Dag og Tid nr. 15/16, 13. april 2000

Mál og menning:
Størst i boklandet

Halldór Gudmundsson har vore forlagssjef i det største islandske forlaget, Mál og menning, i femten år. Han sel mellom to og tre bøker til kvar islending årleg.

OTTAR FYLLINGSNES

Forlagssjefen har nett kome heim frå den store bokmessa i London, og uttrykkjer glede over at Einar Kárason kjem ut på eit godt engelsk forlag for første gong. Frå tidlegare er Einar Már Gudmundsson sett om til engelsk, og forlagssjefen snakkar om nærast eit gjennombrot for omsetjing av den modernistiske islandske litteraturen det siste tiåret.

– I første omgang har me retta oss mot dei nordiske landa, der interessa har vore størst, men interessa har utvikla seg, og Tyskland er no kanskje den viktigaste marknaden. Me har også selt bøker til Frankrike, Italia og litt til Spania.

Færre les meir

Trass i at Island er utan innkjøpsordning og utan offentleg støtte til bokproduksjonen, reknar forlagssjefen med at det kjem ut om lag 1500 boktitlar i året. Då er alt teke med, til og med Nasjonalbibliotekets statistikk. Berre om lag halvparten av bøkene kjem ut på den allmenne marknaden. Likevel gjev Island ut dobbelt så mange titlar per tusen innbyggjarar som dei nordiske landa. Boksalet har auka mykje dei siste ti åra, men det har vore stabilt dei siste åra, fortel forlagssjefen.

Utviklinga går i same lei på Island som andre stader.

– Ei lesarundersøking frå i fjor viser at fleire enn før aldri les ei bok. Når det likevel vert lese stadig meir enn før, inneber det at færre les meir. Det fører til ei kulturell oppsplitting av befolkninga, som ein kan sjå i si mest ekstreme form i USA. Det er ei utvikling som kan verta vanskeleg å takla.

Bestseljarar

Den islandske bokmarknaden varierer sterkt frå år til år.

– Det er alltid to eller tre nye islandske romanar på ti-på-topp lista. Me er nøgde om me sel meir enn 1500 eksemplar av ein roman. Sel me 3000, er det eit godt sal. Oppnår ein roman eit sal på 5000 i “hardcover”, er det ein bestseljar. Det har hendt at ein roman vert seld i meir enn 10.000 eksemplar. Einar Márs roman Fotspor på himmelen kom ut i eit slikt opplag. I fjor selde Olafur Johan Olafsson meir enn 10.000 bøker, og det syner ei enorm interesse i ein marknad på 270.000 menneske.

– Det siste tiåret har salet av omsett kvalitetslitteratur gått litt ned, og det er ikkje så mykje nordisk litteratur som vert sett om. Som i den internasjonale marknaden har det vore dreiing mot non-fiction, biografiar, historiske bøker og forteljande faktabøker. Den islandske litteraturen oppfyller kanskje ein større del av behovet for romanar. Den islandske bokmarknaden har ikkje den skarpe delinga mellom underhaldnings- og kvalitetslitteratur, og det er ein fordel.

Heimebibliotek

Forlagssjefen kan skryta av ein sterk gåvetradisjon på Island. Folk gjev bøker både til jul og elles.

– Det finst dessutan ein lang tradisjon for at kvar heim skal ha sitt eige bibliotek. På Island skal ein ha dei islandske sagaene ståande i bokhylla saman med dei viktigaste verka av Halldór Laxness. I mange av dei nordiske landa er biblioteksalet av barnebøker det viktigaste. Viss me skulle vera avhengige av biblioteksal, hadde det ikkje kome ut barnebøker på Island – som berre har hundre bibliotek.

Innkjøpsordninga

Forlagssjefen reknar med at 95 prosent av dei islandske bokutgjevingane greier seg utan noka som helst offentleg støtte. Rett nok finst det små fond som gjev støtte til omsetjing av bøker og eit fond som støttar utgjevinga av større faktaverk.

– Som forlagssjef kan ein misunna Noreg innkjøpsordninga, men eg veit ikkje kor sunt omfanget er.

– Du meiner at det i Noreg kjem ut mange bøker som det ikkje er marknad for?

– Ja, men eg vil ikkje kritisera den norske innkjøpsordninga, som kan vera viktig av kulturelle grunnar. Også på Island er det eit problem at det kjem ut for mange bøker. Det er alltid gode titlar som druknar i den store mengda.

– Kor mange manus får Mál og menning tilsendt i året?

– Uoppfordra kjem det truleg inn kring 500 manus og forslag, og av dei seier me ja til maksimalt fem. Det er ikkje så lett for nybyrjarar å få ut bok på Island som det var tidlegare. På den andre sida er det ein oversiktleg marknad, og den som har datamaskin og god skrivar, kan laga bøkene sjølv. På Island finst det berre kring hundre bokhandlar, og det er ein marknad som det er relativt lett å koma inn på. Mange gjev ut diktsamlingar på eige forlag og sel dei på gata.

Laxness

Halldór Gudmundsson er ekspert på Halldór Laxness.

– Kor viktig er Laxness i dag?

– Diverre er eg ikkje Laxness-forleggjar, men det er hobbyen min å stella med forfattarskapen hans. Han er framleis så viktig at ein ikkje kan koma utanom han. Etter mi oppfatning var det han som braut isen for den moderne litteraturen på Island, blant anna ved å fri den islandske prosaen frå ein litt treg skandinavisk stil. På ein nærast aggressiv måte ville han innføra den europeiske kulturen. Sidan har det vore ei stor oppgåve for alle islandske forfattarar å måla seg med Laxness. Då han døydde i 1998, hadde eg ei kjensle av at han var Europas siste nasjonaldiktar. Romanane hans var ein del av kjernen i mentaliteten i befolkninga. I byrjinga var dei med på å utvikla noko som kunne kallast det islandske sjølvmedvitet. Truleg har rolla hans vore større enn mange av fansen hans har vore klar over.

– Sjølvsagt skjer det same med Laxness som med mange andre forfattarar: Dei unge les han ikkje. Eg trur at dei beste verka hans har styrke til å koma tilbake. I nesten 20 år – frå 1965 til 1990 – vart bøkene hans nesten ikkje sette om, og det var vanskeleg å finna dei på andre språk. Dei siste ti åra har det på nytt vore litt framgang. Tyskland, USA, England og Danmark gjev ut bøkene hans, men Noreg og Sverige berre i svært liten grad. På Island kjem han framleis til å vera forfattaren for forfattarane. Ingen som vil skriva på islandsk, kjem utanom Laxness. Så vel forfattarskapen som den ideologiske utviklinga hans har så stor breidd at ein kan finna ting å forholda seg til nesten uansett kvar ein står.

– Du fungerer ikkje berre som forlagssjef, men også som konsulent for forfattarane?

– Somme av dei har eg samarbeidd med lenge. Då eg starta i desse lokala for femten år sidan, var forlaget lite. Eg dreiv med alt, frå å lesa manus til å lesa korrektur. Skal ein unngå å utvikla seg til ein forlagsbyråkrat, bør ein vera oppteken av å samarbeida med forfattarar, lesa manus og forholda seg kritisk og sympatisk til det som dei skriv, seier den islandske forlagssjefen.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |