Dag og Tid nr. 15/16, 13. april 2000

Einar Már Gudmundsson:
Forteljingar som lækjemiddel

Forfattarane og diktekunsten spelar ei mykje større sosial rolle i dag enn noko-sinne tidlegare, meiner forfattaren Einar Már Gudmundsson (46).

OTTAR FYLLINGSNES

Den tomheita som fører til vald og bruk av narkotika, er eit resultat av mangelen på historier – på innhald i livet, meiner vinnaren av Nordisk råds litteraturpris i 1995.

Den franske poeten Baudelaire oppmoda til rus, men Einar Már meiner at poesien er det beste rusmiddelet for dei unge. Det er i mangel på poetisk rus at ungdommen tyr til rusmiddel, seier han.

I fjor kom Einar Márs Fotspor på himmelen på norsk. Til hausten kjem han truleg med ny roman og ei samling essay-historier på islandsk.

På tsjekkisk

Han bur midt inne i eit nytt bustadfelt oppe på ein ås eit kvarter med bil frå Reykjavik. Her er det gråe sluddskyer ute i horisonten, ilskne vindkast, høge brøytekantar og fleire store firhjulsdrivne bilar enn dei fleste andre stader i verda.

Ein av doningane står utanfor garasjedøra hjå Einar Már. Inne i garasjen er det ikkje plass til bil. Her har forfattaren skrivestove med datamaskiner, fulle bokhyller og bokstablar på golvet.

Frå forlagssjefen i Mál og menning har eg med meg endå ei bok, og Einar Már glimtar til når han får henne. Ho er på tsjekkisk, og forlagssjefen meiner at ho er nummer seksten i rekkja av omsette utgåver av Universets engler. For denne boka fekk Einar Már den nordiske litteraturprisen, og sidan har ho kome ut i Danmark, Noreg, Sverige, Finland, Tyskland, Storbritannia, Nederland, Italia, Litauen, Frankrike, Spania, USA og Tsjekkia.

Frå bokhylla dreg islendingen ut ei omsetjing som han er ekstra stolt av. Boka er på grønlandsk, og forfattaren ser omsetjinga som ein del av fridomskampen for grønlendingane.

– Sjølvstendet kjem ikkje utan språket, slår han fast – og hentar i same slengen fram den færøyske utgåva.

Lyrisk tone

Einar Már har gjeve ut romanar, noveller, essay, barnebøker og diktsamlingar. Som Kjartan Fløgstad spreier han om seg med smådikt i romanane.

– Diktet er på mange vis eit laboratorium for språket, seier han. Og uttrykkjer størst begeistring for romanar med ein lyrisk tone; som hjå Knut Hamsun, Halldór Laxness og William Heinesen.

– Eg har aldri oppfatta den store skilnaden mellom poesi og prosa. I byrjinga var prosaen poesi, og poesien var prosa, som i Homers Illiaden, slår han fast.

Så langt er ikkje diktsamlingane til Einar Már tilgjengelege på norsk. Danskane har vore flinkare både med dikt og romanar. Svenskane har laga eit diktutval, men det er Italia som er Einar Márs land – på mange måtar. Der har han fått fleire prisar, og ofte vert han invitert nedover for å lesa opp. Italienarane vurderer å gje ut tidlegare bøker, og dei vert først med å setja om barnebøkene.

Sør-Afrika

Også tyskarane har fatta interesse for islandsk litteratur, og dei to islandske “einarane” – Kárason og Már Gudmundsson – var nyleg på ein tre veker lang opplesingsturne i Tyskland.

På bordet ligg det ein stabel med bøker av ukjende forfattarar. Bøkene hadde den islandske forfattaren med seg frå Sør-Afrika. Einar Már er nyleg komen heim frå ein litteraturfestival i Durban, der samfunnsendringane er mykje meir radikale enn i Tyskland. Sjølv om det er stor arbeidsløyse, spora han stor optimisme blant dei unge.

– Dei takkar for hjelpa til nedbrytinga av apartheid og er så forvitne på omverda. Det er eit privilegium å koma dit frå Island og dei nordiske landa. Ofte veit me meir om dei som me kjem til, enn dei veit om oss. Det skaper ofte ein fruktbar dialog. Folk er svært forvitne på kulturen vår. Til festivalen kom det forfattarar frå ulike stader, og ein fekk stifta kjennskap med nye forfattarnamn, som Maryse Condé, Ivan Vladislavic, Lazarus Miti og Adrian van Dis. Me var kringom på skular og las opp for ungane, både i overklasseskular og på ein institusjon der gatebarna kom for å få mat og svevn.

Den friskaste

Det er sju år sidan Universets engler kom ut på Island, men i februar i år er romanen på nytt på toppen av bestseljarlista. Det skuldast nok først og fremst at filmen står på plakaten i Reykjavik. I Danmark er boka trykt i fem utgåver, og på Island er ho pliktlesing i tiande klassen.

– Eg har vore mykje kringom i skulane for å snakka med ungdommen. Ved å presentera litteraturen kan ein presentera den sosiale sida av einsemda. Det vert sagt så mykje negativt, men eg meiner at dagens unge er dei friskaste me har opplevd nokosinne. Dei står heilt fritt frå alle dogme; dei skal berre vidare. Generelt er dei både opne og opplyste, og dei tenkjer svært internasjonalt. Eg trur neppe at min ungdomsgenerasjon brukte så store delar av hjernen. På skulane vert det ofte fine diskusjonar om innhaldet og meininga med livet, men også om omsynet som ein skal ta til andre menneske. Og om kven som er den sosiale taparen når alt kjem til alt. Kanskje er det regjeringa, seier Einar Már – og ler.

Vulkanutbrot

Einar Már budde i København frå 1979 til 1985. Han debuterte med diktsamlinga Frankeinsteins kup i 1981.

– Til å byrja var det som eit vulkanutbrot; eg skreiv rett ut i lufta. No skriv eg og legg det frå meg. Når eg tek det opp att, finn eg nye vinklar. I Universets engler og Fotspor på himmelen har eg prøvd å sameina det forteljande med det lyriske. Å sysla med romanar og poesi er eit studium i det uendelege; ein utforskar kva som kan lagast ved å stilla umogelege krav. Det er som det gamle slagordet frå 1968: Ver realistisk og utfør det umogelege, seier den gamle anarkisten og pønkaren – og understrekar dei anarkistiske elementa i romankunsten.

– Det er mange nordiske forfattarar som har funne ei slags sanning og ein slags Jesus Kristus i landsbytullingen, legg han til.

Magisk realisme

For manuset til filmen Universets engler fekk Einar Már prisen for beste manus i den nordiske konkurransen på filmfestivalen i Gøteborg i januar.

– Eg oppfattar det som om filmmanuset er i slekt med diktekunsten. Ein kan tenkja seg manuset som eit dikt og kvar scene som ei line i diktet. Er det for mange liner, har det vanskar med å stå på eigne bein. Det same gjeld med filmmanuset.

Sjølv om både boka og manuset til filmen Universets engler er Einar Márs, omtalar han filmen som Fridrik Thór Fridrikssons verk. Dei to har tidlegare skrive manuset til Reisen tilbake og Kinodager saman.

– Alle desse filmane har noko som eg er svært godt nøgd med, men dei er ulike. I Kinodager er det mykje personleg om barndommen og den kulturelle utviklinga som me opplevde. Eg er svært glad for Reisen tilbake; det var ein film som verka. Det var magisk realisme på filmlerretet som det tok oss tid å få til, men me greidde å stilla det sentrale spørsmålet: Kvifor brukar me ikkje vår eigen kultur i våre eigne filmar? Kvifor brukar me ikkje element frå sagakulturen i film? Mange filmar har brukt den magiske realismen frå Sør-Amerika, men ofte var Hollywood-versjonane av desse filmane mislukka av di filmskaparane ikkje trudde på det magiske. I vår kultur prøver ein ikkje å skilja mellom det realistiske og det overnaturlege. På det viset var Reisen tilbake ei stor oppdaging av at dette let seg gjera å kombinera. Ein kan tenkja som Gabriel García Márquez då han kom til å lesa om eit menneske som forvandla seg til ei bille. Dette kan la seg gjera, tenkte han.

– Det er slektskap mellom den søramerikanske magiske realismen og den islandske?

– Det finst mange latinamerikanske forfattarar som har vore svært opptekne av nordisk litteratur. Den mexicanske forfattaren Joan Rulfo var ein av desse. Mange seier at han var opphavet til den magiske realismen. Yndlingsforfattarane til Rulfo var Knut Hamsun, Selma Lagerlöf og Halldór Laxness. Du kan dessutan nemna Jorge Luis Borges og hans sans for dei islandske sagaene og den gamle nordiske litteraturen. Mange gjer det same som dei; brukar legendene, dei folkelege historiene og anekdotane som basis for litteraturen. Sambandet mellom Island og Sør-Amerika ligg i denne antirasjonalistiske kulturarven. Der skil ein ikkje så mykje mellom dei verdene ein kan leva i, og heller ikkje så mykje mellom det materielle og det åndelege. Dette elementet finn ein i den europeiske mellomalderlitteraturen, og mange moderne forfattarar syslar med det same; frå Günther Grass til Salman Rushdie.

Vert merkeleg

I filmen Reisen tilbake forsvinn dei to pensjonistane på uforklarleg vis når politiet tek opp jakta på dei.

– Godtek folk dette forsvinningsnummeret?

– Det er mange som alltid vil ha forklaringar, men ein må sjå i augo at somme tider er det ikkje noko å forklara. Det berre hender. Hadde me greidd å forklara heile livet, veit eg ikkje om me hadde gidda å leva. Både i moderne litteratur og i sagalitteratur er det slik at du skal visa det du seier, men ikkje forklara det. Forklaringa ligg mellom linene. Filmskaparar har i mange år flytta dei litterære lærdommane over til filmlerretet, men dei kan gjera det meir medvite. Dei beste europeiske filmregissørar i ferd med å gjera det, men eg trur at dei kan gå mykje lenger. Hadde jeepen sitt forsvinningsnummer i Reisen tilbake skjedd i ein roman, hadde det vore heilt naturleg. Lesarane ville ha sett det for sitt indre blikk, men på filmlerretet vert det merkeleg.

Ættesaga

Einar Már har tileigna den siste romanen, Fotspor på himmelen, til bestemora Ingibjörg Gísladottir.

– Romanen er ein slags moderne ættesaga?

– Du kan kalla han det, men når eg skriv, tenkjer eg aldri på kva det skal verta. Først i siste delen av skrivinga vart eg medviten om at boka kanskje av og til hadde den same tonen som sagaene, og så spela eg litt meir på det.

– I Fotspor på himmelen blandar eg mange sjangrar; deriblant moderne familiesaga og slektshistorie. Eg vil gjera meg nytte av all slags litteratur. Det har vorte snakka nedsetjande om sosialrealismen, og alle gode forfattarar som har skrive bøker om fattigdom, har vorte skubba ut av det gode selskap som kommunistar. Det gjeld til dømes fine forfattarar som Maksim Gorkij, Martin Andersen Nexø og dei svenske proletarforfattarane. I Fotspor på himmelen skriv eg litt i den sjangeren, men på ein heilt annan måte, med føresetnader frå den magiske realismen. For mange år sidan fekk eg ideen til å skriva denne familiesagaen. Eg var ung då eg ferdig med Ridderne av den runde trapp (84), og eg berre skreiv og skreiv. Sidan innsåg eg at dette var eit materiale som måtte studerast betre, og eg gjekk meir profesjonelt til verks, med både intervju og samtalar med eldre menneske. Når du byrjar å studera historia om alminnelege menneske, fell du i mange svarte hol, der ingen hugsar, eller dei hugsar på ulikt vis. Det er to metodar som går att i forfattarskapen min. I arbeidet med Ridderne av den runde trapp, Vinge-slag i takrenna og Regndråpenes epilog brukte eg ikkje kjeldemateriale, berre historier eg hadde dikta opp eller høyrt, men ein kan ikkje halda fram med å riva seg i sitt eige hår innanfrå; ein må koma litt ut av seg sjølv. Kanskje dukkar det opp eit emne som du har eit forhold til, som det gjorde i Røde dager frå 1991.

Einar Már er gammal anarkist, og han kjende mange av dei gode anarkisthistoriene. Likevel gjekk han grundig til verks og oppsøkte politiarkiva og gamle aviser for å finna ut meir. Meir og meir byrja den utdanna historikaren å ta i bruk historikaren i seg. Han ville sjå historia meir innanfrå; vita korleis folk har opplevd det som har skjedd. Romankunsten vart på eit vis inntoget til historia.

I Fotspor på himmelen skriv han om arbeidarklassen i Reykjavik; om brytingstida då folk flytta frå bygdene og inn til byen. På den same tida opplevde skipsfarten store framsteg, og arbeidarklassen voks. Einar Már slår fast at alt som er sagt om dei sosiale vilkåra i Fotspor på himmelen, stemmer.

– Det kommunistiske partiet var svært viktig den gongen. Det var sterkt i Reykjavik, på Vestmannaøyane og på somme stader nord i landet. Partiet vart stifta i 1930, men det vart sameint med ein del av sosialdemokratiet i 1938 – i sosialistpartiet.

Borgarkrigen

Både i Universets engler, som er tileigna broren, og i Fotspor på himmelen byggjer Einar Már opp romanane kring sin eigen familie. I den sistnemnde fortel han om islendingar som vervar seg som friviljuge til den spanske borgarkrigen. På veggen i garasjen heng det nokre små portrettbilete. Det er dei islandske friviljuge som reiste til Spania for å kjempa med dei internasjonale brigadane.

– Det er farbroren min, og det er kameraten hans som er førebilete for Olli i romanen. Den tredje er førebilete for Arnfinndur; han som skreiv bok om røynslene sine i den spanske borgarkrigen. Farbroren min var ein forteljar, og han fortalde mange historier frå krigen.

Farfaren og farmora til Einar Már hadde ti barn som opplevde både fattigdom og naud. Fleire av barna vart “tvangsflytta” ut på landet, og dette skriv islendingen om. No er Einar Már i gang med å skriva eit sjølvstendig framhald. I Fotspor på himmelen står dei eldste barna i familien i sentrum. I den neste boka kjem det til å dreia seg meir om dei yngre syskena, og opplevinga av å verta sendt vekk kjem sterkare fram. Handlinga er lagd til 30-talet og krigstida.

– På Island var det oppgangstid under den andre verdskrigen. Det kom både amerikanske og britiske soldatar hit, og det vart bygd vegar og annan infrastruktur. Lønene ute på bygdene var låge, og det førte landbruksarbeidarane inn til byen. Også i dag er flyttestraumen sterk, men under den andre verdskrigen opplevde Island den sterkaste folkevandringa frå land til by. Eg har eit botnlaust hav av hendingar å ausa av. Kanskje vert det to bøker til om den same familien, seier den islandske forteljaren.

Og byr på kald sjenever mellom bøkene i garasjen, samstundes som han serverer ei historie også om dette stoffet; om unge og dumdristige islendingar som prøvde å smugla med seg heim ei heil skute med nederlandsk sjenever...

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |