Dag og Tid nr. 19, 11. mai 2000

Herbjørn Sørebø:
Berre betal for flytoget

Så mykje trykksverte som det har vorte brukt på ordet skandale i reportasjar og kommentarar i samband med bygginga og drifta av Gardermobanen, Flytoget, kan det bli ståande som sanninga om dette store prosjektet. Og visst har mykje gått gale. Det kan ingen nekte for. Men det er ikkje nokon skandale at denne banen vart bygd. Det er ein miljøvennleg måte å frakte folk til og frå flyplassen på, det går raskt, og passasjerane har det fint på turen. Alternativet ville vere å avvikle trafikken berre med bussar og bilar på vegar som ikkje kan tole større trafikk enn det er nå. Sjølv med flytoget trengst det store investeringar til vegbygging for å ta mot den auken som er venta i biltrafikken på denne strekninga.

Nå ligg det ei stor rekning for Flytoget på bordet: Det må løyvast 7 milliardar kroner for å slette gjelda. Tidlegare er det løyvd l,7 milliardar kroner. Ordet skandale blir brukt igjen - tenk, nær 9 milliardar! Regjeringa og Stortinget har ikkje noko val heller. Det er berre å betale. Banen er bygd. Jernbanesvillene kan ikkje rivast opp att og den omstridde Porten kan ikkje stengjast. Men det er ikkje berre ein eingongssum. Det tykkjest også å vere på det reine at drifta av Flytoget ikkje kan bli lønsam. Så er det vel ein skandale - eller? Det spørst kva det er ein kallar skandale.

Det er ikkje ein skandale at vi har fått Flytoget. Det var tvert imot framsynt. Det har gått godt etter at toget kom i gang, dei reisande er nøgde (sjølv om dei tykkjer det kostar for mykje), og nå ser vi at andre byar vil løyse passasjertransporten på same måten. Bergen står for tur. Om drifta av Flytoget aldri kjem til å løne seg, er det likevel rett å sjå god samfunnsøkonomi i banen. Skandalen er at byggjearbeidet vart sett i gang før det var skikkeleg planlagt, og kalkylane var for dårlege både når det galdt kostnaden og det passasjertalet ein kunne vente å få. Ansvaret ligg sjølvsagt på den dåverande samferdsleministeren, Kjell Opseth, men sanninga er at det var den reine panikken i heile det politiske miljøet. Kva var det ein var redd for å komme for seint til? Var det redsle for at flyplassen på Fornebu skulle bli sprengd av trafikken? Korfor var det så lite tvil på den spådommen den gongen? Grunnen er vel all den famlinga det hadde vore i spørsmålet om kvar flyplassen skulle plasserast. Politikarane kjende seg skandaliserte av det, og med god grunn.

Med alle dei oljemilliardane som flyt inn i statskassa, er det ikkje noko problem å betale rekninga for Gardermobanen og sikre drifta av Flytoget. Det har heller ikkje noko for seg å mase vidare med å få straffa ein syndebukk eller fleire med det som i det gamle sjømannsspråket vart kalla rotting og tamp. Og denne historia bør ikkje skremme politikarane frå å løyve dei midlane som trengst til den same løysinga i Bergen. Lærdommen av det som har hendt i samband med bygginga av Gardermobanen er at ein må gje seg den tida som trengst til å planleggje, og kalkylane bør saumfarast så ein kan vere trygg på at dei held i rimeleg grad. Helsedirektør Tore Tønne, som har stor røynsle både som planleggjar og granskar av store prosjekt, seier at feila ofte ligg i førearbeidet. Vi kan ikkje sjå bort frå ein kombinasjon av dårleg planlegging og dårleg prosjektstyring i gjennomføringa, men god prosjektstyring kan ikkje rette opp det som er feil frå starten. Tore Tønne peikar på at Stortinget som gjer vedtak om å setje i verk store prosjekt, ikkje kan ha ansvar for gjennomføringa. Det skaper uklare ansvarstilhøve, og er vel nærmast eit understatement.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |