Dag og Tid nr. 15/16, 13. april 2000
Roald Helgheim:
Mission utan misjon
Ved nyttårsleite oppsummerte det amerikanske magasinet Time nøkternt at ved inngangen til det nye tusenåret står vitskapen att med null teikn til anna liv enn det vi har på jorda. Siste håp var ein meteor funnen i 1996 som muligens stamma frå Mars, med noko som kunne vere ein fossil av eldgamle mikrobar. Men håpet stod ikkje for nærare vitskapleg gransking. Det vil ikkje seie at det ikkje finst andre sivilisasjonar i det endelause universet. Det var den avdøde rom-eksperten Carl Sagan overtydd om at det gjorde. Og om det skreiv han romanen som seinare vart filma med Jodie Foster, Contact.
Det er ulike teoriar om kor mange intelligente populasjonar som er der ute, men i vår del av universet er vitskapen altså stadig like tomhendt for handfaste prov på eksistensen av små grøne menn. Emnet er likevel stadig aktuelt i Time, der ein i siste nummer, som ein del av eit større framtidsscenario, spør om det er liv på Mars. Betre oppkøyring kan regissør Brian de Palma knapt få for filmen Mission to Mars, som har påskepremiere denne veka. Men i mine auge har han forspilt sjansen grovt.
Alt i opningsscenene får eg filmen eit stykke opp i halsen, i eit hageselskap for Mars-reisande i år 2020. Dialogen er overfylt med pompøs og sentimental tale om ekspedisjonen, som lyt fare utan ein sørgjande astronaut som har mista ektefellen sin. We do it for you, Luke. Eg gir filmen likevel ein sjanse når dei landar på Mars, og det som ser ut som eit uskuldig lite månefjell reiser seg som eit buktande uhyre av ei skypumpe, og sluker mann og mus. Berre eit siste SOS frå ein av astronautane når attende til verds-romstasjonen eit år etterpå, men kan han vere i live? Ein ny ekspedisjon blir rusta ut, no med den sørgjande i mannskapet. Kva dei finn? Ettersom ein fjellformasjon som vart fotografert av ein satellitt i 1975 i Cydonia-regionen på Mars av utsjånad som eit menneskeandlet er skildra i reklamen for filmen, røper vi ikkje for mykje når vi melder at Det Store Mysteriet Om
Opphavet kan vere gravlagt her.
Opplegget er altså det beste, men på vegen forsyner de Palma seg grovt av minst tre forgjengarar, utan at det samla resultatet blir betre. Først plagierer han Stanley Kubricks klassiske odyssé ute i rommet, både på innsida og utsida av fartyet. Dinest rappar han frå Contact når ekspedisjonen dekodar elektroniske pulsar frå det som openbert er laga av intelligente vesen, og til og med den strålande undervassfilmen The Abyss er med, når det gjeld kunsten å puste under vatn. Carl Sagan lærte oss dessutan at reiser du gjennom svarte nok hol, kjem du til ein dimensjon der skiljet mellom dei levande og dei døde er av ein annan orden.
Brian de Palma har i mine jordiske auge ikkje prestert anna enn kosmisk melodrama, drukna i pompøs, slapp synth-musikk. I samanlikning med Queens fanfarar og dei smektande Strauss-valsane i den ekte rom-odysseen til Kubrick, har musikkmakarane skrudd tida feil veg. I Mission to Mars byggjer tonane berre opp under den patriotiske, jordiske sentimentaliteten. Ein gong ute i tomrommet er det ein smule nerve, i ei scene som nører opp under romskrekken og redsla for å drive bort i det store inkje.
I reklamen for filmen står det at Tim Robbins (som speler ekspedisjonsleiar Woody Blake) er ein politisk engasjert person, som har klart å kombinere engasjementet med kunstnerisk suksess. Akkurat det er han vel ikkje åleine om i filmsoga, men som alibi bergar det han ikkje i filmen. Om det finst intelligente vesen der ute eller ikkje det går an å lage intelligent dikting av det, om X-Files-serien aldri så mykje går på tomgang for tida.
Som ein del av oppkøyringa til Brian de Palmas film inviterte filmselskapet med sponsorane Levi's og Pepsi Cola siste helg til heisaturen Mission to Hemsedal, med ymse flytande arrangement, herunder after-ski og masse give-aways. Men det affiserte ikkje Hemsedal Kino, som denne søndagen viste The Straight Story. Det veit vi, etter at kinosjefen hørte Guds røst tale og så Guds pekefinger peke etter ein omtale av filmen her i avisa. Difor, kjære kinosjef, styr unna Mission to Mars. Den filmen held ikkje mål som vegvisar eller profeti av noko slag.
Roald Helgheim
|