Dag og Tid nr. 19, 11. mai 2000

Bøker:
Ein tung nøkkel til Bourdieu

Meditasjoner
vert ståande som ein nøkkeltekst i forfattarskapen til sosiologen Pierre Bourdieu, skriv Johs. Hjellbrekke.

Pierre Bourdieu:
Meditasjoner
285 sider
Pax


Dei siste ti åra er det truleg ingen enkeltperson som har hatt så stor innverknad på sosiologifaget som den franske professoren Pierre Bourdieu. Dette vil ikkje seie at Bourdieu sine arbeid, som har omhandla ei lang rekkje felt, ikkje er eller har vore omstridde. Snarare tvert om. Kritikken han er vorten møtt med, har vore hard, og til tider på kanten til det usaklege.

Motgift mot forenkling

Slik det gjeld for alle motefenomen, har den radikalt aukande populariteten til Bourdieu sine teoretiske innfallsvinklar dessutan medført ein risiko: at studentar og forskarar gjennom ei rask lesing av eit lite utval av tekstar fritt plukkar omgrep, metodar og forklaringsmodellar, utan å ta omsyn til det opphavet dei har i bestemte vitskapsteoretiske tradisjonar. I så måte burde Meditasjoner kunne verke som ei effektiv motgift. Delvis gjennom å hente opp problemstillingar som første gong vart eksplisitt drøfta i Le metier de sociologue (1968 [Det sosiologiske handverket, fri omsetjing]) og i Outline of a theory of practice (1972/1977), søkjer Bourdieu å reformulere ein teoretisk syntese av den lange rekkja av empirisk tufta arbeid han har leia. Samstundes vert fundamentet som hans eigen teori om praksis og om makt kviler på, vidare utdjupa i høve til tidlegare forsøk på å gjere dette, som til dømes Le sens practique (Den praktiske fornufta [fri omsetjing]). Med andre ord: dersom ein er ukjend med Bourdieu sin sosiologi, er Meditasjoner truleg ikkje den lettaste staden ein kan starte.

Ei grovskisse av teorien

Å samanfatte Bourdieu sin praksisteori i løpet av ei bokmelding er eit risikofylt prosjekt, både pedagogisk og teoretisk. Teorien er kompleks, og inviterer heller ikkje til enkel eksempelbruk. Medviten om den faren det medfører, skal eg i det følgjande grovt skissere kva ein Bourdieu-inspirert analyse av til dømes det politiske feltet vil måtte ta opp av problemstillingar.

Innleiingsvis kan ein seie at Bourdieu sin teori om makt og sosiale praksisar kan gripast gjennom tilhøva mellom fire omgrep – 'habitus', 'kapital', 'felt' og 'sosialt rom'. Det første omgrepet – habitus – er å forstå som eit skjema for persepsjon, tenking og handling. Sagt litt annleis, utgjer ein habitus eit sett av disposisjonar som utgjer eit ledd mellom handling og struktur. Ein politisk habitus tek form av relativt stabile disposisjonar for handling, til dømes i høve til kva ein aktør oppfattar som sentrale/mindre sentrale politiske mål og stridsspørsmål, legitime/illegitime verkemiddel i ein politisk konflikt, eigna/ueigna organisasjonsformer for politisk verksemd og så vidare. Desse disposisjonane har ein tendens til å henge saman med, men ikkje å vere mekaniske speglingar av, aktørane sine posisjonar i sosiale strukturar.

Bourdieu kallar ein slik struktur 'sosialt rom'. Nemninga er meint som eit alternativ til, og difor eit brot med, marxistiske klassemodellar. Det sosiale rommet er ein syntese av strukturane i dei mest sentrale felta med omsyn til etablering, oppretthald og endring av makt og ulikskap i eit samfunn. Teorien hevdar at aktørane over tid delvis kroppsleggjer strukturane i det sosiale rommet, slik at dei også tek form av mentale strukturar, eller habitusar. Handlingsdisposisjonar kan òg variere i høve til posisjonar i ulike felt.

Feltet

Eit 'felt' hos Bourdieu er å forstå som ein arena der handlingar – eller sosiale praksisar – er lokaliserte. Feltet vert slik ein historisk etablert og reprodusert stridsarena mellom ulike aktørar (eller agentar i Bourdieu si eiga språkføring). I ein analyse av det norske politiske feltet må derfor norsk politisk historie byggjast inn som ei sentral del av analysen: Skal ein forstå motsetnadene i eit felt, må ein vite kva tid dei voks fram, korleis dei har reprodusert seg, og korleis dei eventuelt har vorte endra.

Men feltet er ikkje fast eller evig. For at feltet over tid skal kunne haldast verksamt, må aktørane vere disponerte for å delta i striden. Strukturane i habitusen deira må følgjeleg disponere dei til å finne feltstriden verdfull, kanskje til og med av udiskutabel verdi. Aktørar i det norske politiske feltet vil slik måtte vere utstyrte med ein habitus der politisk makt i seg sjølv framstår som ein sentral verdi, og som ein derfor stridast om.

Utsiktene til å manøvrere med suksess i eit felt er også avhengig av kapitalen til aktøren. Bourdieu skil til vanleg mellom fire ulike typar kapital: Økonomisk, kulturell, sosial og symbolsk kapital. I det politiske feltet kan den mest verdfulle kapitalen omgrepsfestast som politisk kapital: Ein kapitaltype som verkar som trumfkort i stridar i det politiske feltet.

Den symbolske kapitalen er kjenneteikna av at han for aktørane i feltet ikkje framstår som kapital, og slik kan han også fungere som grunnlag for symbolsk valdsutøving: den dominerte gjev tilslutnad til den dominerande, fordi dominansen er eit sentralt element i strukturane i habitus. Å avsløre slike tilslørte maktrelasjonar står sentralt i analysen til Bourdieu.

Ei politisk bok

Meditasjoner
gjev ikkje berre ein systematisk, om krevjande, presentasjon av denne teorien og fundamentet han kviler på. I Bourdieu sin forfattarskap er Meditasjoner truleg den mest eksplisitt politiske av dei bøkene han har skrive. Tydelegast kjem dette fram i ein lengre passus om samfunnsvitskapane sitt dilemma i høve til maktutøving. For å sitere i lengd:

“Det vil utvilsomt bli nødvendig å mobilisere stadig større ressurser og tekniske og rasjonelle rettferdiggjørelser for å kunne dominere, og de dominerte vil måtte benytte seg av fornuften i stadig sterkere grad for å forsvare seg mot stadig mer rasjonaliserte former for dominans (jeg tenker f.eks. på den politiske bruk av meningsmålinger som redskap for rasjonell demagogi). Samfunnsvitenskapene – den eneste form for vitenskap som er i stand til å avsløre og motarbeide disse helt nye maktstrategiene som de iblant bidrar til – bør klarere enn noen gang velge mellom to sider: Enten må de stille sine rasjonelle kunnskapsredskaper til tjeneste for en dominans som blir stadig mer og mer rasjonalisert, eller de må foreta en rasjonell analyse av dominansen, og spesielt av det bidraget som den rasjonelle kunnskap kan bringe den reelle monopoliseringen av den universelle fornuften sine gevinster.” (Side 87)

Sett i samanheng med Bourdieu sin meir allmenne teori om makt og om praksis, utgjer ein slik posisjon ikkje berre ein solid vaksine mot til dømes det infantile flåseriet Erling Fossen nyleg har gulpa opp i Dagbladet (“Just do it”, 1.3.00). Posisjonen kan generelt gje ein god innfallsvinkel til akademiske arbeid der maktrelasjonar vert tilslørde meir enn synleggjorde.

Problematisk

Dette vil ikkje seie at Bourdieu sin teori om sosial praksis er problemfri. Dei storteoretiske ambisjonane som ein til tider kan lese ut av dette byggverket, er problematiske. Dei seinare åra har det til dømes med rette blitt sett spørjeteikn ved om teorien greier å gripe eit fenomen som handlingskreativitet. I kva grad Meditasjoner presenterer ei betre løysing av desse enn det Bourdieu sine tidlegare syntesar gjer, og i kva grad Bourdieu sin kritikk av andre posisjonar er treffande, kan nok diskuterast. Men at denne boka vert ståande som ein nøkkeltekst i Bourdieu sin samla forfattarskap, held i det minste underteikna for udiskutabelt.

Heilt til slutt: Som eit lite forlag som gjev ut bøker for ei lita språkgruppe, fortener Pax ros for to ting. For det første er boka komen ut på norsk før ho ligg føre i engelsk utgåve. Gjeve den posisjonen Bourdieu har fått i internasjonal sosiologi, er dette i seg sjølv ein prestasjon. For det andre har ein ikkje vidareført uskikken med å berre omsetje utdrag, slik det mellom anna vart gjort i Pax-utgjevinga av Distinksjonen av Bourdieu og i Gyldendalutgåva av Durkheim sin klassiske studie Sjølvmordet. Forlaget har heldigvis omsett heile den opphavlege teksten. Måtte begge delar vere retningsgjevande for forlaget si framtidige line!
Johs. Hjellbrekke

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |