Dag og Tid nr. 32, 10. august 2000

Nini Roll Anker:
Ein kongeleg norsk hoffkommunist
Ho høyrde til det beste borgarskapet, var omgangsven med dei kongelege, men på 1. mai stod ho i vegkanten og vinka ivrig med flagget til arbeidarane som gjekk i 1. mai-tog.

OTTAR FYLLINGSNES

Nini Roll Anker har vorte omtalt som “ein kongeleg norsk hoffkommunist”. I desse dagar lanserer Tordis og Jo Ørjasæter bio-grafien Nini Roll Anker. En kvinne i tiden.

Nini Roll Anker vart fødd i Molde, og boka vart lansert på Bjørnsonfestivalen. Der var det denne veka lagt opp til byvandring i fotspora til Nini Roll Anker og markering ved skulpturen av forfattaren.

Nini Roll Anker (1873-1942) gav ut 28 bøker. Særleg er ho kjent for Det svake kjønn (1915), Kvinnen og den svarte fuglen (1942) og Den som henger i en tråd (1935). Den siste var ein arbeidarroman, og biografane omtalar boka som “mellomkrigstidens kanskje mest betydelige sosiale roman i Norge”. Då han kom ut, omtalte C.J. Hambro på sitt ironiske vis Nini Roll Anker som klasseforrædar, men ho flotta seg over ha fått eit slikt stempel.

Sosialist

Det er sju år sidan Tordis Ørjasæter gav ut den store og kritikarroste biografien om Sigrid Undset. I arbeidet med den boka kom ho over mykje spennande stoff om Nini Roll Anker, blant anna heile det store dagboksmaterialet. Tordis Ørjasæter vende seg til forlaget og gjorde merksam på det fabelaktige materialet som låg og venta på den som skulle skriva om Nini Roll Anker. Til si store glede fekk ho tilbodet, men det var ikkje så lett å gjera seg ferdig med Sigrid Undset. Først skreiv ho Sigrid Undset og Roma, og sidan følgde andre Undset-oppdrag. I den samanhengen kom Jo Ørjasæter inn i biletet. Medan Tordis har stått for det meste av den personlege innlevinga, har Jo teke seg av den kultur- og litteraturhistoriske bakgrunnen i den nye biografien.

Jo Ørjasæter meiner at Nini Roll Anker vanskeleg kan sjåast i sin heilskap utan at ein også ser på samfunnsutviklinga på hennar tid.

- Ho var fødd inn i det høgaste embetsmannsmiljøet. Faren var sorenskrivar i Molde, og seinare vart han høgsterettsassessor og finansminister. For meg er Nini Roll Anker ein spennande overgangsfigur frå embetsmannskulturen. Ho voks opp midt i det store oppbrotet då det viste seg at embetsmennene eigentleg ikkje hadde forstått kva som hadde gått føre seg i folket i tida etter 1814. Nini kalla seg sosialist, men eg trur neppe at ho studerte Marx eller andre teoretikarar. Ho voks opp i ein kulturelt fornem og kristen heim, men seinare tok ho sterk avstand frå kyrkja sine tenarar. Eg trur at ho såg sosialismen som eit naturleg framhald og ei forlenging av det sentrale i kristendommen. Heile livet var ho ei overklassekvinne med stilen til ei verdsdame som imponerte alle. Samstundes var ho svært sosialt aktiv og engasjert for dei svake i samfunnet.

Forfattaren

Nini Roll Anker debuterte med romanen I blinde i 1898, men i staden for sitt rette namn, brukte ho pseudonymet Jo Nein.

TORDIS: Heilt frå ho var lita, var det eit driv i henne til å skriva. Ho skreiv og skreiv, og då ho gifta seg svært rikt første gongen og vart godseigarfrue i Fredrikshald, var ho enno ikkje 19 år. Etter kvart vart skrivinga ein lidenskap, og ho braut ekteskapet med den svært rike Peder Anker. Det var skandale den gongen, men ho gifta seg seinare med Johan, fetteren til ektemannen. Det vart den store kjærleiken.

JO: Som godseigarkone vart ho leiar for ei foreining for fabrikkarbeidarjenter i Tistedalen ved Fredrikshald i 15 år. Det er ikkje tvil om at den første ektemannen var ein svært romsleg, snill og generøs fyr. Godseigaren inte-resserte seg for jakt, skog og verksemdene sine, men han var svært stolt av Nini. Han strekte seg langt, men det kom til eit punkt då han syntest at ho motarbeidde han i det ho skreiv.

TORDIS: Det gjorde ho nok, ettersom ho skreiv om kvinner som vart utnytta av gods- og skog-eigarar. Både dei politiske haldningane og at han ikkje hadde noko interesse for skrivinga hennar, medverka nok til at dei skilde lag. Dessutan gifta ho seg svært ung og hadde eit stort behov for å finna ut kven ho var. I 1910 gifta ho seg med fetteren som røysta Venstre, men som vart meir og meir konservativ etter kvart. Sjølv om dei var svært ulike politisk, øydela ikkje det kjærleiken.

Solidariteten

I det andre ekteskapet med seglbåtmakaren Johan Anker, budde Nini på Lillehaugen i Asker.

TORDIS: Ho støtta Mot Dag-istane, og i dagboka uttrykkjer ho stor begeistring når sosialistane hadde framgang. Ho var nær ven med både Sigurd Hoel, Arnulf Øverland, Gunnar Heiberg og dei andre forfattarane i samtida, samstundes som ho var nær ven med kongefamilien. Det som gjorde meg fascinert av henne, var den absolutte lojaliteten og solidariteten med svake grupper, samstundes med at ho tilhøyrde overklassen. Trass i dette representerte ho aldri noko overfrå og ned-haldning; det var solidaritet ho stod for.

JO: Nini var av dei sjeldne overklassekvinnene som kunne gå kringom blant fattige og gjera vel, utan å trakka på sjølvkjensla til folk.

Fødselshjelpar

I 1911 vart Nini Roll Anker viseformann i Den norske Forfatterforening, og på 30-talet var ho formann i det litterære råd.

JO: Forfattarforeininga var svært fattig på den tida. Nini visste kven som sat på pengane, og ho kunne kunsten å nærma seg pengefolk slik at dei vart freista til å punga ut til fattige kunstnarar. Ho gjorde svært mykje for å samla inn pengar til foreininga. Til langt oppi 20-åra hjelpte ho også til med eigne pengar. Ho var svært flink til å halda unge lovande forfattarar under armane til dei kunne stå sjølve. Gunnar Heiberg og Olaf Bull var blant dei som fekk økonomisk hjelp.

TORDIS: Nini var dessutan generøs med si eiga tid. Ho var direkte fødselshjelpar for Magnhild Haalkes Allis sønn, som er ei av dei finaste bøkene eg veit om. Og det var ho for svært mange bøker. Ho var svært nær ven både med Ingeborg Refling Hagen, Cora Sandel, Magnhild Haalke og Sigrid Undset.

Det erotiske

Nini Roll Anker og Sigrid Undset følgde kvarandre nært store delar av livet.

TORDIS: Mange vil tru at Nini var typisk kvinnesakskvinne, men det var ho definitivt ikkje, sjølv om ho var formann i ei kvinnesaksforeining i Fredrikshald. Sjølvsagt støtta ho Katti Anker Møller når det galdt dei castbergske barnelovene, og ho stod på barrikadane for kvinner i radikale saker. Samstundes tok ho avstand frå den nedvurderinga av mannen som kvinnesakskvinnene stod for. For henne var det erotiske liv heilagt. Ho syntest nok at kvinnesakskvinnene nedvurderte det erotiske livet, kjærleikslivet, for ikkje å snakka om morsrolla. Der stod Nini Roll Anker og Sigrid Undset likt. Dei meinte at det viktigaste for ei kvinne var å vera mor. Samstundes var det ein tragedie for Nini Roll Anker at ho ikkje fekk barn, men ho auste i staden kjærleiken sin utover andre ungar. I dag ville me kanskje kalla henne feminist.

Viktig for kongen

Nini Roll Anker pleia omgang både med dei kongelege og med mange av dei store kulturpersonlegdomane i samtida. Ho møtte både Georg Brandes og Thomas Mann.

TORDIS: Det er spennande å følgja forholdet ho hadde til kongefamilien. Først var det prega av forakt for kong Haakon, men så vert Johan ven med kongen, og Nini opplevde kongen som ein fantastisk fin personlegdom. Ho syntest at kronprins Olav var ein både keitete og hjelpelaus liten gut, men etter kvart vert ho glad i han. Frå ei fjerdehands kjelde har me fått opplyst at kronprins Olav uttalte at Nini var ein av dei menneska som hadde vore viktigast for hans utvikling. Også for kronprinsesse Märtha var ho svært viktig.

JO: Så vidt me kan skjøna må Nini ha vore Märthas personlege fortrulege i Noreg.

TORDIS: Ho var imponert over kongefamilien som visste om samfunnssynet hennar, men som likevel ville vera saman med henne. Ho var nær ven med vidt ulike personar. Likevel trur eg ikkje det var noko falskt over henne. Ho var ein svært rik personlegdom.

Pasifismen

Nini Roll Ankers pasifisme kom sterkt til uttrykk i Kvinnen og den svarte fuglen.

JO: Heilt frå ho var ung, var ho glødande oppteken av det som gjekk føre seg i verda. Ho kunne aldri forsona seg med at krig kunne løysa problem. Ho fatta aldri at vaksne, vettuge menneske kunne byrja å slåst på den måten. Ho avskydde krig av heile sitt hjarte. Kvinnen og den svarte fuglen, som må sjåast på som hennar åndelege testamente, skreiv ho etter at tyskarane hadde invadert Noreg. Likevel er det ei utprega pasifistisk bok.

TORDIS: Ho meinte først at arbeidarrørsla skulle stå opp mot krigen; at det skulle vera sjølve sigeren for sosialismen. Då arbeidarrørsla svikta, vona ho at kvinnene skulle ta på seg den oppgåva. Sjølv hugsar eg byrjinga på krigen, og eg er imponert over at Nini Roll Anker skreiv denne boka i 1941 og 1942. På denne tida trudde folk at tyskarane sigra på alle frontar.

JO: Nini Roll Anker hadde ein stor og stabil lesarkrins. Bøkene hennar kom ut store opplag, truleg 13.000 for eit par av bøkene. Ho vart likevel aldri rekna til dei heilt store i samtidslitteraturen; ikkje på nivå med Olav Duun, Sigrid Undset og Knut Hamsun, men ho hadde ein svært sterk posisjon litt under toppen.

Språkstriden

Nini Roll Anker blanda seg aldri aktivt inn i språkstriden, men ho gjorde svært mykje for nynorsk-forfattarar.

JO: Ho hadde stor respekt for dei nynorske klassikarane som Aasen, Vinje og Garborg, og det hadde ho nok med seg frå skuledagane i Molde. Der hadde ho ein norsklærar som gjorde sterkt inntrykk på henne, og han var ein mann som hadde evna til å formidla begeistringa for litteraturen. Det var nok han som gav Nini smaken på dei nynorske klassikarane. Sjølv meinte ho at Olav Duun var den største diktaren i samtida.

TORDIS: Me har også funne brev til Nini der Tarjei Vesaas omtalar henne som “Den gode Mor for oss” alle. Også frå faren til Jo, Tore Ørjasæter, har me brev. Dei viser ein nær venskap. Nini Roll Anker var “sine veners ven”.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |