspartia. Også sak-til-sak-samarbeidet kan bli påverka av ordskiftet i EU-saka. Det vegvalet Arbeidarpartiet gjer, kan bli avgjerande for den politiske utviklinga i tida fram mot stortingsvalet, skriv Johan J. Jakobsen.

Mange konfliktområde

Synspunkta kjem ikkje nett uventa frå denne politikaren, men Johan J. Jakobsen ser fleire konfliktområde. Han nemner særskilt organiseringa av den offentlege forvaltninga, tanken om “storfylke” eller landsdelsregionar, tvangssamanslåingar av kommunar, sentraliseringa som er ei følgje, maktfordeling og folkestyre. “Offentlig sektor må ikke organiseres på en slik måte at viktige demokratiske prinsipper svekkes”, skriv Johan J. Jakobsen, som strekar under at Senterpartiet i kampen om maktfordelinga i samfunnet “vil måtte gå mot strømmen og utfordre tunge trender i samfunnet”, slik partiet har gjort mange gonger i si 80-årige historie.

Politisk testament

Det er eit politisk testament Johan J. Jakobsen kjem med i etterordet i minneboka si, og det må vere skrive i trygg visse om at partiet kjem til å kjempe for dei verdiane han ser som viktige. Men han karakteriserer også seg sjølv når han skriv at slik han ser det, er det klokt å ta ein tenkjepause av og til – i utgangspunktet blir han skeptisk når han høyrer brukt som argument at “det er nå toget går”.

I boka fortel Johan J. Jakobsen at han meir enn ein gong har tvilt seg fram til eit standpunkt. Det taper han ikkje noko på. Han står fram som den tenksame, søkjande, omgjengelege og pålitelege karen vi kjenner, stundom litt sta, men også open for kompromiss.

Framstillinga av hendingane er fargelagde med det han sjølv har sett og tenkt. Mykje av det han fortel om, er kjent frå før, men han opnar dører til rom som har vore stengde, og så skildrar han stemningane som vart kalla fram. Det er nøkternt, men likevel livfullt og godt skrive. Han hugsar godt. Humoristiske episodar får han med her og der, stundom med eit kårdestikk. Vi får høyre om dei mange leiarstridane i Senterpartiet, det politiske og personlege motsetnadstilhøvet det var mellom Per Borten og Jon Leirfall gjennom mange år, dramatiske politiske kriser og regjeringstingingar. Motsetnadene mellom Per Borten og Jon Leirfall stakk så djupt at Per Borten ikkje ville ta mot Såmannsstatuetten fordi Jon Leirfall hadde fått denne heideren før. Til slutt truga partiet med å sende heideren til han i posten!

I regjeringstingingar var knivinga om prestisjefylte posisjonar stundom komiske. Johan J. Jakobsen veit nok at politiske minnebøker blir lesne med kritisk blikk av folk som kjenner hendingane han skriv om frå innsida. Han er både sjølvkritisk, partikritisk og utruleg open. Han tilstår jamvel at han etter eit hardt oppgjer i Stortinget gjekk heim og gret, urettvist som han med god grunn tykte andre ikkje-sosialistiske parti hadde gått fram mot Senterpartiet i ordskiftet. Så ope som han fortel, blir framstillinga hans truverdig.

Raus og romsleg

Senterparti-veteranen Johan J. Jakobsen er raus og romsleg i omtalen av politiske motstandarar og konkurrentar. Skal han seie noko kritisk, siterer han gjerne andre. Mange kjem vel til å undrast når dei les den positive omtalen hans av Gro Harlem Brundtland, harde motstandarar som dei var både i EU-striden og kampen om regjeringsmakt. Det er tydeleg at dei to likevel har hatt lett for å samtale, og Johan J. Jakobsen skriv at henne kunne han lite på.


Så sentralt som sentrums-alternativet både har vore og er, må ein seie at Johan J. Jakobsen skriv påfallande lite om Kjell Magne Bondevik. Det kan snike seg inn ein mistanke om at dei to ikkje står ein annan så nær som ein har fått inntrykk av, iallfall ikkje personleg, og ein kan undrast på om Johan J. Jakobsen ikkje kjenner seg heilt trygg på at Kjell Magne Bondevik er fast nok i klypa overfor Carl I. Hagen og Framstegspartiet. Det er ikkje råd å peike på at her står det og der står det, men i minnebøker av dette slaget er det ofte viktig å lese mellom linene.

Trippel-j

Aller best skriv Johan J. Jakobsen når han er mest personleg. Skildringa av barndom og oppvekst i Namdalen er så varm at det kjennest godt å lese. Han tok landbruksutdanning, gifte seg, tok over farsgarden Lønset ved Namsos, og var styrar ved Felleskjøpet og Namdal kornsilo. Det var hardt og krevjande arbeid, og det kom stadig nye tillitsyrke til.

Frå ungdommen av stod det ikkje klart at Johan J. Jakobsen skulle bli politikar. Han dreiv berre inn i det litt etter litt. Ofte prøvde han å skyve andre føre seg når tillitspostane var aktuelle, men fekk fleire og fleire tunge oppgåver i partiet, vart partileiar, parlamentarisk leiar og statsråd i to regjeringar. Han skriv muntert om at på desken i avisene leika dei seg fram til å omtale han som JJJ, og det fekk Bjørn Hansen i NRK til å kalle han Trippel-J.

Mindre muntert tykkjer han det var å oppleve at psykologen Magne Raundalen kalla han eit skrekkdøme på fedrar som forsømmer barn og familie. I eit intervju hadde Jakobsen klaga over at det politiske arbeidet førte til at han fekk vere for lite i lag med kone og barn – minstemann såg han praktisk tala berre i pyjamas, morgon eller kveld. Etter åtaket frå Magne Raundalen kom det sjikanøse brev der JJJ vart utskjelt som “kvinneundertrykker”, “mannssjåvinistisk superegoist”, “svin” og det som verre var. Det viste seg seinare at det var andre politikarar som fekk brev av same slaget, blant dei Thorbjørn Berntsen. Skildringa av det som seinare følgde, er opplysande lesnad som psykologen også har godt av.

Ope og nøkternt fortel Johan J. Jakobsen om alvorleg sjukdom. Midt i EU-striden fekk han diagnosen testikkelkreft. Han vart operert i ein fart, stilte til eit ordskifte i fjernsynet før stinga var fjerna, og gjennomførte i vanleg stil. Han kom fort over sjukdommen. “Jeg ber om å bli trodd når jeg sier at jeg knapt nok har hatt en vond dag som følge av kreftoperasjonen i 1994”, skriv han.

Som vi veit: Det skal kule til ein trønder!

Herbjørn Sørebø

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |