Dag og Tid nr. 28, 13. juli 2000

Colombia:
Dei stille studentane i Medellín
Universitetet i Medellín er ikkje som andre lærestader. Valden i Colombia har fått debatten til å stilne. Men studentane les, festar, trenar og går på konsert, og ein ung mann lærer norsk via brosjyrar om Nord-Norge, Terje Vigen,sunnmørsk heimstad-dikting - og Varg Vikernes sine nettside, skriv Helge Bjørlo.

Etter å ha vist fram student-kortet mitt og etter ein symbolsk sjekk av veska mi er eg inne på Universidad de Antioquia (UdeA) i Medellín. Det første ein ser, er ein skog av store tre som kransar om bygningane og som gjer at det tar fleire dagar før ein lærer å kjenne området skikkeleg. Hjartet av universitetet er ei stor fontene med ein open plass mot vest. Mot aust ligg ei brei gate med utekantiner, kopibutikkar og bord med bøker til sals. Mot nord biblioteket, og mot sør museet og konserthallen Camilo Torres, kalla opp etter den legendariske presten og frigjeringsteologen som i sekstiåra gjekk inn i geriljaen og fall i den første aksjonen han var med på.

Fred med bismak

Eg går til kafeen Tronquitos og kjøper meg ein tinto, kaffi, i plastkrus. Som vanleg er alle sitte-plassar opptekne, så eg set meg på kanten av muren og ser på ungdomane som spelar mikrofotball nedanfor. Klisjeen “ein oase av fred” kjem fort i tankane når eg ser rundt meg på avslappa studentar i samtale over ein tinto, medan ein hund med kvit krøllete pels, som alle kallar “sauen”, snusar rundt meg. Timane går fort. Folk her er generelt svært sosiale og treng ikkje noko stort påskot for å slå av ein prat. Det er likevel ein fred med bismak, og det er somme tema ein ikkje rører. Hausten -98 og våren -99 var prega av store studentdemonstrasjonar. Studentane protesterte mot planar om privatisering og auka studiegebyr, og det heile enda som regel med konfrontasjonar med politiet, med tåregass, steinkasting og brende bussar og bilar. Studentane var ikkje alltid like fredelege, og ein politimann vart drepen av ei sjokkbombe under ein av demonstrasjonane. Borgarmeisteren i Medellín sette ned forbod mot alle studentdemonstrasjonar og truga med å stenge universitetet dersom det vart meir bråk.

Men også Carlos Castaño, leiaren for paramilitære AUC, Colombias Sameinte Sjølvforsvarsgrupper, bestemte seg for at tida var inne for å rydde opp på Universidad de Antioquia. For første gong på ti år skjedde det drap inne på campus. Hernán Henao, styrar ved Institutt for antropologi og ein anerkjent forskar på menneskerettar, vart skoten inne på sitt eige kontor av unge leigemordarar. Alle reknar med at dei var på oppdrag for AUC. Nokre dagar seinare vart ein kantinestyrar drepen. Ingen veit sikkert kvifor. Ein månad seinare var det studentleiaren Gustavo Marulanda sin tur. Han vart skoten da han gjekk ut inngangsporten til universitetet og nok ein gong var det AUC som stod bak. Seinare offentleggjorde AUC ei liste med 40 uynskte studentar og lærarar. Alle veit kva ein trussel frå AUC tyder, og dei fleste av dei truga valde å reise, ein del slutta på universitetet, og nokre av lærarane gjekk under jorda, blant anna ein instituttleiar. Det skjedde likevel ein ny mindre demonstrasjon i september der hettekledde studentar sette fyr på ein buss før dei storma inn igjen på universitetet medan dei kasta sjokkbomber rundt seg. Etter det vart det stille på universitetet. Så stille som det aldri har vore før.

Ein fristad

Omsider kjem Sandra som eg har avtale med. Vi kjøper oss meir kaffi, og eg spør kva universitetet har hatt å seie for ho.

- Eg har blitt vaksen på universitetet. Det er ikkje så mykje ein lærer på ein offentleg vidaregåande skole om kva som går føre seg i landet vårt. Her treffer ein menneske med nye tankar, ideologiar og filosofiar. Her finn ein kunnskap, bøker og kultur, seier Sandra.

- Sjølv hadde eg aldri bada i eit symjebasseng før, og her lærte eg å symje. Her har eg òg hatt den første jobben min, som assistent på språklaboratoriet. Universitetet er også ein slags fristad frå byens kjas og mas. I sentrum er det nesten ingen offentlege parkar, medan det her er tre overalt. Gratis lege- og tannlegetenester finst også. Mange har alle venene sine her. Dei startar kanskje dagen med forelesing klokka seks om morgonen, og blir på universitetet til det stengjer klokka ni om kvelden. Når det er ferie, er somme studentar deprimerte fordi dei ikkje har nokon stad å vere. Dei færraste har pengar til å reise nokon stad, og feriejobbar kan ein berre drøyme om, fortel den unge studenten.

Læring, kulturliv og marihuana

Om laurdagane er universitetsområdet like fullt av folk som i vekedagane. Då kjem alle som tar ei universitetsutdanning på si. I biblioteket jobbar ein på høggir med utlån og rettleiing. Og så er det flokkevis av ungar som spring rundt i joggedrakter i fargane til UdeA - grønt og kvitt. Her går det i engelskundervisning, matte og fysikk, i teater, speidargrupper, sport og andre kulturaktivitetar for ungar i femårsalderen og oppover. Foreldra har som regel studert her tidlegare og kan på denne måten halde kontakten med institusjonen.

Det er ingen tvil om at UdeA er ein av dei viktigaste institusjonane i byen. Alma Mater, avisa til universitetet, blir trykt i stort opplag og distribuert i lag med avisene i Medellín. Universitetet har eit eige museum med ei stor prekolumbisk samling og ambulerande kunstutstillingar. (Kulturhuset Camilo Torres er eit av dei beste konsertlokala i byen, og universitetet brukar mykje pengar på å organisere gratiskonsertar). Fleire filmklubbar har forestillingar kvar veke, og sportsanlegget er eitt av dei beste i byen, milevis framfor det ein finn på norske universitet. På sportsanlegget finn ein også “flyplassen” i lunden bak søndre mål på fotballbana.Der har marihuana-røykjarane ein friplass for sine meir private flygeturar.

Det raude universitetet

UdeA vart stifta av jesuittar i 1803, men er i dag eit offentleg universitet med 25.000 studentar, dei fleste av dei på hovudcampusen sentralt i Medellin. Som offentleg universitet er det studentar frå alle samfunnslag, men middelklasseungdomen dominerer. Bygginga av ein ny campus i slutten av sekstiåra gjorde at studenttalet kunne mangedoblast, og UdeA, som så mange andre latinamerikanske universitet, gjekk over frå å vere eit eliteuniversitet til å bli eit masseuniversitet. Grunnen til dette var først og fremst at Medellín hadde utvikla seg til å bli ein millionby, og borna til den veksande middelklassen kravde offentleg og rimeleg høgare utdanning. Samstundes skjer det ei byråkratisk modernisering av utdanningssektoren inspirert av USA sin programpolitikk. Framstegsalliansen (Alianza por el Progreso), som hadde som mål å demme opp for kommunismen gjennom å modernisere den høgare utdanninga, skape økonomisk utvikling og innan visse rammer demokratisere samfunna i Latin-Amerika. Dette fall saman med historiske hendingar som Paris-våren og Vietnamkrig. Den cubanske revolusjonen var framleis ung, og cubansk-inspirert gerilja dukka opp over heile kontinentet med Che Guevara som det store symbolet for oppofrande revolusjonær praksis. I Medellín mista utdanningsteknokratane fort kontrollen over universitetet, og UdeA vart i syttiåra det raudaste universitetet i Colombia. Studentlivet var gjennompolitisert, og venstreradikale grupper under leiing av maoistane i MOIR dominerte fullstendig i studentrørsla og store delar av lærarstanden. Store delar av studentmassen såg på seg sjølve som fortroppane for ein sosialistisk revolusjon. Demonstrasjonane var hyppige og velorganiserte, og enda som regel med til dels svært valdelege konfrontasjonar med politiet. Krava frå studentane var større påverknad i styrande organ på universitetet, endring av utdanningspolitikken og andre krav som frysing av kantineprisane. Før ein demonstrasjon delte ein ansvaret for bygging av barrikadar, organisering av førstehjelp, produksjon av Molotov-cocktails, roping av slagord, juridisk hjelp dersom nokon vart arresterte, noko som skjedde heile tida, og det vart avtalt kven som skulle ta kontakt med fagforeiningar for å sikre den revolusjonære alliansen mellom studentar og arbeidarar. Ved somme høve var studentane så godt organiserte at dei klarte å ta til fange politimenn og frakte dei til ein sikker plass, for seinare å bytte dei mot arresterte studentar. Styresmaktene svarte med arrestasjonar, utvisingar, tåregass, stokkeslag og militære okkupasjonar av universitetet. Ein periode stod det soldatar ved dørene og passa på under forelesingane. Etter at ein student i mai 1973 vart skoten og drepen av ein agent for tryggingsstyrkane ved inngangs-porten til universitetet, svarte studentane med å legge liket på skrivebordet til rektor, for så å tenne på administrasjonsbygget som vart bortimot totalskadd. Universitetet fungerte i syttiåra i gjennomsnitt berre eitt semester i året, resten av tida var det stengd av styresmaktene eller på grunn av streikar.

Ein skiten krig

Etter kvart som åra gjekk, forsvann mykje av den revolusjonære gløden på universitetet. I åttiåra vart venstresida meir og meir fragmentert, og student-aktivistane delte seg opp i grupper som henta inspirasjon frå Kina, Cuba, Sovjetunionen, Albania eller Jugoslavia. Dei store massedemonstrasjonane vart stadig færre. Etter kvart som krigen i landet voks i omfang og vart stadig meir brutal, vart forsvaret for menneskerettar stadig meir viktig. Narkokrigen til Pablo Escobar og Medellín-kartellet førte til ei generell oppløysing av alle normer. Eit liv var lite verdt. Det dukka opp paramilitære grupper, nokre med autorisasjon frå staten til å bekjempe geriljaen, andre utan, grupper som snart vart til terrororganisasjonar mot alt som smakte av kritikk mot staten og systemet. I den skitne krigen herska det ein ekstrem intoleranse som heller ikkje universitetet slapp unna. Alle som arbeidde for menneskerettar, vart sett på som geriljavenlege. Frå juli til desember i 1987 vart seks lærarar og 11 studentar drepne, og dette fortsette til ut i nittiåra. Venstresida gjekk under jorda, smuldra opp, og deler av ho svarte på staten sin vald med terrorisme. Studentdeltaking vart sett på som unyttig reformisme. Hettene dukka opp og krigen mot staten og systemet vart ført også inne på universitetet. På eit halvt år i 1985 eksploderte det 14 bomber inne på universitetet. Desse åra, som alle helst vil gløyme, førte til ein uvilje mot politikk, og i løpet av nittitalet forsvann mykje av protesten. Studentane skulle ikkje lenger frelse verda, og i staden dukka det opp andre kampsaker og interesser. Økologi, kjønnsroller, menneskerettar, sosialt arbeid i dei fattige bydelane, kultur, poesi, new age og austens religionar vart tema for diskusjon for dei som klarte å sjå lenger enn til bøkene og festane.

Terje Vigen og Varg Vikernes

Framleis er stemninga venleg og imøtekommande, men litt reservert på kafeane. Mine neste tintos drikk eg i lag med Sergio. Dei første gongene snakka eg med Sergio på eit litt stivt bokmål, men no går det ganske greitt med min utvatna romsdalsdialekt. Sergio er sjølvlært på nordiske språk. Interessa vart vekt av filmen Pelle Erobreren. Han lærte seg først dansk ved hjelp av ei tospråkleg brosjyre om eit dansk-colombiansk teaterprosjekt han fann i ein haug med gamle aviser, og seinare med andre brosjyrar han fekk tilsendt frå danske reiselivslag. Så fekk han tak i ei dansk-fransk ordbok, og ein dansk brevven sendte han ein grammatikk og ein kassett med popmusikk. Med den lærte han seg dansk uttale. Norsken var det litt verre med, der mangla han litteratur. Då eg vart kjent med han, bestod samlinga hans av ei brosjyre om fotturar i Nord-Norge som han hadde fått tilsendt av Norsk Reiselivslag, av Terje Vigen, av Fraa Sunnmøre av heimstaddiktaren Hans Mo, og av den bergenske Greven Varg Vikernes sine nettsider. Ikkje så merkeleg at han lurte på om det var mykje nazisme og rasisme i Norge. Han vart derfor glad for å få mangedobla samlinga si med ymse Dag og Tid eg har fått tilsendt heimafrå og av José Saramagos Beleiringen av Lisboa. Vi snakkar om dialektane i Norge og om Leiv Eriksson, og om musikk, for Sergio er interessert i heavy metal. Han kjenner godt til Burzum, bandet til Greven, som har sine tilhengarar i Medellín. Metalmusikken, og særleg varianten Goth Metal, der tekstane gjerne er basert på norrøn og keltisk mytologi, er truleg grunnen til alle spørsmåla eg har fått om den norrøne gudeverda her på universitetet. Spørsmål som eg med skam må innrømme at eg sjeldan har hatt noko svar på. I det siste har Sergio også gitt seg i kast med islandsk og færøysk.

Carlos er borte

I påska besøkte den nittenårige historiestudenten Carlos Andres Agudelo ei tante i ein landsby to timar sør for Medellin. Medan han var der, kom ei gruppe paramilitære til huset og spurde etter ein student ved UdeA. Han dei leita etter, var ikkje der, men Carlos var der, og han var òg student ved UdeA. “Han gjer nytta”, sa dei, og tok han med seg. Sidan har ingen sett han, og han er blitt éin i statistikken over forsvunne i Colombia. Historiestudentane protesterer mot forsvinninga til Carlos. Eit stille protesttog inne på campus, og nokre dagar seinare ei markering med dragar og rockemusikk. Mor og bestemor til Carlos er til stades og ser på drakane som flyg fritt høgt over taket til Sentralbiblioteket. Draken min vil ikkje lette, heller ikkje til Pink Floyd og annan åttitalsrock. Ein må gjenvinne poesien i det, seier nokon. Poesi med drakar. Fridom, flyge fritt. Drøyme om at Carlos skal komme tilbake. Men Carlos kjem aldri tilbake. Carlos er død, sjølv om ingen tør å seie det. Eg kjenner meg bortkomen og makteslaus. Etter markeringa går vi til ein bar for å feire at kurset vi har tatt i latinamerikansk historie er ferdig.

Slik er det blitt. Det ein gong så turbulente universitetet er stilt og fredeleg. Dei paramilitære har vist at det å vere student er grunn god nok til å forsvinne, og folk har omsider lært leksa. Studentane har ikkje hatt asambleas, forsamlingar, sidan november. Eg har knapt sett nokon lese ei avis inne på campus. Fredsprosessen i landet og USA si militærhjelp på halvannan milliard dollar, offisielt til tiltak mot narkotikaproduksjonen, er det tilsynelatande ingen som diskuterer. Men kanskje går vekttalsproduksjonen opp under slike forhold.

Det skumrar når eg går ut porten og mot metrostasjonen. Likevel er det fullt av folk igjen inne på kafeane som ikkje stengjer før i åttetida. Somme er også på veg inn porten for å nå ei seks-forelesing eller for å treffe kjende. Kanskje er det tidlegare studentar som enno ikkje har greidd å klippe av navle-strengen sin til alma mater og stikk innom etter jobb? Eller kanskje er det nokon som skal på hemmelege politiske møte i mørkret på flyplassen?
Helge Bjørlo

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |