Dag og Tid nr. 40, 5. oktober 2000

Musikk:
Musikk for livet
Rubén Gonzales vil spele kvar dag resten av livet. 81 år gammal får han musikken til å lyde ung og ny.

Rubén Gonzales:
Chancullo
World Circuit (MNW)


Den vakraste scena i Wim Wenders film Buena Vista Social Club er når kamera vandrar rundt Rubén Gonzales sitjande i ein hage kledd av gult lauv, og vi får heile den utrulege soga om den gløymde pianisten som hadde fått ein ny vår når Ry Cooder tilfeldigvis oppdaga han i eit studio i Havanna. Det var under innspelinga til ei plate med Afro Cuban All Stars, og resten av soga om korleis Buena Vista Social Club vart til, er berre så eventyrleg som røyndommen kan vere. Sidan har det blitt verdshistorie, og då Buena Vista Social Club var i Molde i sommar, måtte gamle Gonzales hjelpast inn og ut av scena. Men så fort han sette seg ved klaviaturet, høyrde vi fort at han hadde halde på ungdommen i musikken, med all respekt for Ibrahim Ferrer og Omara Portuondo.

Vitalitet

Når han no har gitt ut den andre soloplata si, Chanhullo, er det stadig den ungdommelege vitaliteten som slår ein, saman med ein naturgitt virtuositet som gir nytt liv til ein musikk vi i vår del av verda altfor ofte berre brukar til sløv selskapsdans.

Den eventyrlege soga om Rubén Gonzales & Co er fortald om att og om att. Det handlar om ein av Cubas største pianistar, som spela med kremen av musikarar og orkesterleiarar i Latin- og Sør-Amerika, frå La Orquesta Paulina til Mongo Santamaria. Før han la opp og det gamle pianoet visna og morkna bort. Sporadisk var han innom Egrem studio i Havanna då lagnaden førde han saman med Ry Cooder, og eventyret med Buena Vista Social Club var i gang. Introducing Rubén Gonzales var den første plata i hans namn, og tre år etter kjem Chancullo, som omsett vil seie å ha det triveleg og moro. Slik høyrest det også ut når koret i studio slår an tittelmelodien, før fingrane til Rubén dansar over klaviaturet. Det er både distinkt og kraftfullt, med eit veldig anslag. Tittelsporet er også Rubéns største solonummer, blåsarane er framifrå, og Javiar Zalbas sugande barytonsaks set ein kraftig strek under.

De una manera espantosa
er ein klassikar frå repertoaret Gonzales spela i yngre år, og her og på eit spor til er vokalisten Ibrahim Ferrer med. Cachaito López er den glimrande bassisten som opnar La Iluvia, på Central Constancia er det smektande feletonar attåt, før vi kjenner oss att i melodien Quizás, quizás, med ein fin gitarsolo av Eliades Ochoa.

Ry Cooder er sjølv strengesolist på neste nummer, fleire glimrande solistar viser seg fram, men heile tida er pianospelet til Rubén Gonzales det sikre bindeleddet. Si te contara er ei soloperle på berre piano. Rico Vacilón er ein klassisk cha-cha-cha, slik den musikken skal spelast. Det moderne basspelet til López innleier siste nummer, og samspelet mellom perkusjon og piano er eit studium verd i den forrykande avslutninga Pa’ gozar. Jesús ‘Aguaje’ Romanos har vore den musikalske leiaren for denne praktfulle utgjevinga. Ei utgjeving eg tykkjer er ei av dei finaste i den strålande serien frå eit moderne musikalsk eventyr.
Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |