Dag og Tid nr. 19, 11. mai 2000

Politikk:
Vardøradaren i ny rustingsspiral
Den norske utanriksministeren har varsamt kritisert USAs planar om byggja ut rakettforsvaret, men han knyter ikkje Vardø-radaren til denne opprustinga. Det gjer derimot både russiske leiarar og vestlege vitskapsfolk.

OTTAR FYLLINGSNES
Den siste tida har det vore strid om den såkalla ABM-avtalen mellom USA og Sovjetunionen. I avtalen frå 1972 vart dei to supermaktene samde om å avstå frå etableringa av eit omfattande rakettforsvar.
Opphavet til avtalen skriv seg frå byrjinga av 1960-talet, då Sovjetunionen prøvde å skapa eit såkalla ABM-system (Anti Ballistic Missiles) som skulle slå ut innkomande kjernevåpenberande ballistiske rakettar. USA følgde etter og godkjende i 1967 prosjektet “Sentinel”, som har ein viss likskap med det omstridde systemet som amerikanarane planlegg i dag.

Etter kvart innsåg båe landa at det stadig var mogeleg å kompensere for slike system hjå motparten ved å auka talet på stridshovud. Dei erkjende at pengar kunne sparast på å unngå ei ABM-opprusting, og difor underteikna dei ABM-avtalen i 1972. Ved sida av å spara pengar, vona statane å redusera kapprustinga og minska sjansane for kjernevåpenkrig. Det vart innført forbod mot å byggja eit system som hadde som føremål å overvaka territoriet til heile landet.
Opp gjennom åra har det vorte sett spørsmålsteikn om avtalen vert etterlevd, blant anna då president Ronald Reagan lanserte dei storslegne planane om “stjernekrig” - eit system som skulle skyte ned fiendtlege rakettar frå rommet.

Russisk frykt

No ønskjer amerikanarane å bryta avtalen for å byggja eit skjold mot innkomande rakettar. I september i fjor la vise-utanriksminister Strobe Talbott fram eit forslag i Moskva som tok sikte på å endra ABM-avtalen, med tanke på å tillata USA å utvikla eit nasjonalt rakettforsvarssystem. Talbott fortalde russarane at dersom dei ikkje aksepterte det amerikanske forslaget, ville USA trekkja seg frå avtalen og gå vidare aleine.

Russarane reagerer kraftig på dette, og det er sådd frykt for ein ny rustningsspiral. Offisielt heiter det at dei nye amerikanske planane ikkje rettar seg mot Russland, men mot land som Nord-Korea, Irak og Iran. Det har vorte reist tvil om dette er heile sanninga, og både russarar og kinesarar er skeptiske til ei slik forklaring.

Den russiske utanriksministeren, Igor Ivanov, meiner at ABM-avtalen bør halda fram med å vera ein hjørnestein for den strategiske stabiliteten. Han meiner at USA trugar det som ein har oppnådd på nedrustingsfronten dei siste 30 åra. Så snart som ein svekkjer eit av kjerneelementa i systemet, vert heile systemet destabilisert, sa den russiske utanriksministeren i eit innlegg i FN nyleg. Han fryktar domino-effekten, og i New York Times gjev han uttrykk for at ein på nytt kan få ein periode med mistanke og konfrontasjon.
I FN sa utanriksminister Madeleine Albright at USA ikkje ønskjer å svekkja avtalen. Ho viste til at avtalen har vorte endra tidlegare også.

Norsk kritikk

På det same FN-møtet kom også utanriksminister Thorbjørn Jagland med varsam kritikk av USA. Aftenposten fortel at han uttrykte uro over dei amerikanske planane. Jagland meinte at ei utbygging av eit rakettskjold kan gjera nedrustingsarbeidet vanskelegare. Noreg vonar at USA og Russland kan verta samde om å behalda ABM-avtalen som ein hjørnestein for strategisk stabilitet. Også FNs generalsekretær, Kofi Annan, er uroleg over planen om eit rakettforsvar. Han fryktar eit nytt våpenkappløp, og liknande synspunkt har vorte hevda frå dei fleste land, bortsett frå USA og Storbritannia, skriv Aftenposten.
Vardø-radaren

Den norske uroa over dei amerikanske planane kan seiast å vera paradoksal, når ein ser på kva rolle den såkalla Vardø-radaren kan spela for framtida til ABM-avtalen. Radaren har hamna midt i denne striden. Aviser som The Guardian og New York Times knyter radaren direkte til det amerikanske trugsmålet mot ABM-avtalen. The Guardian skriv at USA hamna på defensiven då nedrustingsforhandlingane byrja 24. april. Og det var på grunn av påstandane om at amerikanarane hadde installert ein ny antirakett-radar i Vardø, berre få mil frå den russiske grensa. Avisa minner om at Moskva har stempla radaren som eit fordekt steg mot den kontroversielle amerikanske planen om å utvikla eit skjold mot innkomande rakettar, og difor som eit potensielt brot på ABM-avtalen.

The Guardian
viser også til forklaringa frå den norske regjeringa, som hevdar at Vardø-radaren skal brukast til å halda eit auge med potensielt farleg romskrot. Avisa fortel at uavhengige vitskapsmenn ser på denne forklaringa som usannsynleg, og at Vardø-radaren kan få endå meir øydeleggjande innverknad på den allereie usikre atombalansen mellom aust og vest.

Den engelske avisa viser til Inge Sellevågs artiklar i Bergens Tidende. Då han spurde norske styresmakter kva Vardøradaren skulle brukast til, vart han fortald at Nasa skulle bruka han til å overvaka “romskrot”. Men Nasa visste ingenting om Vardø. The Guardian viser til utsegner frå John Spike, direktør for Space Policy Project i føderasjonen for amerikanske vitskapsmenn. Han uttaler:

- Eit av grunnelementa i å skapa ei dekkhistorie for ein etterretningsoperasjon, er at historia er sannsynleg, og denne dekkhistoria var det ikkje. Dette er ein radartype som var utvikla som ein del av det nasjonale rakettforsvarsnettverket (NMD) (i USA, DTs merknad), og eg reknar med at grunnen til at dei sette han opp der (i Vardø, DTs merknad) er å overvaka russisk rakettutprøving.

Ny stjernekrig

NMD-systemet vert rekna som ein etterfølgjar av Ronald Reagans stjernekrigsprogram, og i ABM-avtalen er det forbod mot det. Systemet vert for tida utprøvd, men president Bill Clinton har enno ikkje gjeve grønt lys for det.
- Vardø-radaren, saman med den foreslåtte oppgraderinga av tidlegvarslingsradarar ved Fylingsdales i Yorkshire og Thule på Grønland, indikerer at Pentagon allereie har lagt opp strategien, skriv The Guardian. Avisa minner om at kritikarane av systemet trur at plasseringa av radarane stadfestar at Russland er hovudmålet, ikkje statar som Iran, Irak og Nord-Korea, slik amerikanske tenestemenn har forsikra motparten i Moskva.
- Det er ikkje klart at Vardø-radaren er ei formell krenking av ABM-avtalen, men det er klart at radaren kan verta knytt til eit NMD-system på eit vis som kan øydeleggja intensjonen, om ikkje bokstaven i avtalen, skriv vitskapsmannen Theodore A. Postol ved Massachusetts Institute of Technology.

I ein artikkel i The Bulletin of the Atomic Scientists kjem han også inn på utsegnene frå tidlegare forsvarsminister Dag Jostein Fjærvoll, som gjorde det klart at Globus II-radaren var “under full norsk kontroll”.
- I beste fall var det misvisande. Norsk personell kan bemanna systemet, men radaren vil vera direkte knytt saman med Cheyenne Mountain og NMD, skriv Postol.
Han meiner at forsikringane frå Fjærvoll om at radaren ikkje kunne “bidra til noko som helst amerikansk forsvar” var falske. Dei synest på ein slu måte å vera uttenkte for å villeia det norske Stortinget, meiner Postol.
Han stiller seg også spørjande til at ein radar som rettar seg mot Korea, vert plassert i Vardø, berre nokre få mil frå Russland.
Om plasseringa av radaren for å overvaka Nord-Korea i Fylingsdales, uttalar direktør John Pike:
- Siste gongen eg sjekka, var England på ei anna side av planeten enn Nord-Korea. Det kunne ha vore ein god plass å gøyma seg bort frå Nord-Korea, men ikkje for å halda auge med landet.

President Bill Clinton opererer med ein sjølvpålagd frist til i sommar med tanke på å byggja ut eit nasjonalt rakettforsvarssystem, fortalde New York Times i vinter. Det er venta at saka kjem til stå på kartet når Bill Clinton og Vladimir Putin møtest i juni.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |