Dag og Tid nr. 19, 11. mai 2000
Klok på bok:
Klok på bie
Denne veka har me fått tre svar. Me tykkjer det er nok denne veka, for det har vore eit slik strålande ver her på garden. Barabass seier at me må nytta på når det er så steike fint. Me nyttar ikkje veret til å arbeida i, nei, me sit i solveggen og kosar oss. Me les litt høgt for kvarandre frå ulike bøker, drikk kaffi og planlegg sommaren. Barabass er svært oppteken av dette med å planleggja sommaren. Han meiner me bør laga ein sommarfest på stølen der me inviterer Paula og Johannes, naboen. Eg tykkjer det er ein ganske god ide, men fyrst og fremst er eg oppteken av 17. mai. Ho Paula har invitert oss på litterær frukost på 17. mai. Alle som kjem, må presentera eit stykke litteratur som har med 17. mai å gjera. Paula har fått litteraturen på hjernen, seier Barabass.
Sist veke gløymde me å kåra ein vinnar. Me kan ikkje skulda på anna enn at me er vårslappe, eller kanskje me heller skal skulda på at det har vore så travelt i lemminga. Men vinnaren sist veke, altså Klok på bok 462, var Nils Aksel Danbolt Mjøs i Bergen. Barabass og eg gratulerer.
Skeisebibliotekarane har send inn svar denne veka. Det er ikkje akkurat sesong for skeisebibliotekarane. Eg lurar litt på kva denne særskilde gruppa gjer i staden for å skeise på denne tida av året. Dei skriv i alle fall slik: Prøvde først Heidi Bonde og Anne Karin Torheim, men til slutt Rønnaug Kleiva. Gikk gjennom to samlinger fra 90-tallet - fant ikke rette diktet, men det er noe med 'stemmen', så vi satser på henne denne gang. Hun har jo dess-utan skrevet samlinger både med katt og kalv i titlene., skriv Skeisebibliotekarane. Gunder Runde i Ulsteinvik held fram med å svara på Klok på bok. Hipp hurra for det. Han er vekas vinnar og skriv slik: Vartdalstausa Rønnaug Kleiva har truleg innsikt i korleis ein skal fø fram ein kalv over vinteren. Og på same måte som ein meir velrøynd poet (Olav H.) har ho skjøna verdien av å behandle katten med
kjærleik og vørdnad. Eit tredje dyr i serien Dyrene på Gården er lammet. Lagnaden til dette vesle dyret er vel meir tvilsam (orsakingar til Barabass) i diktsamlinga 'I ovnen er lammet' (1995), der diktet 'Eg er berre ei einaste kvinne' står. Elles: Ros til forlaget som har sytt for ein skikkeleg lekker bladbunad! Elles skal eg minne om at Vartdal i si tid var ein del av Hareid, som igjen er nabokommunen til Ulstein., melder Gunder Runde.
Det tredje og siste brevet denne veka kjem frå Morten Haugen.
'Et rop på en tilværelse malt i sterkere farver enn hverdagens lyse og mørke grått kan registreres på disse upaginerte sidene. Og ropet er herved registrert.' - slik skrev Eilif Straume i Aftenposten om 'I ovnen er lammet' av Rønnaug Kleiva, som i sine titler altså er bortom både kalv, katt og lam. Straume er ikke helt begeistret over boka, han synes desperasjonen er for tam, og sier at 'Det virker mer som en flørt med farlige ting enn virkelige faresignaler'. Straume om det, jeg synest boka er saftig nok! Kleiva har også skrevet den uuttalbare ungdomsboka 'Kjærleik på pinne frå Ouagadougou', og en snodig flykapringshistorie., skriv Morten Haugen som er bibliotekar på Ørland Folkebibliotek.
Klok 465
Der stod i en have et æbletre;
der var dryssende fuldt av blomster-sné.
Der vimsed i haven en liden bi;
en æbleblomst han forelsked sig i.
Så mistede de begge sin hjertero.
Men så forloved de sig, de to.
Bien fløj vidt på sin sommerfart.
Da hjem han vendte, var blomsten kart.
De får ikkje vita noko som helst denne gongen. Då vert det alt for lett, seier Barabass. Spørsmålet er: Kven har skrive dette og kva tid? Veit du svaret, sender du det til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, faksar til 22 41 42 10 eller sender e-post til bladstova@dagogtid.no. Svar på oppgåva innan 17. mai. Lukke til!
Dale-Oskar og Barabass
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|