Dag og Tid nr. 19, 11. mai 2000

Bøker:
Flakkande lys i regndropane
Det er gode grunnar til å skaffa seg Tor Ulvens
Samlede dikt.

Tor Ulven:
Samlede dikt
Gyldendal/Den norske lyrikklubben


Tor Ulven er - ved sida av Sigmund Mjelve - den store lyrikaren i Noreg dei siste 25 åra. Han debuterte med Skyggen av urfuglen i 1977, ei bok som heilt tydeleg står i gjeld til den franske mellomkrigs-surrealismen. Men til andresamlinga Etter oss, tegn (1980) hadde han funne sitt eige uttrykk, den typisk ulvenske skrivemåten ein ser at fleire av dagens unge lyrikarar er inspirerte av. Og Ulven heldt fast ved dette uttrykket også i dei tre siste samlingane han publiserte, Forsvinningspunkt (1981), Det tålmodige (1987) og Søppelsolen (1989). Så gjekk han over til å skriva prosa.

Etter at forfattaren gjekk bort i 1995, har ein òg publisert eit band Etterlatte dikt (1996), som mellom anna inneheld meir eller mindre fullstendige utgåver av tre bøker Ulven klargjorde, men ikkje gav ut i løpet av “dei tause åra” på midten av 80-talet. Og når ein nå gjev ut Samlede dikt, inneheld denne drygt 500 sider tjukke boka både samtlege dikt frå dei fem samlingane pluss lause publiserte dikt og alle dei som stod i boka med etterlatne. Sidan eg allereie i fjor etterlyste denne boka i Dag og Tid sine spalter - i ein artikkel med “førehandsmeldingar” - er det jo ingen grunn til å gå særleg lenge rundt dei nysteikte bollane: det er vel klart for alle at ein har med ei skikkeleg aude øy-bok å gjera, ei bok som høyrer til der oppe saman med Olav H. Hauges Dikt i samling og Rolf Jacobsens Alle mine dikt.

Etter oss, tegn

Ein skal ikkje lesa langt i desse dikta for å sjå at døden spelar ei heilt avgjerande - kanskje til og med den avgjerande - rolla i dei. For det ein møter, er ein stadig repetert påstand om at tilværet er ein dobbel ting, der det levande har sin motsats i det daude. Eksistensforståinga som ligg bak, ser ut til å vera at det levande etter kvart går over til å vera daudt, men at det etterlet seg merke av det livet det har hatt. Det er nok derfor ei av bøkene heiter etter oss, tegn, fordi dikta så ofte handlar om ein konfrontasjon med det som har vore og som på eit eller anna vis framleis er:

Han
som skrapte halvblinde

encefalogrammer
på huleveggen, endte
med å sette i scene.

dyret.
Det løsnet

og sprang.
    (1987)

Den kjølege, distanserte observasjonen er typisk Ulven. Likeins bruken av framandord i poetisk samanheng: encefalogram er sinn-bilete, altså den typen kunstnariske framstillingar som knyter seg til dei mest grunnleggande og primitive symbolforståingane. Ein skrapar inn eit dyr i huleveggen for at ein skal lukkast i å fanga det. Men i dette diktet handlar det rett nok om at dyret, biletet av dyret, har overlevd kunstnaren og løpt ut av det dødelege og inn i det varige.

Legg vidare merke til måten den grafiske inndelinga understrekar innhaldet på. Dei første to linjene er mennesket, som står for seg. Så følger dei tre linjene om kva han gjer. Deretter kjem det han har laga, også for seg. Og i alle avsnitta seier starten noko om kven det handlar om, og slutten om kva denne det handlar om gjer: 1. Mannen/skapar 2. biletet/som set i scene 3. dyret/som får liv 4. og forsvinn.
Den nedkjølte, kjenslelause tonen har noko å gjera med det menneskelege som er på veg bort i desse dikta. Og alle som skriv om Ulven, har fått med seg at det handlar om ei ombytting, om eit syn på tilværet der ein - som eg var inne på ovanfor - får ei utveksling mellom det som er nærverande og det som er fråverande. Det spesielle med Ulven er at han lar dette fråverande bli i det nærverande, at det står att som peikingar ut av augneblinken og inn i det varige.

Fra det blikkstille

Slik eg ser det, er denne forståinga av tilværet noko som godt kan knytast saman med førestellinga om det postmoderne: Historias historisitet oppløyser seg, ein får i staden ei samtid som blir fylt opp av ei fortid som reiser seg som ein vegg i utkanten av augneblinken, og som augneblinken heile tida veltar utover mot. Augneblinken blir som eit plask i dammen, og fortida som ringar som breier seg ut i stadig vidare sirklar frå dette utgangspunktet. Augneblinken er sentrum fordi det er der medvitet er. Det er der me står og ser ut på den måpande medvitslause manifestasjonen av både menneskeleg og umenneskeleg fortid og nåtid.

Men dette er bare utgangspunktet. Dette er sjølve grunntanken i Ulvens univers. Og ein gjer forfattaren mindre enn han er om ein stansar opp ved dette, om ein ikkje går vidare og ser på kva meir dei einskilde dikta har å seia, meir enn at fortida og nåtida står mot kvarandre. For om ein ser etter, vil ein fort få auga på at det er møtet mellom desse to punkta det handlar om i svært mange av dikta. Til dømes i det me såg på ovanfor, der sjølve innrissinga blir møtet mellom augneblinkens menneske og den varige symbol-manifestasjonen. Og det er ikkje utypisk, for å seia det slik, at det er ein vegg eller ei romleg grense det er tale om:

Fra det blikkstille
brådypet
skal bunnsteinene
stige opp
gjennom speilbildet ditt:

I dag
er det prekambrium.

    (1981)

I dette diktet ser me at spegelbiletet er plassert på same stad som teikninga på holeveggen, nemleg i midten. Her er det biletet av andletet som er den symbolske attgjevinga, og som eksisterer i ein vegg mellom mennesket og den umælande fortida. Men diktet er ikkje bare symbolsk, bare abstrakt. For ein kan godt tenka seg at steinane stig opp gjennom spegelbiletet, i ei dobbeleksponering. Det er bare å stilla seg opp og sjå ned i heilt klårt vatn eller kikka ut vindauget på eit tog, så vil ein fort få auge på dobbel-eksponeringar av denne typen. Det som først og fremst er annleis i høve til diktet om holemåleriet, er vel at det her er det ikkje-menneskelege som set seg igjennom i det menneskelege, og ikkje omvendt. Men dei er begge involverte i den same dikotomien, den same doble eksistensen. Og det eg meiner er viktig å ha klart føre seg, er at dette ikkje er statiske eller låste storleikar i Ulvens verd. Det skjer utvekslingar og omposisjoneringar mellom dei. Og det er det dikta hans handlar om, om korleis ein frå ulike vinklar kan sjå at det blafrar til og skjer brytingar langs desse grensene. Sjå bare her:

Båten,
halvt innvokst i
hagen. En presenning flapper
med frostvinger.

Himmelen blå.
Stranden tom.

Vasker
forlatte
sandalspor, parasollhull
[...]

(1987)

I denne vesle opptakten ser me at båten er på veg til å smelta inn i, til å bli “innvokst” i hagen. Og presenningen - på båten, må me tru - “flapper med frostvinger”, som ein isfugl eller ein dødsengel. Denne doble rørsla, mot stranda og mot himmelen som er nemnde i midtsekvensen, markerer at båten er på veg til å bli til ingenting og til å bli symbol. Borte frå nyttefunksjonen, som båt på den nå tomme stranda, er han på veg til å bli eit litterært bilete. Og det eg eigentleg vil fram til med dette, er det openberre poenget i dette ulvenske vinterlandskapet: her legg han sjølv inn ei grense i tilværet, her er båten og assosiasjonane om sjøliv eit utgangspunkt for å skapa ei åskoding av tilhøvet mellom det som er nærverande og det som blir borte. Veggen er usynleg, men har likevel funksjon. For det handlar ikkje om at verda er slik, med ein slik vegg. Veggen, anten han er framstilt som ein holevegg, ei vannskorpe, eit snølag eller ein kald vintervind, er ei symbolsk attgjeving av den fjerde dimensjonen i tilværet: tida.

Den serielle tida

Tida er utifrå grunntanken i denne forfattarskapen seriell. Tida er grensesnittet - kall det gjerne veggen - mellom augneblinken og det eksponerte biletet som ligg på den andre sida:

(TRAFIKK)

Den største bilen står med fronten knust opp-
over en lyktestolpe, og haugen av forvridd
metall skråner ned mot den tomme frontruta.
En mann i mørk dress bøyer seg for å kikke
inn i kupéen. På asfalten ligger en kvinne
med langt svart skjørt og sandaler, mens en
mager mann (kanskje lege) kneler, halvt bøyd
over henne, og skotter mot politimannen med
det runde merket på venstre uniformserme.
(Bare den brå fosterhinnelyse skrekken og
smerten synes ikke.) Men nå har mørket falt
på mens regnet strømmer; i et glimt blir olje-
flekkers regnbueflimmer synlig under forbi-
passerende frontlys, og det er lenge siden
denne ulykken en dag i tredve-årene;
den hender aldri omigjen, mens veiene
ligger glinsende i mørket og venter.

    (Upublisert, 1984-85)

Dette diktet er frå ei av dei upubliserte samlingane, Museets teater. Og forma er typisk for det han skreiv, men valde å ikkje gjeva ut på midten av 80-talet, med tekstar der det er like mange stavingar i kvar linje: Dette er eit prinsipp som blir nytta i andre delar av Europa, til dømes i gresk, men i den germanske språkfamilien har me fokusert på dei trykksterke stavingane. Og her ligg nok det mislykka i dette prosjektet. På same måte som ein i middelalderen hadde feilslåtte forsøk på å laga metrikk på norsk, fordi ein ikkje hadde forstått dette med dei trykktunge stavingane ennå, og derfor talde alle stavingane som dei gjer ved Middelhavet, endar Ulven opp med metriske dikt som ikkje er metriske. At dikt som det nyss siterte likevel er gode dikt, har med forfattarens talent å gjera. Som mislykka metrisk dikt endar det opp som vellykka prosalyrikk. Og det er nok dette Ulven sjølv har sett og teke konsekvensen av, sidan bøkene han gjev ut etter desse tause åra, anten er prosabøker eller samlingar som inneheld både dikt og prosa.

Nåvel. Når det vidare gjeld den serielle tida, så ser me at diktet sirklar inn ein augneblink, eit sekund som blir låst fast og som altså - sjølv fleire tiår seinare - framleis er. I dette biletet står ein person og ser inn i bilen, og ein annan kneler ved ei kvinne som ligg på asfalten. Også her har me grensene, veggene: det bilen har krasja mot, mørkret som kjem sigande, regnet som legg seg mellom den som ser og det som blir sedd, døden, og ikkje minst: “den brå fosterhinnelyse skrekken”. Og diktet endar opp i eit flakkande skjær, i ei peiking mot bileteksponeringa. Bilen som passerer, eksponerer eit nytt bilete og ei ny hinne, nemleg oljeregnbogen på asfalten. (Billyktene som flakkar over verda er eit velkjend motiv frå mellomkrigstidas futurisme, altså frå tida diktets hending er datert til.) Og så lukkar diktet seg bak hendinga, så å seia, gjennom påstanden om at vegane ligg i mørkret og ventar på at det skal henda på ny, som om denne augneblinken som er sporlaust borte, bare kan potenserast inn i verda att. Men det går jo ikkje. For det er bare i ny form, som teikn, at situasjonar kan komma tilbake. Vegane er der, som ting med ein langsamare temporalitet enn menneska. Men dei er likevel ikkje evige. Som alt anna menneskeleg er det temporalt, og derfor noko som til slutt vil bli borte:

Løynrunene
i svaberget,

navnet.

Men du er bølge-
slagene, som tålmodig
sletter ut
merkene etter innsiktens kaos,
og igjen gjør stein

til stein.

    (1980)

Meir enn dette

Gleda over å finna prinsipp fører ofte til forenklingar. Og når det gjeld Ulvens lyrikk, er det lett å gjeva seg til med bombastiske påstandar om kva han monomant klamrar seg til gjennom heile forfattarskapen. Men det er sjølvsagt òg noko meir i dikta. For når ein har sagt kva som finst i dei alle saman, har ein òg sagt kva det er som ikkje gjev dei ein identitet i seg sjølv. Dei ber oppe den serielle idéen, og er som ein serie tekstar ei synleggjering av han. Men dessutan er dei noko meir. For på grunn av den store likskapen tekstane imellom, blir dei små utslaga mykje tydelegare:

Vinflasken står igjen
på hagebordet,
naken og grønn,

bare med et
klissvått, brunt
løv på. Kysset ditt

smaker lønnesaft
og kinofløyel.

Vinflaska og lønnesaftsmaken, det våte lauvet og kysset. Visst ser me at det endå ein gong handlar om møtet opp mot ein vegg eller fleire: til dømes er flaska ein vegg som held vinen på plass. Og det er vel slik at flaska er der dei to som kyssar, var tidlegare - me må tru at dei var der og drakk vinen - og at ho såleis står tilbake som ei peiking mot den augneblinken dei tidlegare var i og mot den tilstanden dei nå er i. Men først og fremst: når ein kjem til dette diktet, merkar ein seg at det er noko intimt mellom menneske her. Og det er jo, frå ein synsvinkel, dette denne teksten handlar om.
Andre dikt kan rett og slett falla heilt utanfor dei skjematiske forståingane:

Vi møttes

dagen etter,
ved krysset, under lykten

med det dinglende
gule lyset, i smultlukten
fra gatekjøkkenet. Hun hadde drømt
at jeg var

en slange

et vennlig
dyr, som ville henne
godt.

Ja. Jeg vil være
din slange.
    (Upublisert, 1984/1990)

Denne teksten er frå den upubliserte Som fossile bølge-slag (1984), men har blitt endra frå middelhavsmetrikk til modernistisk form i 1990. Og trass i møtet mellom det symbolske og det konkrete er dette diktet temmeleg ulikt dei tekstane det er vanleg å trekka fram når ein skal seia noko om denne forfattarskapen. Men etter kvart som ein les, er det på ein måte desse tekstane som kjem meir og meir i fokus. I alle fall etter nokre år. For dei seier noko ein ikkje hadde venta at dei skulle seia, og syner fram sider ved diktar-røysta ein ikkje kjende til frå før.

Dette er ei bok slik bare omfattande utgåver av høgklasse-poesi kan vera. Ei bok du kan dra fram når du har ei stille stund, til dømes på søndagen, og heilt tilfeldig slå opp på ei side og lesa eit godt dikt. Eller bla deg fram til ein av favorittane dine, som det etter kvart burde bli mange av.
Hadle Oftedal Andersen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |