Dag og Tid nr. 15/16, 13. april 2000
Leiar:
Venstre i skoddeheimen
Det har vore vanskeleg å forstå seg på det moderne Venstre før landsmøtet i Ulvik. Særleg lettare er det ikkje blitt etterpå. Kanskje skuldast det den såkalla sosialliberalismen, som er så vid og romsleg at den attvalde leiaren, Lars Sponeheim, enno ikkje har greidd å fylle han opp.
Denne mangelen på klårleik kan vi mellom anna takka Sponheim for. Han kan gjerne halde munntøyet gåande like lenge som forgjengaren, Odd Einar Dørum, men han har som partiet ei sjeldan evne til å forsvinne inn i ei ideologisk skodde. Det er ikkje ofte ein kan forstå kva Sponheim eigentleg har på hjartet når han taler Venstres sak, og dei gongene ein kan forstå det, er det ikkje til å bli klok av.
På landsmøtet i Ulvik heldt partileiaren ein tale som forsterkar alle inntrykka av eit parti som vandrar rundt i skodda. Og merk: Eg skriv parti og ikkje partimedlemmer. For det er med partimedlemmene som det er med standpunkta i Venstre: Dei er av alle slag.
Sponheim samanfatta sjølv dei politiske satsingsområda sine i fem hovedutfordringer et liberalt parti må gripe fatt i ved inngangen til det 21. århundre: Det første handler om enkeltmennesket i møte med ny teknologi, og særlig de personvernmessige utfordringer dette reiser. Den andre utfordringen har sammenheng med hvordan vi kan vitalisere demokratiet og gjenreise interessen for å delta i styringen av samfunnet. Den tredje utfordringen handler om kunnskap og kompetanse i en omskiftelig tid. Den fjerde utfordringen henger sammen med hva vi skal leve av i Norge etter at oljealderen går mot slutten. Hvordan skal vi skape et nyskapende og samtidig miljømessig bærekraftig Norge? For det femte kan vi aldri som liberale la vårt engasjement slutte ved landegrensene i et av verdens rikeste land.
Truleg finst det ikkje ein einaste politikar på Stortinget som seier nei takk til å vera med på å eta frå ei slik politisk smørbrødliste. Og der ligg også Venstres aller største problem.
Det er nok lettare å seia kva Venstre er, enn kva Venstre ikkje er. Landsmøtet i Ulvik sist helg endra ikkje mykje på biletet av eit parti som dei siste åra har vandra rundt i ideologisk ørske. Viss partiet har hatt noko som har likna på standpunkt i viktige saker, har det likevel greidd å stå fram som tvitydig i beste fall.
Audun Skjervøy
|