Dag og Tid nr. 38, 21. september 2000

Krigen om historia
Som student vart Lars Borgersrud trua med tiltale om han offentleggjorde dei krigshistoriske funna i hovudoppgåva si. 25 år etter skriv dr. philos Borgersrud bok om det militære sviket som norsk forsvarshistorie til no har tagt om.

ROALD HELGHEIM

Å skrive om krig er å føre han vidare med andre middel, seier Lars Borgersrud. Etter det offisielle norske historiesynet har våre militære aldri blanda seg i politikken, men berre vore opptekne av å forsvare landet mot trugsmål utanfrå. Dette har dei gjort med stort heltemot, og det er skildra i bindsterke sogeverk. Særleg gjeld dette 1940-45, dei fem åra i norsk historie som det utan samanlikning er skrive mest om.

Mot dette hevdar historikaren Lars Borgersrud at i den snart 200 år lange perioden sidan 1814 har historia til offiserskorpset med få unntak vore knytt til ein politisk kamp mot demokratisering av samfunnet, mot sosial utjamning, og mykje av tida mot nasjonal frigjering. Offisersstanden har stort sett spela på parti med det politiske høgre, og har til dels vore ein ekstrem politisk kjerne i høgresida. Difor går det ei rett line frå offiserane si rolle frå 1814 via 1905 til 9. april 1940, og denne lina heiter Konspirasjon og kapitulasjon - tittelen på den nye boka til Lars Borgersrud.

Sin ytste konsekvens fekk dette under felttoget i 1940, då eit stille mobiliseringssystem som var mynta på å slå ned ein indre fiende, la landet ope for den tyske hærmakta. Og det er dette som er grunnlaget for at så store deler av offisersstanden svikta i 1940, og at mykje av våpenutstyret var ubrukeleggjort for å hindre at det kom i hendene på “upålitelege”. Nesten alle soldatar som kjempa i Sør-Norge, melde seg som friviljuge. Etterpå melde ein svært høg prosent av offiserane seg inn i nazipartiet Nasjonal Samling (NS). Det norske offiserskorpset var etter krigen så kompromittert at det var vanskeleg å finne tilstrekkeleg befal utan lyte då forsvaret skulle byggjast opp att.

Materialet om dette har historikaren Lars Borgersrud no samla i ei bok på 384 sider. Men denne sida ved militæret er framleis ikkje-eksisterande i den offisielle militærhistoriske produksjonen. Då Borgersrud som hovudfagsstudent tenkte å leite etter kor mange offiserar som vart NS-medlemmer eller gjekk i tysk teneste, fekk han vite at dette var eit blindspor. Den som sa det, var Olav Riste, som saman med sine historie-disiplar no legg siste hand på det offisielle verket om det norske forsvarets historie. Mens forsvaret gjennom institusjonar som Forsvarets Krigshistoriske Avdeling (FKA), Institutt for Forsvarsstudiar, Forsvarsmuseet, Norges Hjemmefrontmuseum og Forsvarets Forskingsinstitutt har hatt godt betalte forskarar til å skrive historia si, har Borgersrud gjort det meste på fritida. Som faghistorikar har han hatt politisk yrkesforbod i Norge. Og ved to høve greip representantar for Forsvarets eigne forskingsinstitusjonar inn for å hindre han i arbeidet. No har han garanti-inntekt.

Ingen representantar for det militære historikarlauget møtte opp då Borgersrud nyleg presenterte boka si. Til gjengjeld var det eit visst historisk sus over at Ole Kristian Grimnes på pressekonferansen gav Borgersrud kredit for å ha dokumentert korleis den norske mobiliseringsordninga av 1938 førde til stille mobilisering i 1940, ei mobilisering som tok to dagar gjennom vanleg post. Grimnes er sjølv ein leiande historikar som skreiv første bind av storverket Krigen i Norge, utan å ha med noko om dette.

Men det var då Borgersrud for nokre år sidan tok til å grave i offiserkorpsets NS-fortid at det vart skikkeleg oppstyr.

- Mens eg studerte historie hovudfag og sat mykje på Forsvarets krigshistoriske avdeling i Tollbugata, sa Olav Riste til meg at her var det ikkje noko å hente. Men det var aldri skrive noko om ein femtekolonne i Norge. Det eg seinare gjorde, var å sjekke medlemslistene mot eit utval av høgare offiserar. Det var tidlegare hevda at NS-prosenten i offiserskorpset var langt under gjennomsnittet i befolkninga, men eg visste at det umogleg kunne stemme. NS-arkivet var velfrisert mens det var oppbevart i forsvaret etter krigen, og ei rad dokument mangla. Så vart det oppdaga eit arkiv i kjellaren på statsarkivet på Hamar. Her var det også mykje korrespondanse mellom ulike NS-institusjonar. Materialet frå Wærnesutvalet si gransking av befalet etter krigen vart også tilgjengeleg.

Resultatet Borgersrud fann av eit utval på 648 offiserar, var ein NS-prosent sju gonger større enn hos resten av befolkninga. Men mest bråk vart det etter avsløringa av tre offiserar som hadde skapt seg eit namn etter krigen, Halvor Hanssen, Jens Henrik Nordlie og Rolf Rynning Eriksen. Dei to første hadde vore medlemmer av NS tidleg på trettitalet, mens den siste melde seg inn hausten 1940. Etter krigen hadde han stått sentralt i å byggje opp Heimefrontmuseet. Dokument som viste at dei hadde vore med i NS, vart borte etter krigen, men det lukkast å finne dei att.

- Nordlie og Eriksen hadde fått kontakt med Jens Chr. Hauge i 1942, og vart etter kvart med som rådgivarar for hans Milorg. Etter at så store deler av offiserskorpset var kompromittert, var dei kjærkomne når forsvarsinstitusjonane skulle byggjast opp att etter krigen.

Di sterkare var raseriet frå offisersslektningane etter Borgersruds avsløringar, som han la fram på eit historikarseminar i Bergen i 1998. Ein av forskarane på Heimefrontmuseet, Frode Færøy, bad i ein artikkel i pressa Riksarkivet om å gripe inn mot Borgersrud. Det skjedde. I eit brev frå arkivet stod det at det Borgersrud var fråteken “allerede innvilgede” og “eventuelle fremtidige” tilgjenge til arkivet. Det førde også til at Universitetsforlagets bok I krigens kjølvann vart forseinka med halvanna år.

- Redaktøren av boka, Stein Ugelvik Larsen, hadde bedt meg skrive ein artikkel, og det var materialet til denne artikkelen eg la fram i Bergen. Då slektningane fekk greie på det, gjekk dei hardt på Universitetet i Bergen og Universitetsforlaget for å få boka stogga.

Difor kom boka ut først på tampen av hundreårsskiftet, med Borgersruds artikkel “Militære veivalg 1940-1945”. I mellomtida hadde Borgersrud anka Riksarkivets avgjerd, og etter eit halvt år fekk han medhald i Justisdepartementet.

- Grunnlaget for svartelistinga var at eg hadde gått ut over personvernet, men eg fekk medhald i at personvernet ikkje kan nyttast til å dekke over at personar av høg militær rang stod på fiendens side i krigen.

Saka var ein politisk repetisjon av det som hende 25 år før. Då var hovudfagsstudent Borgersrud den første som viste at det i mellomkrigstida hadde eksistert ein grunnslovstridig, hemmeleg militær organisasjon, og at den stille mobiliseringa i 1940 hang saman med denne. Oppgåva vart klausulert etter påtrykk, han fekk ikkje lov å publisere materialet.

- Eg vart kalla inn av den dåverande sjefen for Forsvarets Krigshistoriske Avdeling, generalmajor Bjørn Chistophersen, som også var den dåverande sjefen til Olav Riste og ein av dei mest sentrale i den militære krinsen rundt Jens Christian Hauge. Eg hadde brukt arkivmateriale han meinte låg under hans jurisdiksjon, og fekk beskjed om at dersom oppgåva ikkje vart gjort utilgjengeleg, ville eg bli tiltalt etter militær strafferett.

- Går det an mot ein ikkje-militær?

- Det veit eg ikkje, seier Borgersrud.

Dette var elles før både Listesaka og Blindheim-saka, då den gamle major Svein Blindheim vart dømd for å ha avslørt norsk spionasje mot Finland. Ulovlege avsløringar kom det også i ei bok av den gamle Morgenblad-redaktøren og etterretningsmannen Chr. Christensen (CC), men den saka vart trekt attende. CC var også den argaste polemikaren mot Borgersrud, som gav ut materiale frå den forbodne hovudoppgåva i tre bøker på Forlaget Oktober under psevdonymet Ottar Strømme. Dei tre bøkene var Stille mobilisering, Den hemmelige hæren og I tilfelle opprør. Etterpå skreiv Borgersrud boka Unngå å irritere fienden under eige namn, og innhaldet i desse bøkene er omarbeidd og utvida til Konspirasjon og kapitulasjon. Det høyrer med at Borgersrud under namnet Strømme også gav ut første bind av Den militære undersøkelseskommisjonen av 1946 i 1978. Alle innanfor lauget visste kven “Strømme” var, men ingenting hende.

- Riksadvokat Dorenfeldts dagar var talde. Eg vart elles god ven med CC på hans gamle dagar, seier Borgersrud. Men som historikar venta det han mange års yrkesforbod.

- Sidan 1975 har eg søkt svært mange stillingar som vart lyste ut av til dømes Riksarkivet eller andre institusjonar innanfor det området eg har kompetanse i. Eg opplevde ikkje å få ein einaste jobbsøknad behandla, seier Borgersrud, som no har tittelen dr. philos i moderne historie. Doktoravhandlinga er Wollweber-organisasjonen i Norge, som i 1997 vart bok med tittelen Nødvendig innsats (Universitetsforlaget), og som handla om motstandsorganisasjonen som er betre kjend som Osvald-gruppa.

Det er eit stort historisk lerret Borgersrud brettar ut mellom 1814 og 1940 i Konspirasjon og kapitulasjon. Det offiserskorpset som først stod på Danmarks side, stod under unionen på svenskekongens side. Så tidleg som i 1851, då thranittrørsla hadde vind i segla, kom dei første framlegga om å gjere Hærens mobiliseringsvåpen ubrukelege, i tilfelle dei skulle komme i urette hender. Dette skulle bli ein våpenteknisk gjengangar når militærmaktas innretting mot den indre fienden skaut fart i første del av 1900-talet, etter at den revolusjonære bølgja rulla over Europa.

I 1922 kom Regler for oppsetning og anvendelse av sikkerhetsvakter, ordensvern og jernbanevakter i tilfelle av uroligheter. Dette var starten på det hemmelege regelverket som i 1938 førde til at delvis mobilisering vart kombinert med stille mobilisering, som gjaldt då Tyskland overfall Norge. Det påfølgjande militære og politiske kaoset dei avgjerande døgna etterpå, kombinert med at mange av våpna var gjort ubrukelege, la mange stader grunnen for eit militært nederlag utan kamp.

Sogene om våpenlagra som var ubrukelege fordi sluttstykke og stemplingsfjører var skilde frå og lagra på annan stad, er like mange som dei er groteske. Ein klassikar er korleis tyske troppar nedkjempa Hegra Fort i Trøndelag med norske kanonar og norsk ammunisjon, etter at dei hadde funne tennstempla og stempelfjørene til skytset.

- Dersom Norge før krigen hadde hatt eit verkeleg mobiliseringsforsvar mot den ytre fienden, kva då?

- Så hadde Tyskland ikkje gått til eit slikt åtak. Det tyske overfallet var planlagt i lang tid, men det var òg eit britisk/fransk åtak. Eit norsk forsvar som hadde fortent namnet, hadde mobilisert lenge før 9. april. Hugs at norsk nøytralitet var krenkt mange gonger etter krigsutbrotet i Europa, seinast i februar og mars 1940. Det var Sovjetunionen dei var redde, den einaste stormakta som aldri trua Norge. I Nord-Norge var det alt mobilisert til krig hausten 1939.

Tapstala under felttoget i Norge var små samanlikna med andre land. Norske militære tap var 850 døde, av dei gjekk 276 ned med panserskipa Norge og Eidsvold. Felttoget til lands frå 9. april til 7. juni lands kosta med nordmenn, tyskarar og andre til saman 2100 menneskeliv. Til samanlikning omkom minst 15.000 russiske, jugoslaviske og andre krigsfangar i tyske konsentrasjonsleirar i Norge under krigen.

- Det er eit kapittel det er skrive lite om. Det same gjeld dei kanskje over 100.000 sovjetiske soldatar som omkom under frigjeringa av Finnmark. Og kva er skrive om det tyske styret under krigen, kva med økonomien? Når historikarane snakkar om kor mykje som er skrive, så er det om den soga som skal styrke det patriotiske sjølvmedvitet. Dette pregar også dei store verka om Norgeshistoria som har kome ut på Aschehoug, Cappelen og Samlaget, der fleire radikale historikarar er med på skjønnmålinga. Ingen av dei skriv om dei vanskelege og kontroversielle sakene.

- I boka di kallar du øvstkommanderande Otto Ruge ein mytterist?

- Ein militær sjef som nektar å følgje ordre frå regjeringa, er etter norsk forfatning ein mytterist. To gonger bad regjeringa han om å følgje med til Storbritannia. Den neste store innsatsen hans etter det mislukka felttoget var å syte for at offiserane skreiv under på æresord om ikkje å ta opp vidare motstand. Når 4-5000 soldatar og offiserar som var internerte i Sverige, vart sende heim til Norge, fekk dei valet mellom å skrive under på æresordet, eller å bli arresterte når dei kom til jernbanestasjonen i Halden, seier Borgersrud.

- Dette var dropen som fekk begeret til å flyte over for mange. Yrkesoffiserane oppfatta dette som at krigen var slutt, regjeringa og Kongen var avsett, og tyskarane hadde vunne krigen. Difor følgde dei Terbovens råd og søkte seg nytt levebrød under okkupasjonsmakta, i politiet, i Arbeidstenesta og så bortetter. Ikkje alle gjekk inn i NS. Men dette var likevel årsaka til at så store deler av offiserskorpset var kompromittert.

Når ein ny forsvarskommando i 1942 skulle setjast opp i London, vart major Wilhelm Hansteen henta inn.

- Han hadde vore militærattache i Helsinki under det tyske felttoget i Norge, og hadde ikkje rokke å dumme seg ut. Vi må attende til 1814 for å finne ei slik forfremming, seier Borgersrud.

- Oppløysinga av offiserskorpset var eit veritabelt jordskjelv, og er fullstendig usynleggjort i den offisielle norske krigshistoria. Det heng nøye saman med heile etterkrigsprosjektet til Arbeidarpartiet. Det vart bygd opp institusjonar som skulle sikre kontroll med forsvarshistoria i samsvar med den kalde krigens krav, og i pakt med den sosialdemokratiske sjølvforståinga. Først når den historikargenerasjonen som gjorde karriere på den kalde krigen, er borte, er det von om gjennombrot for ei ny forståing, seier Lars Borgersrud.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |