Dag og Tid nr. 15/16, 13. april 2000
Fridrik Thor Fridriksson:
Målet er å søkkja Titanic
Idet eg opnar inngangsdøra til gamle og fasjonable Hotel Borg i Reykjavik, fell blikket på den kvite kyrkja på andre sida av gata. Det er lys der inne, kyrkjedøra går opp og vinter-kledde islendingar strøymer ut i den bleike marssola. Dei har sorg i andletet og opptrykte songar i hendene, som er dei statistar i ein film av Fridrik Thor Fridriksson.
OTTAR FYLLINGSNES
Eg speidar oppover gata og nedover gata, men ser ingen filmkamera. Kafeen på Hotel Borg styrkjer inntrykket av det magiske. Her er det som på sørlege breiddegradar, og ein får ei kjensle av at magien svevar mellom borda.
Fem minuttar seinare kjem den islandske filmskaparen stigande, men han skal verken rosast for regien eller den kyrkjelege seremonien denne gongen. Gravferda denne tysdagen i mars er heilt ordinær; ho skal ikkje opp på kvite lerret i mørke salar over halve kloten.
På dei siste tjue åra har Fridrik Thor Fridriksson etablert seg som den fremste islandske filmskaparen. Han har laga seks spelefilmar, og i alle er det med ei gravferd. I fleire samanhengar har Fridrik Thor grunngjeve kvifor. Han har vist til at han voks opp like ved ein kyrkjegard, og at det var der han fekk sin første jobb. Han har peika på at gravferder er det einaste heilage som er att i samfunnet.
Søkkja Titanic
I kafeén på Hotel Borg er det kvite dukar på bordet, utsikt til snøkvite gater, svære sjokoladekaker, ein diger palme med kokosnøtter, få ettermiddagsgjester, og kelnerar som har servert folk før. Fridrik Thor vel bordet og stolen i hjørnet med utsikt til alle som kjem innom. Han vender ryggen til kyrkja, gravfølgjet, tre furutre i store potter og tingar overraskande nok kaffi.
Universets engler vart sett opp på kino i Reykjavik ved nyttår, og film-regissøren reknar med at han kjem til å gå i lang, lang tid framover.
Målet er å vera det isfjellet som søkkjer Titanic. Det skal me greia, men då treng me eit publikum på 120.000. Kanskje greier me det i august. Marknadsføringa av englane har berre så vidt kome i gang, men filmen er selt til meir enn 20 land. Førebels har ikkje amerikanarane kjøpt han, men dei kjem til å gjera det. Trass i den store interessa, finst det alltid ein barriere mot islandske filmar. Du vinn ikkje i det store lotteriet når du lagar ein islandsk film, seier Fridrik Thor.
Det finst fleire historier om dristige islendingar som har satsa og tapt alt på ein film. Den korte islandske film-historia er ei historie om dundrande konkursar, men Fridrik Thor har greidd seg.
I Reykjavik går nesten alltid ein av filmane hans på ein kino, og der går dei lenge. Reisen tilbake (91) stod på plakaten kvar dag i halvtanna år, og mange islendingar ser filmane både to og tre gonger, trass i at det er dyrare å sjå islandske enn utanlandske filmar. Reisen tilbake vart dessutan nominert til Oscar for beste utanlandske film, men han nådde ikkje heilt til topps. For Fridrik Thor vart filmen eit gjennombrot, og no er det mange som har store forventningar når det kjem ein ny islandsk film. På filmfestivalen i Gøteborg i januarvar Universets engler opningsfilm og han vart vist på filmfestivalen i Berlin. Fridrik Thor reknar med at filmen kjem på norske kinoar på ettersommaren kort tid etter Haugesundfestivalen.
Kvalar og kyr
Han debuterte med dokumentarfilmen The Blacksmith i 1981. Eit par år seinare kom han med dokumentaren Rock i Reykjavik, der den 14 år gamle Björk filmdebuterte. Fire år seinare hadde han klar den første spelefilmen, Hvite hvaler. Filmen handlar om to islandske kvalfangarar som kjem til sivilisasjonen i Reykjavik etter ein lang fangstsesong. Der kjenner dei seg like lite heime i byen som dei kjenner seg heime på havet.
Filmen er vist på festivalar kringom i verda, blant anna i Locarno i Italia. Der møtte Fridrik Thor filmskaparen Andreas Bohr, og islendingen gjorde sterkt inntrykk på tyskaren. Det medførte at Bohr i fjor lanserte den ein time lange portrettfilmen The Viking's Gaze; ein flott film om Fridrik Thor som norsk fjernsyn bør kjenna plikt til å senda.
I Hvite hvaler vert det slakta kval så blodet sprutar, og på festivalen i Locarno hamna islendingen naturlegvis i diskusjon med miljøvernarar. Der slo Fridrik Thor fast at han ikkje hadde noko mot kvalslakt ettersom ein kval svarte til kjøtet frå åtti kyr, og argumentet skal visstnok ha gjort inntrykk.
Til Dag og Tid fortel Fridrik Thor at kan verta aktuelt å setja opp Hvite hvaler på kino i Reykjavik på nytt. Kva turistar og kvalfangstaktivistar seier til det, står att å sjå.
Romanar
På 90-talet har Fridrik Thor i stor grad satsa på å laga film av populære islandske romanar. Reisen tilbake, Kinodager, og Universets engler har vorte til etter samarbeid med Einar Már Gudmundsson. Djevleøya er ei filmatisering av Einar Kárasons romanar.
Historia om Fridrik Thor og forfattarane Einar og Einar er også ei historie om venskap. Fridrik Thor har vore ven med Einar Kárason frå dei gjekk på gymnaset; Einar Már har og Fridrik Thor har vore vener sidan dei var ni. Universets engler er den sanne og brutale historia om broren til Einar Már som vart schizofren og hamna på psykiatrisk sjukehus.
Det kom mykje kritikk mot prosjektet då manusarbeidet til Universets engler byrja for fire-fem år sidan, men dei kritiske røystene tagna då filmen vart vist. Dei aller fleste som har lese boka, har likt filmen.
Vart filmen slik du ville ha han?
Handlinga i romanen tek for seg eit tidsrom på 25 år, og det var vanskeleg både å gjera filmen tidlaus, å komprimera og skapa ein samanheng. Me diskuterte i timevis og tømde ei mengd whiskyflasker. Dessutan er det alltid fleire som skal ha eit ord med i laget når du lagar film. Den som skal laga film på Island, treng kapital frå utlandet. Me har hatt både norske, danske og tyske medprodusentar, og som oftast har produsentane også synspunkt på manuset. Me tek omsyn til alle, og får me god kritikk, tek me omsyn til det, seier han som har det avgjerande ordet.
Psykiatrien
Fridrik Thors spelefilmar er som oftast ei rørande blanding av humor og tristesse, og det er nok ikkje berre mannen bak portrettfilmen som feller tårer kvar gong han ser ein ny film frå den islandske filmskaparen.
Somme har samanlikna Universets engler med Gjøkeredet?
Me prøvde å unngå ei slik samanlikning, men båe filmane handlar om det same. Det er nok endå meir humor i Einar Márs bok enn det er i filmen. Nødvendig humor, kan ein kanskje seia. Det må ha vore vanskeleg for han å skriva boka; å grava alt opp i alt det ubehagelege på nytt. Som ung var eg svært interessert i å vita meir om psykiske lidingar. R.D. Laings teoriar var interessante, og eg las bøkene hans. Eg meinte at alle kunne få ein psykisk knekk, og mitt synspunkt var at knekken måtte kurerast i det same miljøet som skapte han.
Det psykiatriske sjukehuset Kleppur står sentralt i Universets engler, men filmen er ikkje ein sviande kritikk av psykiatrien?
Mange ulike metodar vert brukte for å kurera folk. I Gjøkeredet vart det brukt elektrosjokk, og det vart framstilt som noko svært negativt, men i dag veit me at elektrosjokk er til hjelp for somme. Det er så mange fastlåste idear, og ofte er røyndommen ein heilt annan. Ari Kristinsson, som skulle vera fotograf på Universets engler, vart nesten drepen på eit sjukehus. Doktoren gløymde rett og slett å stengje ei vene. Difor måtte me leiga inn norske Harald Paalgard til å stå bak kameraet. Sjukehus er det farlegaste huset du kan koma inn i, og mentalsjukehus er like farlege som vanlege sjukehus. Det ligg alltid ei menneskeleg vurdering bak når diagnosen skal stillast. Og då er det alltid mogeleg å gjera feil. Me stolar blankt på institusjonane, sjølv om det finst mange døme på at dei ikkje fungerer.
Historieforteljaren
Du har sansen for outsiderane?
Eg har alltid vore meir interessert i dei enn i folk som prøver å vera normale. Eg har også vore oppteken av den innsatsen som outsiderar må leggja for dagen før dei får fram bodskapen sin. Av og til må dei tenna fyr på seg sjølv, eller dei må bryta seg inn i ein bank for å få merksemd. Av dette vert det fort gode historier, seier Fridrik Thor.
Einar Már har omtalt venen som ein vandrande kino, ein mann som tenkjer i forteljingar og talar i bilete.
Som mange andre islendingar er du ein historieforteljar?
Eg har vakse opp i eit miljø der det vert fortalt historier. Grunnen til at Einar Már og eg er så gode vener, er at me har tolmod til å høyra på historiene til kvarandre. Når me drikk oss fulle, tyr me nærast til knyttnevane for å få fortelja historier.
Kvar får du historiene frå?
Frå alle typar folk, og mange kjem frå landsbygda. Eg har mange gode vener som er historieforteljarar. Einar Kárason er ein av dei. Dessutan har eg ein gard i den nordlege delen av landet. Når eg drikk meg full saman med bøndene der, har dei alltid gode historier å fortelja. Framleis er det mange islendingar som er dyktige historieforteljarar, og det er fleire på landsbygda enn i byane. God whisky, gode histo-rieforteljarar og god musikk i bakgrunnen; det er høgdepunkt i livet.
Fridrik Thor har tidlegare gjeve ut ei heil bok med mikrohistorier, men ho er berre å få på islandsk.
Har du ei kort yndlingshistorie?
Yndlingshistoria har eg frå ein fransk kunstnar som hadde ei utstilling i eit galleri som eg dreiv her i Reykjavik. Der handlar det om ein kar som kom inn i eit rom der det berre var ei flaske med soda på bordet. Han kledde av seg og onanerte i ti minuttar. Då han var ferdig opna han sodaflaska, tok ein svær slurk, strekte seg og braut ut: Kvinner og champagne!
Storfilmen
Den beste historia står kanskje Fridrik Thór for sjølv. Tidleg på 80-talet vart det fart i den islandske spelefilmproduksjonen, men Fridrik Thor stod utanfor utan filmutdanning. Det var han ikkje nøgd med, og difor bestemte han seg for å gjera noko med det. Han kalla inn til pressekonferanse og kunngjorde at han skulle laga film av Njålssoga. Folk undra seg over korleis han kunne laga film utan finansiering, men Fridrik Thor gjekk ut på radioen og bad lokalbefolkning og turistar om å vise omsyn på dei stadene der filmen skulle spelast inn. Sidan kunngjorde han at filmen berre skulle visast ein gong på den største kinoen i Reykjavik med plass til tusen personar. Prisen var tre gonger det normale, men etterspurnaden var stor. Ikkje sidan Rolling Stones vitja øya, hadde det vore større rush etter billettar, men for publikum vart premieren eit stort antiklimaks. Han viser berre ei hand som blar seg
gjennom boka, som brenn opp nett som Njålsgarden i soga.
Fridrik Thor tente mykje pengar på filmen, men etterpå var han ingen populær mann i Reykjavik. Det var fleire som truga med juling, og så gale vart det at han fann det best å forlata byen for ei stund.
På 70-talet hadde han stor suksess med ein filmklubb på universitetet. Ved å introdusera dei store som Kurosawa, Wenders, Kieslowski og Tarkovskij kunne Fridrik Thor studera dei med tanke på seinare bruk. Filmklubben vart så stor suksess at den unge islendingen fekk overta ein kino, og der vart overskotet så stort at det vart pengar både til filmkamera og klippebord.
Produsenten
I dag har Fridrik Thor ein finger med i det meste som går føre seg i det islandske filmmiljøet, og det er ikkje reint lite. Han har sitt eige filmselskap, Ice-landic Film Corporation, med fleire tilsette og eige filmstudio. Han er produsent eller medprodusent for ei lang rekkje filmar, som til dømes Mørkets høvding som går på norske kinoar no, Fiasco som går på islandske kinoar, Split, Plan B-rapport, Ikingut, Regina, Falcons, Monster og fleire andre. Han har fleire norske samarbeidsprosjekt, blant anna er han medprodusent på Petter Vennerøds eventyr om Askeladden i Trolland som kan verta den dyraste norske filmen hittil.
Men det er regissør Fridrik Thor helst vil vera. For tida samarbeider han med Einar Kárason, som bur i Berlin, om manus til spelefilmen Falcons. Her skal det handla om folk som stel freda falkar frå Island for å selja dei til rike arabarar. Fredrik Thór lovar meir action i denne tre millionar dollar-filmen enn i dei han har laga før.
Monster
Det store prosjektet denne sommaren er Monster, som skal spelast inn både på Island og i New York, med den verdskjende Hal Hartly som regissør og Fridrik Thor som produsent. Det er islendingen som har lokka amerikanaren til å gjennomføra monsterprosjektet i det islandske vulkanlandskapet.
Men ein monsterfilm og ørten andre filmprosjekt er ikkje nok. Saman med den islandske produsenten Sigurjón Sighvatsson (produsent for Wild at Heart) har Fridrik Thor skipa eit nytt islandsk produksjonsselskap. Selskapet startar med ein kapital på ca ti millionar kroner, og planen er å produsera tre eller fire spelefilmar i året. Monster er ein av desse, og her går ein ikkje av vegen for å ta i bruk utanlandske skodespelarar. På Island kjem selskapet til å vera det største, og nyskapningen vert teke som eit teikn på kor sterk den islandske filmindustrien har vorte.
Eit teikn på styrke er også dei mange japanske turistane som kjem til Island. Med seg har dei ei bok den japanske utgåva av Reisen tilbake, og med henne som guide reiser dei den same ruta som dei to pensjonistane som flykta frå aldersheimen i Thor Fridriks film.
|