Dag og Tid nr. 19, 11. mai 2000

Leiar:
Opprustings-spiralen

Kjell Magne Bondevik skal skriva biografi, og seks forlag ønskjer å gje ut verket. Naturlegvis må den tidlegare statsministeren vega nøye for å finna ut kva han kan skriva og kva han ikkje kan skriva.
“Du vet, det heter at det du sier skal være sant. Men du trenger jo ikke si alt”, seier den tidlegare statsministeren.
Og det er ein strategi som fleire enn Bondevik-regjeringa har følgd. Stadig meir tyder på at norske styresmakter har gjort det i samband med den såkalla Vardøradaren, men i tillegg til å teia valde dåverande forsvarsminister Dag Jostein Fjærvoll å uttala seg. Han fortalde at radaren skulle brukast til å overvaka romskrot, og at han slett ikkje skulle medverka til det amerikanske forsvaret.

I dag latterleggjer fleire ekspertar desse utsegnene, og radaren vert knytt til eit amerikansk ønske om avvikling av ABM-avtalen og utviklinga av NMD-systemet, ein oppfølgjar til Ronald Reagans stjernekrigsprogram.
Den amerikanske vitskapsmannen Theodore A. Postol meiner at Dag Jostein Fjærvoll på ein utspekulert måte kan ha villeia Stortinget med utsegnene sine. Forsikringane om at radaren ikkje kan medverka til noko amerikansk forsvar er feil, meiner Postol.
I FN uttrykte utanriksminister Thorbjørn Jagland seg nyleg kritisk til USA sine planar. Samstundes møtte han Madeleine Albright, men kva som kom ut av den samtalen, har ingen fått vita. Kanskje fann ikkje Thorbjørn Jagland det bryet verd å snakka om Vardøradaren, eller kanskje vart han beden om å tona ned kritikken.

USA oppfattar trugsmålet frå såkalla upålitelege regime som så reelt at det overskuggar alle andre omsyn, skriv Aftenposten. Dette er vanskeleg å skjøna for dei fleste, men amerikanarane skuldar på statar som Nord-Korea, Iran og Irak. Aftenposten fortel at prislappen på det nye amerikanske rakettforsvaret er på 500 milliardar kroner. Samstundes forsikrar russarane at dei er klare til å treffa mottiltak dersom USA vedtek utbygging av det nye rakettprogrammet. Dermed er opprustingsspiralen ein realitet. Difor bør Vardøradaren og NMD-systemet stå høgt på saklista for norske politikarar.
Ottar Fyllingsnes

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |