Teater:
Og evig er ordet

Med minimale effektar, og i total tillit til ordet som formidlar, gir Trøndelag teater oss eit minnerikt innblikk i det siste leveåret til diktaren Tor Jonsson.

Trøndelag Teater
Berre kjærleik  og død
Av Ingar  Sletten Kolloen
Instruert  av Nora Evensen
Musikk:  Jarl Strømdal
Framført av Wenche Strømdahl og Ingar Sletten Kolloen


Ingar Sletten Kolloen greidde i fjor-årets biografi Berre kjærleik og død å gi ny og verdifull innsikt i det altfor stutte og tragiske livet til diktaren Tor Jonsson. Med utgangspunkt i biografien, har han nå skrive ein einaktar for teater der han legg spesiell vekt på det korte og ikkje spesielt vellukka kjærleiksforholdet diktaren hadde til journalisten Ruth Alvsen det siste halvåret før han tok sitt eige liv. Det er blitt ei innsiktsfull lita oppsetting som trass i det dystre og svarte, likevel er gjennomsyra av ein lun og lett humoristisk tone. Og det er blitt ei oppsetting som bør skape fornya lesing av ein forfattar som aldri vil gå av moten.

Varsla sjølvmord

Tre aktørar på ei lita scene strippa for unødige effektar: Det er tidleg på året i 1951, kort tid etter at Tor Jonsson har gjort det av med seg sjølv, og Ruth Alvsen (Wenche Strømdahl) leitar gjennom brev og dikt han skreiv det siste halvåret for å forstå og for om mogeleg å finne svar. Gjennom minne, opplesing av brev, dikt og prosatekster gir ho oss innblikk i det som i ettertidas litt klårare ljos framstår som eit godt varsla sjølvmord. Men vi får òg presentert Tor Jonssons særs problematiske forhold til kvinner. Ein forknytt og søkande person med uendeleg lengt etter kjærleik, ein kjærleik han må innsjå at han ikkje kan få.

Wenche Strømdahl framfører dikt og personlege brev med stor innsikt og lar heile tida ordet vere i sentrum. Samstundes gir ho eit godt, men langt frå utleverande bilde av Alvsen nett-opp fordi det er ein del ting som er for private til at vi bør få del i dei.

Kolloen kan

Og parallelt med Ruth Alvsen si leiting etter svar ho ikkje finn, gir biografen sjølv, Ingar Sletten Kolloen, oss eit kort, men likevel temmeleg utfyllande resymé over heile Tor Jonssons liv og produksjon. Med velvalde utdrag frå livet hans, små anekdotar og faktaopplysningar side om side, greier han å presentere dei viktigaste milepålane, og samstundes hendingar som gjer det lettare å forstå både liv og dikting. Og alt skjer på berre fem kvarter! Som diktinga til Tor Jonsson, er det heile framført i enkelt språk, konsist og strippa for unødig utanomsnakk. Dette er stoff Kolloen kan. Han ausar generøst, men kresent av kunnskapen, og det ser ut som han kosar seg i rolla. Ja, så fortruleg med stoffet er han, at han utan vanskar  går frå å vere opplesar til å bli både skodespelar og songar.

Den tredje på scena er musikaren Jarl Strømdal som ved hjelp av fløyte, gitar og munnharpe bind det heile saman og gir oppsettinga den litt såre, blå mollstemninga som kan passe for Tor Jonsson si dikting.

Beste sort

Nora Evensen har vore instruktør, og det beste ved regien er at vi ser så lite til han. Her er det full tillit til orda og innhaldet i det som blir presentert. Nora Evensen har gitt oss ei minimalistisk oppsetting, eit forteljarteater av beste sort, og ein produksjon som er gjennomsyra av trua på krafta i ordet. Eller som Tor Jonsson sjølv skreiv det i opningsdiktet i den første diktsamlinga si: “Men hugse det bør vi: Eit ord er eit under”.
Amund Grimstad

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |