Dag og Tid nr. 40, 5. oktober 2000

Roald Helgheim:
Det folk vil ha
Har pressa ansvaret? Det var spørsmålet då tusenårskomiteen for Oslo i samarbeid med presseorganisasjonane inviterte til ordskifte måndag om årsakene til Frps vekst, på ein Oslo-kafé midt i det urbane sentrum. Der var også talsmenn for Akersgata, men dei var ikkje særleg skarpskodde. At Frp-framgangen også har sendt skjelvingar inn dei store avishusa, er sant og visst. Men sitt eige ansvar trur eg ikkje dei forstår. Som representant for hoggestabben VG kunne den politiske kommentatoren Erling Bø berre slå fast at jobben var å skildre kva som hender, ikkje kvifor. Det er ei fråsegn som ikkje kan sjokkere nokon, ettersom det også er den moderne nyhendejournalistikken sitt credo. Aftenpostens Håvard Narum meinte det var pressa som hadde oppdaga Frp-framgangen, for det var dei som hadde bestilt meiningsmålingane (!). Dagbladets mann hadde heilt klart fått seg ein tankestillar, men det var også alt. Det gjennomført slåande denne kvelden var korleis dei store avishusa sine målberarar mangla evne til sjølvrefleksjon.

Sosiologen Øystein Nielsen skriv i Dagsavisen dagen etter om “postmoderne politikk” som “en salgsvare orientert mot ulike behovsimpulser”. Han ser den politiske utviklinga som ein refleks av frammarsjen til den postmoderne filosofien og ideologien på åtti- og nittitalet, der dei store forteljingane om demokrati, historisk fornuft, arbeiderklassens frigjering og rettferdsprosjektet til velferdsstaten har blitt avløyst av små forteljingar, av folk sine private prosjekt. Etter den postmoderne filosofen Lyotard fungerer ikkje lenger kollektive einingar som demokratiet, nasjonen, klassen, religionen osb. som berarar av meining. For han eksisterer det berre ei mengd ulike lokale prosjekt, livsformer eller diskursar, og desse er inkommensurable, det vil seie ikkje i stand til å kommunisere med og forstå kvarandre.

Slik eg les dette, handlar det om den avideologiseringa av samfunnet som media flest ikkje berre har vore ein medløpar i, men ein aktiv pådrivar for. Mens politikken har blitt til ei salsvare “orientert mot ulike behovsimpulser”, har det for lengst fått det tabloide motstykket i mottoet “det folk vil ha”. Dette mantraet har fungert som overbygning for den mest medvitslause journalistikken i tiår, og det siste kortet til alle redaktørar når kritikarar av ymse slag har stilt dei til veggs. “Det folk vil ha” er synonymt med det som sel mest, når media har medverka til å skape eit publikumsbehov for lettfordøyeleg underhaldning og sensasjonsprega overflatejournalistikk. Kritiske innvendingar som at “det folk vil ha” ikkje er det folk verkeleg treng, har blitt like programmessig avvist som fåfengd, livsfjern intellektualisme.

Nittiåras siste tilskot til “det folk vil ha”-journalistikken var ein type livsstils- og “forbrukar”-journalistikk som i DU-form har vore like reindyrka kvakksalveri som kva postordre-verksemd som helst. Også dette historisk pinlege sidesporet i journalistikken har det vore snikra ymse overbygningar over, til og med av namngjetne medievitarar. Men fruktene av av-ideologiseringa ser vi i dag først og fremst i utviklinga og dyrkinga av den moderne nyhendejournalistikken. Han er no meir enn nokosinne opphøgd til journalistikkens Formel 1. Det bestemmer prioriteringa i alle mediehus, som det agnet som skal suge til seg lesarar og sjåarar. Men då må det også vere nyhende med smell i, sjokkerande nyhende, opprivande saker, skandalar i alle format, koste kva det koste vil. Resultatet er eit pulverisert, fragmentert, og det eg vil kalle eit hysterisk nyhendebilde, utan interesse for samfunnsmessige samanhengar. Eit grufullt drap, og politikarane blir straks avkrevd ein ny kriminalpolitikk over natta. Mens Oslo by i loggbøkene til politiet var på det rolegaste, stod det i Dagbladet at han var ein “lovløs by”. For det meste har det lite eller ingenting med avslørande journalistikk å gjere, men har blitt eit kappløp om markskrikerske saker som skaper eit forvrengt krisebilde av samfunnet. Det fragmenterte verdsbildet er denne nyhendejournalistikken sitt lodd, overordna og bestemmande for dei kosmetiske omleggingar vi er vitne til i dei fleste kanalar, og som berre skal gje oss meir av det same døgnet rundt, no også på internett.

Dette er del av eit medieskapte klima som reier grunnen for politisk populisme. Det journalistiske trend-rytteriet har gått parallelt med ein ukritisk applaus til politiske moderniseringsprosjekt av alle slag, same kor lovmessig det har ramma folk flest. Ein vakker dag er “det folk vil ha” Carl I. Hagen. Bumerangen slår attende, og media står mållause attende.
Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |