Dag og Tid nr. 15/16, 13. april 2000
Bøker:
Ein mann nær samanbrotet
Det er langt frå kjedeleg å lese om Erkki Murole og hans hjelpelause og konvensjonelle ritual for ikkje å stikke seg ut og bli lagt merke til, skriv Oddmund Hagen om romanen Erkki Murole av Trond Davidsen.
Trond Davidsen:
Erkki Murole
Oktober
Trond Davidsens andre roman handlar om finnen Erkki Murole som reiser frå Stockholm til Molde for å besøke broren Tauno, som han ikkje har hatt kontakt med på 20 år. Det er ein roman om ei reise med tog til Oslo og vidare til Bergen, frå Bergen til Molde tar han Hurtigruta. På turen overnattar han på hotell i Oslo og i Bergen, i Molde ligg han over ei natt hos broren, sjølv om broren ikkje er særleg begeistra for det umeldte besøket. Dagen etter går han om bord i sørgåande hurtigrute til Bergen. I det ytre hender det ikkje meir enn dette, ei heilt udramatisk reise som likevel pressar fram ein katastrofal dramatikk på dei siste sidene.
Angst
Frå første side anar ein at eitt eller anna har gått i baklås for Erkki Murole, og denne låsinga er også reint konkret til stades i teksten i det forholdet han har til dører og nøklar. Han har store problem med å opptre naturleg i sosiale situasjonar, og i den indre, stakkato monologen som driv handlinga framover, lyser det ein angst mot lesaren som kler forteljaren ufrivillig naken. Denne angsten og panikken prøver han å dempe med eit unaturleg høgt alkoholinntak og eit krampaktig grep rundt snadda, som han stort sett har fyr på gjennom heile teksten.
Man vil ha det enklest mulig. Ikke for mye å holde rede på, tenker forteljaren og prøver å innrette seg deretter, men heller ikkje dette greier han å forhalde seg til, han fell rett og slett for eige grep eller mangelen på grep om sitt eige tilvære.
Teksten blir driven framover av korte, stikkordaktige setningar, setningsrestar og enkelt-ord som kan minne om notat i hjernen. Dette blir gjentatt og gjentatt med alle slags atterhald i ei stadig sirkling kring kva ein bør gjere og kva ein ikkje bør gjere, fram og tilbake, underlegent og ubestemt, hjelpelaust mistilpassa, handlingslamma og framandgjort overfor sosiale kodar som styrer normal mellommenneskeleg omgang:
Hun spør en: Fant du noe du likte? Ja nei, man tenkte til sin ... altså, denne kniven her ... det var ... til min ... ja nei, jeg tar denne kniven her ... man ... jo, jeg tar denne her ... denne lille kniven her.
Framandgjort
Slik får Davidsen fram noko nevrotisk i stilen som først og fremst kan minne om Jon Fosses indre monologar, men der Fosse gjer bruk av ein eg-forteljar, bruker Davidsen det upersonlege og anonyme man gjennom heile teksten med korte innskot der forteljarstemma glir over i eg-form. Dette forteljegrepet er med på å understreke at Erkki Murole står ved sida av seg sjølv, han betraktar seg sjølv og analyserer seg sjølv og sine eigne val og handlingar heile vegen, og ved konsekvent å gå inn i mannens tankegang frå denne vinkelen, viser Davidsen ein mann som ikkje berre er framandgjort i høve til omverda, men like mykje til seg sjølv og sin eigen identitet.
Dermed oppstår det også eit spenningsfelt mellom Erkki Muroles verjon av det verkelege og lesarens oppfatning av dei situasjonane han hamnar i eller meiner seg å hamne i.
Samanbrot
I korte glimt får ein eit visst inntrykk av Muroles bakgrunn og oppvekst på den finske landsbygda, langt frå folk. Faren er nemnd, broren og ei søster, alle verkar låste og inneslutta, redde for berøring og nærheit, og det same inntrykket festar seg i forhold til den arbeidsplassen han er oppsagt frå, eit psykiatrisk sjukehus nær Stockholm, der han har jobba som ufaglært pleiar med spesielt ansvar for eit svært vanskeleg og uhelbredeleg kasus. Når dette stadig dukkar opp i teksten, gir det signal om Erkki Muroles eige kasus, og sjølv om han strevar til det ytste for å verke normal, skjønner ein fort at her er ein inne i hovudet til ein mann nær eit mentalt samanbrot. Han er utan forankring i tilværet, arbeidslaus, heimlaus, på reise utan eigentleg mål, han er utan nære familiære relasjonar, og han er utan nære venner, han er så parkert som det går an å bli,
og det vesle han har å klamre seg til, er reiseveska og ei snadde som han ikkje heilt greier å halde styr på.
Kanskje vil nokon reagere på det stakkato og monotone, nærmast manierte i språket og stilen, men det går fort over, for dette er romanens språk. Og det er langt frå kjedeleg å lese om Erkki Murole og hans hjelpelause og konvensjonelle ritual for ikkje å stikke seg ut og bli lagt merke til, den angsten han har for det sosiale og det offentlege rom er lett å kjenne igjen, og det skaper situasjonar av stor underhaldningsverdi utan at Murole blir gjort til ein latterleg person.
Det er Davidsens forteneste at han tar Erkki Murole på alvor, han ser denne mannen slik han er, innanfrå, og han tar eit kraftig grep i lesaren som får assosiasjonar både i retning av Tusten hos Vesaas og somme av Dag Solstads 90-talspersonar.
Oddmund Hagen
|