Dag og Tid nr. 15/16, 13. april 2000
Herbjørn Sørebø:
Anelsens nådegave
Då arbeidsbøra for statsministeren og statsrådane hadde vorte så stor at dei trong meir hjelp, kom dei på å skaffe seg eit nytt slag tenestefolk som vart kalla statssekretærar. Det var litt usemje om kva status dei skulle få i systemet, men C. J. Hambro den store parlamentarikaren meinte at han skulle greie opp i spørsmålet. Statssekretærene gjør fortred i statsrådenes sted, sa han. Kanskje tenkte han seg då at dei skulle møte i Stortinget og svare for seg. I Stortinget var dei opptekne av den parlamentariske kontrollen med dei som skulle gjere fortred i statsrådenes sted, men det vart til at lenger enn til diplomatlosjen, stortingsrestauranten og møte i komitear der dei var innkalla, det kom dei ikkje i nasjonalforsamlinga.
Gjennom åra har somme statssekretærar likevel gjort så mykje av seg at det kunne ha vore rett å gje dei ein meir kraftfull yrkestittel. Då Svenn Stray var utanriksminister, var det ein gong ein journalist som spurde ein annan om han hadde snakka med eksellensen om ei sak. Nei, Eivinn Berg er bortreist i dag, fekk han til svar.
Nå har statsminister Jens Stoltenberg fått mykje kritikk for å ha valt Hege Norheim som statssekretær. Ho var godt kjend frå før på toppen i regjeringsbygningen ho hadde tidlegare ei viktig oppgåve som spesialrådgjevar i økonomi hos Kjell Magne Bondevik då han var statsminister. I denne stillinga var ho med på møte mellom statsministeren og statsrådar frå andre parti. Hege Norheim har også vore vikar for departementsråd Bjørn T. Grydeland, og i den stillinga var ho òg med på møte i regjeringa og tok referat. Ho sit dermed inne med kunnskap om det indre livet i koalisjons-regjeringa. Då Arbeidarpartiet skipa regjering, melde ho seg inn i partiet og skifte ham frå byråkrat til politikar.
Formelt er dette greitt. Hege Norheim er ikkje den første som har gått frå byråkrati til politikk på statssekretærnivå. Det er mange som har hoppa fram og tilbake. Det er heller ingen grunn til å reise tvil om integriteten til Hege Norheim. Når det likevel er forståeleg at det blir reist kritikk, er det fordi ho hadde ei så spesiell oppgåve under Bondevik-regimet. I teneste som statssekretær hos Jens Stoltenberg skal ho gje råd til han og regjeringa hans, og det gjer ho med den innsikt ho har fått. Å peike på dette er ikkje ein insinuasjon om at Hege Norheim kjem til fortelje om det indre livet i regjeringa Bondevik. Det er litt meir innfløkt enn som så.
Eit gammalmodig uttrykk melder seg: Anelsens nådegave. Den forundra, litt arrogante avvisinga av kritikken mot utnemninga av Hege Norheim til statssekretær viser at Jens Stoltenberg og rådgjevarane hans i partiet ikkje har den nådegåva. Det er ein mangel som kan vere ein arv i eit parti som har styrt så lenge dei burde ha venta denne kritikken, som sikkert har hatt ein verknad i opinionen som ikkje er av det dei mest ønskjer seg.
Spørsmålet om å gå lovvegen for å regulere tilhøvet mellom politikk og embetsverk har vore reist mange gonger, særleg frå ikkje-sosialistisk side, utan at det har vorte gjort noko med det. Dei som nå kritiserer utnemninga av Hege Norheim, bør også øve sjølvkritikk. Var det for vanskeleg for bondevikingane når det kom til stykket?
|