Dag og Tid nr. 35, 31. august 2000

Bøker:
Meisterleg og gripande
Ein set seg i godstolen for å lese. Og les. Plutseleg slår det ein at ein slett ingen kvilepuls har, hjarta slår hardare og fortare enn vanleg.

Jon Fosse:
Morgon og kveld
Samlaget

Slik er det når ein les Jon Fosse på sitt beste, og Morgon og kveld, den fyrste Jon Fosse-romanen etter dobbeltromanen om målaren Lars Hertervig midt på 90-talet, er ei gripande og ugripeleg vakker bok om dei store og vanskelege emna i livet.

Språk og verd

Der den tidlege Fosse kunne uroe oss med si særeigne romanskrift og sin særeigne rytme, rører den “seine” Fosse oss på ein heilt annan måte med dei same verkemidla.
Mens den tidlege Fosse utforska det manglande samsvaret mellom språk og verd, er den “seine” Fosses prosjekt å utforske korleis gapet kan heilast utan nødvendigvis å gjeninnsetje Gud som garantist. Dette er såleis ikkje del av noka “lemenvandring mot Gud”, som kulturdebattanten Eivind Tjønneland meiner å ha spora i den nyare norske litteraturen - og slett ingen sentimentalitet, sjølv om opplegget på ein måte kan leggje opp til det.

Fødsel og død

Oppslaget i den vesle romanen er så enkelt og økonomisk som tenkjast kan. I den fyrste og stuttaste delen av romanen blir Johannes fødd, i den andre døyr han som svært gammal mann: morgon og kveld, fødsel og død, inngang og utgang. Likevel er romanstrukturen svært så kompleks, og særleg i andre del - som er ei slags dødebok om Johannes si dødsreise - er den mantraaktige, bibelinspirerte, manande Fossestilen - gjentakingane - meisterleg balansert i ei skildring som både er tungt realistisk jordisk og samstundes lett og skøyrt “overjordisk” - nett slik hovudpersonen opplever dei heimslege tinga rundt seg.

Romanen spenner over eit langt tidsrom, tre heile generasjonar. I fyrste del møter vi fiskaren Olai, og gjennom hans febrilske tankar følgjer vi den fødselen som blir svært så vellukka, den etterlengta sonen Johannes blir fødd, han skal bli fiskar som far sin. I den andre delen følgjer vi den gamle enkemannen Johannes - som har flytta frå Holmen til den næraste øya - gjennom det vi trur er ein vanleg dag med daglegdagse gjeremål. Rett nok får vi mange signal om at noko særskilt er på gang, han opplever blant anna verda i eit særskilt underleggjort lys. På sin daglege tur til Vågen der robåten ligg, treffer fiskaren Johannes på naboen og venen, fiskaren Peter, som døydde nokre år tidlegare, og dei gir seg ut på fiske og reis i Peters båt - heile tida som ei gjentaking av ei reis dei tidlegare ein gong har gjort. Om kvelden kjem yngstedottera Signe for å sjå til faren, ho møter faren sitt følgje undervegs, og mens faren sit i Peters hage, finn ho faren død i senga.

Teksttradisjonar og mytar

Eidolopoiia
tyder å la dei døde tale. Slikt er ikkje uvanleg, heller ikkje i moderne dikt, men å få det til å fungere i ein moderne roman er meisterleg. Så er grepet også nært knytt til dei mytane og religiøse skriftene som heile tida kling med. Til dømes gir fenomen som øy, hage, båtreise og fisking og den særeigne namnebruken tydelege signal om det. Og Fosses repetetive skrivestil har kanskje eit enda tydelegare avsett i det bibelske enn i den førre romanen hans - også slik blir teksten ladd med meining. Jo, Fosse er retteleg diktar, han kan minne om Vesaas og er framleis i Vesaas-klasse.
Ole Karlsen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |