Dag og Tid nr. 19, 11. mai 2000
Roald Helgheim:
Å vinne verda, men tape sjela
Når Kampen om Citizen Kane (RKO 281) snart kjem på norske kinoar, får vi eit døme på korleis det går når røyndomen overgår fiksjonen i både spenning og drama. At det handlar om kampen om det som er kåra til det 20. århundrets beste film, gjer gapet mellom det nye århundrets hollywoodske melodrama og Orson Welles' klassiske verk om den amerikanske draumens vekst og fall, endå djupare.
Citizen Kane blir vist i nyutsending parallelt med filmen om han. Har du ikkje sett originalen, så prioriter den framfor nedturen Benjamin Ross har laga. Eg trur forklaringa på det umoglege i prosjektet er at både Citizen Kane og Kampen om Citizen Kane skildrar ei historie frå røyndomen. Men der Orson Welles hadde ein levande modell som utgangspunkt for å skape sitt eige, eksistensielle filmdrama (med ei skildring av ein barndom som også kan vere hans eigen), er dei som skal skildre eit faktisk, namngitt drama, ikkje i stand til å heve det opp på eit kunstnerisk nivå. Du blir snarare personforvirra over å sjå begge. Det hadde vore meir nerve i ein skikkeleg dokumentarfilm (ein slik er laga, og har vore vist i norsk fjernsyn).
Den verkelege kampen om Citizen Kane er dramatisk nok. Den då 26 år gamle Orson Welles var frå før mest kjend som stemma i The War Of The Worlds, radiodramaet som i 1938 fekk panikkslagne amerikanarar til å tru at ein invasjon frå Mars var i gang. Den enorme publisiteten gjorde sitt til at Hollywood våga å satse på det unge geniet, som laga Citizen Kane for produksjonsselskapet RKO, med produksjonsnummer 281 (herav originaltittelen RKO 281 på årets film).
Welles fekk frie hender, men då det byrja å gå opp for fleire at avismagnaten Randolph Hearst var modellen for filmens Charles Foster Kane, var spetakkelet i gang. Hearst truga med søksmål. Alle studiosjefane prøvde etter oppmoding frå han å kjøpe alle negativa til filmen for å brenne dei. Kompromitterande bilde av involverte i filmmiljøet var ein del av trugsmålet, med hjelp av ei av datidas store kvinneleg sladrespaltistar.
Hearst var ein politisk reaksjonær som meinte USA aldri ville gå i krig med Tyskland. Hetsen mot påståtte kommunistar og kjende jødar i Hollywood var legio. Studiosjef George Shaefer var på vikande front, likså den frå før forsmådde og forfylla manusforfattar Herbert Mankievics.
Om Kampen om Citizen Kane fortel sanninga, var talen Orson Welles då heldt til den bekymra forsamlinga av aksjonærar, av format. Krigen i Europa i gang, Welles fortel i målande ordelag kva land som alt er okkupert, og mens eg snakkar, er dei i gang med å bombe London. Som den frie verdas siste utpost, var signalet Hollywood og USA skulle sende verda at dei let seg kneble og ikkje å våga å stå opp mot makta?
Om det var den agigatorisk krafta som avgjorde; uansett fekk filmen premiere i 1941, fekk strålande kritikkar, men vart aldri ein publikumssuksess. Han vart aldri omtalt eller annonsert for i eit einaste Hearst-eigd medium. Welles hadde vunne mot overmakta, men fekk aldri den fulle fridomen han seinare ville ha når han skulle lage film, sjølv om nye sterke drama følgde. Filmatiseringa hans av Prosessen (1963) er framleis Kafka-favoritten min på lerretet, kanskje fordi Welles her fekk dyrke noko av den same gigantomanien som i Citizen Kane. Berre peisen til Kane hugsar eg frå den første gongen eg såg filmen som på storleik med ein katedral, der Kane står framfor og formanar den mislukka operasongar-kona si, som heller vil leggje puslespel, for det kan ho.
Kva gagnar det eit menneske om han vinn heile verda, men taper sjela si? Det er den bibelske formaninga bak soga om Charles Foster Kane, mannen som byggjer eit mektig medieimperium, lanserer seg sjølv som guvernør, senator og presidentkandidat. Når skandalen rundt operasongarinna set ein stoppar for karrieren, fyller han eigedomen Xanadu, på storleik med ein liten stat, med enorme kunstskattar. Men den styrtrike døyr einsam og forlatt i sitt enorme slott, med det Rosebud som det mystiske siste ordet før han andar ut.
Jakta på mysteriet bak ordet rosenknopp er dramaturgien i det som Francois Truffaut meiner er den filmen som har inspirert flest filmskaparar til å byrje sjølve. Det er ein katalog over alle filmens verkemidlar, med ein bruk av lyset som er eineståande. Det gjer endå meir til at Kampen om Citizen Kane i fargar blir berre ein matt og flat avglans i samanlikning med den svartkvite Citizen Kane. Å lage ein spelefilm om verdas beste film, det er noko å bryte nakken på. Endå ein medverknad til forliset er hovudrolleinnehavaren Liev Schreibers bleiksottige versjon av buldrebassen Welles.
Roald Helgheim
|