Dag og Tid nr. 19, 11. mai 2000
Bøker:
Slapt og hardkokt
Det er ikkje så mange etter Hemingway som faktisk lukkast med såkalla isfjellskriving. Mark Blackaby blir rett og slett for enkel, skriv Asle Aasen Gundersen.
Mark Blackaby:
Etter Lady Day har det bare gått nedover
Roman
Omsett av Inger Gjelsvik
Aschehoug 1999
Karen lå vridd bort fra meg da jeg kom inn og prøvde å finne ut hva han skulle gjøre med hånden sin. Enten gråt han eller så tålte ikke han heller støvet. Jeg gikk langsomt. Delvis fordi jeg lurte på hva jeg skulle bruke som bandasje, men hovedsakelig fordi jeg visste at innen noe sånt som fire sekunder ble jeg nødt til å brekke kravebeinet hans.
Røvarhistorie
Vaskesetelen kallar Mark Blackaby sin andre roman for en moderne røverhistorie fra et samfunn i moralsk oppløsning. No skal eg ikkje vere vrang, men det er noko som skurrar i både presentasjonen av boka, og i boka sjølv. Det er rett nok ei grei og underhaldande bok som sikkert er strålande for syttenåringen som nett har sett Lock, Stock and Two Smoking Barrels på video, men der miljøskildringa i sistnemnde er treffande og humoristisk, er han ofte platt og forutseieleg i Lady Day. Hovudpersonen, Gideon Charles Lucas, er ein relativt ung mann med eit godt, men røft åsyn. Han ferdast i London sine austre delar, der alle har noko muffens på gong. Ærlege arbeidarar er det openbert ikkje flust av i dagens britiske fiksjon, og Charlie, som helten blir kalla, er ikkje noko unntak. Han har nett sete inne i om lag fire år for eit eller anna vi visstnok skal bli interesserte i å finne ut. Etter
mykje om og men døyr bestevenen av kreft, noko som utløysar det som er hovedplottet; korleis få hand i nokre pengar dei to har gøymd unna for loven sin arm. Det visar seg å vere enkelt.
Digresjonar og Derrida
Det er altså dette som skal drive handlinga i romanen framover. Likevel får det ei slags underordna stilling i forhold til digresjonane som skal byggje opp under macho-myten. Charlie sine handlingar er prega av ei sterk individualitetsdrift som eigentleg ikkje er noko særskilt; ikkje meir enn kva dei fleste kjenner. I så måte feilar romanen i å sette fingeren på det posttraumatiske stresset så mange unge britar visstnok har etter Thatcher. Rett skal vere rett: Charlie tar kontroll over sin eigen lagnad, men det er ikkje meir enn ein kan vente av ein mann rundt dei tretti.
Det er tydeleg at laddie-kulturen har fått rotfeste i den britiske befolkninga, også blant dei meir skolerte forfattarane (Blackaby har vore innom Oxford). Dette er særs tydeleg i romanen. Midt oppe i ein hardkokt scene kan det til dømes dukke opp referansar til Derrida. Eg må ærleg innrømme, med fare for å verke nedlatande, at eg finn det pussig at halvkriminelle døgeniktar på austkanten i London skal vere kjende med fransk filosofi. Det er sikkert meint å skulle skildre hovudpersonen som mangefasettert, men det verkar snarare mot si meining. Ein byrjar å mistru fiksjonen. Det bryt opp handlinga ved å tre ut av det universet boka skal skildre. No kan det sikkert seiast at det er meininga å skape ein distanse til motiv og tema, men til det er romanen rett og slett ikkje god nok. Han blir for enkel. Det er ikkje noko gale i å vere enkel, men det er ikkje så mange etter Hemingway som faktisk lukkast med såkalla isfjellskriving. I alle fall ikkje når dei freistar seg på seriøsitet.
Kjapp dialog
Men boka er ikkje berre dårleg. Som eg nemnde innleiingsvis, er han midt i blinken for dei som likar den litt røffe stilen, kor menn er menn og kvinner noko dei lir under, og saknar og mistrur om kvarandre (det er ei slags kjærleikshistorie inni her også). Litt god gammaldags engelsk kjeltringvald med springskallar og knuste kneskåler dukkar opp rett som det er, og Charlie båe gir og tar. Dialogen er kjapp, og som den tåpelege vaskesetelen kallar det, prega av ein springknivprosa. No har eg dessverre ikkje lese originalutgåva, men det er jo eit kjent problem å skulle omsette engelsk slang til norsk. Dei har til dømes fleire hundre ord på det mannlege kjønnsorganet. Det har ikkje vi. Bortsett frå dette er omsettinga bra. Det er flyt og koherens i språket, noko som medverkar
til å gjere lesinga enkel og liketil.
Dette er altså ei bok du gjerne kan lese på toget og liknande, eller gi til nevøen din som påskebok, men er du ute etter ei skarp skildring av nittitalets britiske forbrytar-klasse trur eg du bør gå ein anna plass. Gjerne til filmen. Og så no bør snart forlaga bli litegrann edruelege i vaskesetelskrivinga si. Denne her er rett og slett ikkje samsvarande med innhaldet.
Asle Aasen Gundersen
|