Dag og Tid nr. 31, 3. august 2000

På tomannshand:
Den siste amatøren
Mette Bergmann budde hjå mamma og pappa til ho var vel 33. Eit ekte heimelam? Nei, den “bælsterke” sjukepleiaren frå Fredrikstad måtte kasta diskosen lengst i verda for å få sponsoravtale og råd til eiga leilegheit.

Noralv Pedersen (tekst og foto)

Bak rattet i ein sølvgrå Opel utan sponsorklistermerke svingar Mette Bergmann inn på hamna i Fredrikstad. Dei mørkeblå Adidas-jakkeflaka og det lyse håret flagrar i vinden der ho lett vaggande går bortover bryggeplankane.

- No gleder eg meg til å slutta. Eg er lei av å trena i snøsørpa og på gjørmete grusbaner. Lei av å trena med tunge vekter, av å bruka heile sommaren på berre idrett, å reisa på stemner. Det er dette eg har gjort heile livet mitt, så det er på tide å finna på noko anna, og det skal ikkje verta vanskeleg, seier Mette og lener seg godt tilbake på benken.

Før kvinna frå Kråkerøy byrja med diskos som 18-åring, hadde inga norsk kvinne kasta over 52 meter. No er ho 37 og har vunne alle norgesmeisterskapa i diskos sidan øvinga fyrste gong var med i Øvre Årdal for 16 år sidan. Ho har også nokre NM-titlar i slegge, og ein sølvmedalje i europameisterskapen i styrkeløft. Alt dette er mykje trenar Gunnar Halvorsen å takka, meiner Mette:

- Han har alltid hatt tru på meg og det me har halde på med. Då han sa at eg kunne kasta 70 meter, lo eg berre av han.

Det gjer ikkje Mette no lenger. Med ein personleg rekord på 69,68 meter la ho opp i fjor utan noko meir å bevisa for seg sjølv. Det var draginga mot å vera med i dei olympiske leikane i Sydney som fekk henne til å hoppa i treningsbuksene eitt år til. Men i år har det gått tungt. Enno har ho ikkje kvalifisert seg for OL-troppen sjølv om ho i eit stemne i juni berre var ein halv meter frå kravet på 63 meter.

- Eg trudde at eg skulle koma til å kasta 65-66 meter i år. Med slike lengder er du med i toppen, men det har ikkje gått som planlagt.

Det har ikkje alltid gått som planlagt for Mette Bergmann. Ho var i sitt livs form midt på nittitalet og hadde kasta årsbeste i verda like før verdsmeisterskapen i Gøteborg. Men Mette enda berre på sjetteplass. Frå sofaen framføre fjernsynsruta var det ikkje vanskeleg å sjå vonbrotet i andletet til den elles så avbalanserte Fredrikstad-kvinna.

- Ja, eg burde ha teke medalje der nede, men fekk det ikkje heilt til.

- Korleis greidde du å motivera deg for å trena att?

Mette smiler uforståande til spørsmålet:

- Det var ikkje vanskeleg. Eg var skuffa der og då, men livet går vidare. Det står og fell ikkje med om du gjer det godt i ein verdsmeisterskap. Eg har ein bronsemedalje frå EM i 1994, så eg tykkjer eg har nådd langt.
I ei lang internasjonal karriere i ei av dei mest kraft- og styrkekrevjande greinene i friidretten har Mette konkurrert mot diskoskastarar som har brukt doping.

- Korleis har det påverka motivasjonen din?

- Eg har alltid drive på fordi diskos har vore kjekt. Då eg byrja, trudde eg ikkje det gjekk an å kasta 60-70 meter utan doping. Men det har eg greidd.

- Korleis såg du at konkurrentane dopa seg?

- Sjølv om det finst mange ulike mennesketypar, også blant kvinner, er det nokre som er tydeleg meir hårete enn andre. Det var også rart at alle som kasta kule, diskos og slegge, var mørke i røysta og hadde klårare definert muskulatur. Men dette er mine mistankar. Eg har kasta langt sjølv, og det er sikkert nokre som trur at eg har dopa meg også.

- Har du dopa deg?

- Nei, det har eg ikkje, seier ho og festar augo på meg, lenge.

- Eg har aldri vore freista av det heller. Då hadde eg heller nøydd meg med å kasta 50 meter og vore nøgd med det.

Det norske kastemiljøet har også hatt sine dopingskandalar. Friidrettslege Ove Talsnes sa ein gong at dersom det var sant at Trine Hattestad hadde dopa seg, så ville han gi seg med friidrett, då hadde det gått for langt og var ikkje morosamt lenger. Talsnes var sjølv aktiv på den tida Trine Hattestad vart skulda for å nytta kunstige og prestasjonsfremjande medikament. Elitekastarar som Knut Hjeltnes, Kjell Ove Hauge og Georg Andersen vart alle utestengde etter at dei hadde testa positivt. Mette nektar på at ho nokon gong har fått tilbod.

- Eg visste ikkje om at dei dreiv med dette. Dei som gjer slikt, opererer lite openlyst.

- Korleis vurderer du toppidretten i lys av alle dopingavsløringane?

- Så lenge det så store pengar å tene, vil det alltid vera nokon som spekulerer i juks. I land med stusslege levekår, som statane i det tidlegare Sovjetunionen, er det mange som treng pengane sårt. Dessutan trur eg ikkje det finst vilje i det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) til å få idretten dopingfri. Dopingarbeidet som blir utført, er overflatisk. Dei testar nokre få innimellom for syns skuld. Hadde dei testa alle, ville det ha blitt stor ståhei. Då ville mange av dei beste ikkje ha vore med lenger.

Mette hevdar dei internasjonale leiarane er redde for at interessa for friidretten skal forsvinna dersom utøvarane ikkje lenger spring like fort og kastar like langt.

- Når det internasjonale friidrettsforbundet kan hyra dei ypparste forskarane, er det underleg at utøvarane skal liggja lenger framme enn frontforskinga. Utøvarane får stadig tak i nye preparat som kontrollørane ikkje oppdagar. Få land testar utøvarane like hyppig som Norge. Her vert me testa også i treningsperiodane. Med dei resursane IAAF har, ville forbundet utan vanskar ha fått utradert dopinga dersom dei verkeleg gjekk inn for det.
Med ein stor marknadsføringskampanje midt på 1920-talet greidde dåverande forlagssjef i Gyldendal, Harald Grieg, å kanonisere Ibsen, Bjørnson Kielland og Lie som Dei fire store i norsk litteratur. Skulle toppidrettssjef Bjørge Stensbøl ha gjort noko tilsvarande for den norske gullalderen i friidrett hundre år etter dei litterære kjempene, hadde han nok ikkje kome utanom Mette Bergmann. Saman med Geir Moen, Trine Hattestad, Steinar Hoen, Hanne Haugland og Vebjørn Rodal hausta Mette mange internasjonale friidrettsmedaljar heim til Norge på 1990-talet. Men heller ikkje desse heltane vert yngre med åra. Kritikarar snakkar no om krise i norsk friidrett med forgubbing og få talent. Også Mette trur dei næraste åra vil bli nedtur for norsk friidrett sidan mange av dei rutinerte ut-øvarane sluttar etter Sidney-OL.

- Det norske landslaget er jo reine gamleheimen for tida. Det norske friidrettsforbundet har satsa alt for lite på talenta. Det har berre satsa på dei beste, og det straffar seg no. Når du har teke medalje i EM og VM, har du midlar så du klarar deg. Det er då forbundet heller må satsa på å rekruttera fleire nye unge utøvarar. Det har det ikkje gjort, så no ser det svært skrøpeleg ut bak dei beste. Heldigvis har ein fått opp den unge og svært lovande langdistanseløparen Marius Bakken, men det er i ei øving der det kryr av kenyanarar som er vanskelege å tukta. Heller ikkje han har slege gjennom som eit resultat av det norske friidrettsforbundet si satsing. Det er klubben som har løfta han fram. Det er i det heile klubbane som har halde norsk friidrett oppe dei siste åra. Det gjeld også i høgste grad for min del. Eg måtte kasta verdas lengste kast for i det heile å få sponsorinntekter. Også på det feltet har det vore lite hjelp å få frå det norske friidrettsforbundet.

I diskos for kvinner er det ingen norske som er i nærleiken av å truga Mette Bergmann.

- Har forbundet hatt eitt talent eller to, så har dei ikkje satsa på desse. Med slik kortsiktig tankegang får ein ikkje fram medaljekandidatar i diskos. I den øvinga er det ikkje gjort på ein, to, tre å kasta over 60 meter. Sidan Norge har få talent å ta av, er fråværet av langsiktig rekruttering ekstra uheldig. Det trur eg også forbundet har innsett no, men det vil ta fleire år før talentutvikling vil gje resultat i form av internasjonale medaljar.

Nei, gud, der kommer morra mi, jo! Hva gjør du her, ropar Mette til mamma Ragnhild, ei blid dame på 70 år som kjem syklande over hamna. Ho har vore på trening i helsesenteret. Ho vil ikkje uroa og avtalar kjapt noko med Mette før ho susar vidare under eit velstelt og nydusja hår og bak raude lepper. Me kan sjå ho der ho tråkkar seg over brua til Kråkerøy.

- Er eg så sprek når eg er 70, skal eg vera nøgd, seier Mette.

- Men at mora mi har vore tidlegare ute for å trena enn meg, er ikkje bra, ler ho.

Ragnhild Bergmann har ein andreplass i norgesmeisterskapen i roing og hevdar at ho og Mette har konkurransementaliteten felles. Mette dreg litt på det.

- Eitt er sikkert; ho har alltid vore aktiv, og både ho og pappa har følgd meg godt opp. Då eg var yngre og dreiv både med fotball, volleyball og fri-idrett, køyrde dei meg alltid på stemner. Dei har kjent seg som ein del av miljøet. Medan eg budde heime, var ofte kastarar på besøk. At dei overnatta og åt saman med oss, tykte mamma og pappa berre var artig. Då eg flytta, sakna dei dette miljøet så fælt. Dei tykte det var ille at eg skulle flytta, men det var på høg tid. Eg var langt over tretti, flirer Mette.

- Er du det dei i Sogn kallar eit ekte heimelam?

Mette ler.

- Nei, eg budde heime fordi eg fram til midt på nittitalet berre hadde inntekt frå den halve heimesjukepleiarstillinga medan eg konkurrerte. Då har du ikkje mykje pengar. Etter kvart byrja eg å tene litt på diskoskastinga. Det var ikkje mykje, men såpass at eg hadde råd til å kjøpa meg ei leilegheit.

- Kva tankar gjer du deg om andre friidrettsutøvarar som har lukrative sponsoravtalar?

- Når utøvarane er mykje betre enn deg, skjønar du det, men det som er irriterande er at du må vera ein mykje betre kastar for å få avtale enn du må vera som løpar. Me er kanskje ikkje dei mest attraktive, me store kvinnelege kastarar, flirer Mette, men legg til:

- Eg tykkjer no det er finare enn dei tynne slintrene som spring 10000 meter. Er det så pent, då?

Mamma Ragnhild har sagt at dottera eigentleg har for korte armar til å bli ein god diskoskastar. Mette kikkar ned på dei to kraftige kroppsdelane sine.

- Ja, ho har vel høyrt at det var ein fordel å ha lange armar, og det er det. Før verdsmeisterskapen i 1995 hadde me besøk av ein kvinneleg diskoskastar frå Kviterussland som var frykteleg lang i lemmene. Dei enorme føtene; eg har aldri sett maken. Og sjølv om eg har temmeleg store nevar, hadde ho dobbelt så store, seier Mette og viser fram to røslege hender.

- Midt i vonbrotet etter den nedslåande sjetteplassen i Gøteborg gjekk du likevel bort til ho og gav ho ein god klem.

- Ja, ho vann; det var moro for henne det. Ho hadde det dårleg i Minsk, så ho hadde sikkert betre av suksessen enn meg, seier Mette lågmælt.

- Mora di har også sagt at du er “bælsterk” og at ho ikkje tykkjer noko særleg om det?

- Nei, ho likar ikkje at eg lyfter på dei tunge vektene. Eg er ikkje sterk i forhold til konkurrentane mine. Men for å verta god i diskos nyttar det ikkje å vera sterk åleine. Du må vera eksplosiv, tolmodig og meistra teknikken.

Mette har etter kvart tileigna seg ein effektiv eksplosiv teknikk. Styrken har ho fått ved å trena mellom anna saman med ishockeyspelarane på Stjernen.

- Eg er imponert over hockey. Dei trenar hardt og må både vera sterke og ha kondisjon. Det siste eig eg ikkje.

- Men du lyfter framleis 120 kilo i benkpress?

- Eg greier vel ikkje meir enn 115 no. Men det er ingenting, det, når konkurrentane mine tek 180.

Bergmann kjenner seg slett ikkje att i myten om toppidrettsutøvaren som ein einspora og sjølvoppteken person.

- Dei fleste har perspektiv utover idretten. Du lærer mykje av å reisa og måtta forholda seg til mange ulike menneske. Dessutan lærer du å arbeida mot og gjennomføra mål du har sett deg. Du vert også god til å organisera tida di. Du kan ikkje susa.

Å driva dank har i alle fall ikkje Mette hatt tid til. Ho har søkt om opptak på informatikkstudium, men er utdanna sjukepleiar og har arbeidd halv stilling i heimesjukepleien heile tida medan ho har konkurrert.

- Det å arbeida med sjuke og pleietrengande menneske stiller toppidretten i eit underleg lys. Idretten betyr ingenting i den store samanhengen, men det har vore ein hobby som eg har vore priviligert med å få halda på med. Eg har halde på så lenge nettopp fordi eg har hatt så stor glede av idretten.

I heimesjukepleien ser Mette mykje som kunne ha vore betre. Ho er oppgitt over Østfold fylkeskommune som har brukt fleire millionar på å byggja opp sjølvbilete til østfoldingen som fylkespolitikarane hevda den trege og truskuldige Raymond hadde rive ned.

- Eg har i alle fall ikkje fått dårlegare sjølvbilete av å ha sett Raymond på fjernsynet. Eg ser kvar dag kvar desse pengane kunne ha gjort meir nytte for seg, i helsesektoren. Hadde eg vore fylkesordførar, ville eg ha fått betre sjølvbilete av å ha betre eldreomsorg enn å leggja skulda på Raymond, seier Mette og skodar ser ut over bryggekanten på feriebåtar som duvar i kanalen. Trass i at OL-kravet enno ikkje er nådd, kviler det ei ro over dei breie herdene hennar. Når ho med eit smil om munnen klagar over gikta og over stive ledd i fingrar og kne, er det alltid akkompagnert av ein avvæpnande og sjølvironisk latter.

- Kvifor er alle diskoskastarar sjukleg opptekne av vind?

- Fordi det frå motvind til medvind kan skilja ti prosent på lengda, noko som kan utgjera seks meter på eit 60-meterskast. Det vert som oppdrift i skihopping. Gutane er spesielt opptekne av vinden. Dei har reist til Island for å finna gode vindtilhøve. Det bles mykje på Island, veit du. Dit gidd eg ikkje fara, sjølv om eg likar meg godt i motvind.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |