Dag og Tid nr. 28, 13. juli 2000

Roald Helgheim:
I Norge no
På mindre enn ei juli-veke les eg desse avisoppslaga:
 
- Utanlandsadopterte får ikkje gje blod (Aftenposten 9. juli).
- Unge ugifte kvinner blir nekta visum til Norge (Aftenposten same dag).
- Kriminelle asylsøkjarar skal raskare ut (Aftenposten 6. juli)
- Staten nektar jobbstøtte til kommune som vil setje flyktningar i arbeid (Aftenposten 10. juli).
- Flykningebarn rett frå krigen plassert mellom brølande fly på Trandum asylmottak, mellom Forsvarets anlegg og Gardermoen Flyplass (Aftenposten 9, juli).

At norske reglar for blodgjeving utelukkar folk frå tredje verda-land kjenner vi til, men det er like opprørande å lese om kvar gong. Denne gongen gjeld det to ungdommar, 20 og 23 år gamle, som har budd i Tønsberg sidan dei vart adoptert frå Guatemala som små, og den provoserte mora seier til Aftenposten at “dette minner mer om Nazi-Tyskland enn Norge”. Folk som er fødde i Mellom- og Sør-Amerika, Afrika, Asia eller Aust-Europa, er uønskt som blodgjevarar hos oss, same kor friske dei er. Heller ikkje kjærastar eller sambuarar, om aldri så norske, får gje blod. Det er Statens helsetilsyn som har laga reglane, “av hensyn til blodmottageres sikkerhet”. På den andre sida er det ikkje mogleg å kontrollere kva seksualpartnarar blodgjevarane elles har hatt. Der må vi berre stole på folk, seier ein ved Sentralsjukehuset i Vestfold. Men alt blod blir sjølvsagt sjekka for HIV og andre sjukdommar, same kvar det kjem frå. Så kva er i vegen med “framandt” blod? Om ikkje dette er rasehygiene av reinaste vatn, så veit ikkje eg. Det er forresten 20 prosent auke i adoptivbarn det siste året, melder Aftenposten 10. juli.

Den ugifte kvinna som ikkje får vitje familien sin, er frå Bangladesh, og UDI er redd ho vil bli i Norge, då ho er ung og ugift, “og således ikke har sterke bånd til hjemlandet”. Dette er den offisielle grunngjevinga. Får vi minne om det offentleg støtta utspelet nyleg, som åtvara unge innvandrarjenter i Norge mot å bli med foreldra til heimlandet, for dei kunne bli tvangsgifte? Samstundes som unge kvinner som vil vitje slektningar her i landet, nærmast blir framstilte som giftekåte snikinnvandrarar?

Det er fleire organisasjonar og fagforeiningar som har skrive brev til statsrådane Brustad og Harlem og spør kor sterke band ein må ha til Norge for å få lov til å vere turist her. UDI brukar same grunngjeving oftare og oftare mot kvinner, men ikkje mot ugifte menn. Anitha Rathore i Organisasjon mot Offentlig Diskriminering seier at det er ironisk at kvinna hadde fått kome til Norge om ho hadde vore gift. På denne måten vurderer likestillings-Norge kvinner gjennom kva tilhøve dei har til menn.

Kva då med staten som nektar jobbstøtte til flyktningar? Det gjeld Os kommune som søkte midlar til å marknadsføre flyktningane sine and-synes næringslivet. “På norske asylmottak sitter 7000-10.000 voksne flyktningar og sløves ned til å bli varige sosialklienter. De kom hit som friske og arbeidsføre mennesker, men etter halvannet til to år uten aktivitet blir flere varig diskvalifisert for arbeidslivet”, seier tiltakskonslulenten i kommunen som kan vise til positive døme på asylsøkjarar som fekk fast jobb etter å ha fått prøvd seg. Men pengar frå staten var det ikkje å få. UDI-direktøren presterer til og med å uttale at “jeg innser at mottak ikke ligger optimalt plassert i forhold til sjansen til å få jobb, men vi er engstelig for å få et for stort trykk inn mot de sentrale strøk”!

For ikkje lenge sidan sa arbeidsdirektør Ted Hanisch at “hvis vi ønsker å opptrettholde vår velstand og velferd, vil vi om 10 år ha behov for en årlig innvandring på 30-40.000 yrkesaktive, pluss deres familier.” Som kjent er lediggang rota til det vonde, så som kriminalitet og anna elende. Trur ikkje UDI-direktøren også det? Jau, men UDI har eit botemiddel mot det også. “UDI prioriterer forbrytere. Nye prosedyrer skal få kriminelle asylsøkere raskere ut av landet”, er vårt neste oppslag. Framlegget vekkjer åtgaum både i politiet og NOAS, men ein advokat tvilar. “Vi snakker om antatt kriminelle. Få eller ingen er dømt i Norge. Problemet blir å skille klinten fra hveten. Hvem skal avgjøre om et menneske er en kriminell?”

Ringen er slutta. Først ein asylpolitikk som fremjar kriminalitet, så nye åtgjerder for å få dei snøggare ut av landet. Kva flyktningane på Trandum har med dette å gjere? Barn rett frå krigsmarkene plassert i ei ny krigssone - dei blir sikkert kriminelle av det også. Ut med dei! Og til alle som får bli: Blodet vårt skal de i alle fall ikkje få skjemme ut. Hugs, de er i Norge no.
Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |