Dag og Tid nr. 9, 2. mars 2000

Teater:
Den samiske Volund

Beaivvás Sámi Teáther hadde gjort innhaldet i Volundarkvida så levande at det ikkje kjendest lenge å sitja i ro ein time ute på Finnmarksvidda ein februarkveld med femten kuldegrader og vind.

Beaivvás Sámi Teáther:
Vølunds saga
Scenografi: Aage Gaup
Lys: Lars Lindström

Eg har vore på teaterpremiere og sett noko så uvanleg som eit dramatisert eddadikt framført på nordsamisk. Det er teatret Beaivvás som står for oppsetjinga, og premieren hadde dei ute i is- og snøkulissar ved breidda av vatnet Buletjávri nokre kilometer sør for Guovdageaidnu. Diktet som teateret har valt å dramatisere, er kvadet om Volund. Og valet var kanskje ikkje så unaturleg sidan det står uttrykkeleg i Edda at Volund var same.

Eddakvadet

Slik kjende eg innhaldet i dette diktet frå før: Tre søner av ein samisk konge slår seg ned i Ulvdalane. Den eine av dei tre brørne er smeden Volund. Ein dag kjem tre valkyrjer i svaneham flygande nordover til brørne i Ulvdalane, og dei lever alle lykkelege der som tre par i mange år. Nå ja, alle seks er kanskje ikkje like lykkelege, for ein dag da brørne kjem heim frå jakt, har kvinnene floge sin veg. To av brørne fer ut i verda for å leite etter valkyrjene, men Volund blir verande att heime. Der sit han og ventar på si Alvit som han trur skal koma att, og tida kortar han med å smi ringar som ho skal få når ho kjem.

Men i bakgrunnen lurer kong Nidud og den vonde dronninga hans. Dei fangar Volund og plasserer han åleine på ei øy, og der blir han sitjande for å smi smykke. Dei skjer av han knehasane slik at han ikkje skal kunna rømme. Men Volund tek ein forferdeleg hemn. Han lokkar dei to små sønene til kongeparet ut på øya til seg og drep dei. Av knoklane og hovudskallane lagar han fine smykke og skåler som han sender til foreldra. Også kongsdottera lokkar han ut på øya til seg, og ho blir med barn.

Medan Volund sat på øya, smidde han seg venger. Slik kjem han seg til slutt ut or fangenskapet sitt og kan trygt hemne seg på kongeparet ved å fortelja dei kva som skjedde med borna deira.

Beaivvás-versjonen

Slik kjende eg handlinga, men akkurat slik var ho ikkje i Beaivvásversjonen. Kanskje byggjer teatret oppsetjinga si på eit anna grunnlag enn eddadiktet? Myten om Volund er jo kjend frå heile det germanske språkområdet. Men i alle fall, Volundarkvida er poesi, omstendeleg dikta i fornyrdislag, og sjølvsagt må ein endre slikt for å få det til å fungere på teateret. Og eg syntest verkeleg at Beaivvás hadde fått diktet til å fungere som teater.

Det einaste eg sakna av den handlinga som eg kjende, var poenget med vengene som sølv-smeden Volund smidde seg medan han sat fanga. Det er eit tap for stykket at denne poetiske delen er teken bort. Dessutan er det vengene som i diktet forklarer korleis Volund kunne våge å fortelja kongeparet kva han hadde gjort. I teaterversjonen blir denne sekvensen litt meir banal.

Toivo Lukkari spelar Volund, og Anitta Suikari og Svein Birger Olsen spelar det bokstavleg tala opphøgde fiendslege kongeparet. Dette er rutinerte skodespelarar som lenge har vore med i Beaivvás. Her fekk vi skodespelarane på fysisk avstand og mykje måtte tydeleggjerast gjennom rørsler, plassering og kostyme. Dette greidde dei på ein overtydande måte.

På grunn av avstanden til skodespelarane kunne vi ha greidd oss med færre replikkar og meir kroppsspråk. Men i alle fall: Innhaldet vart gjort så levande at det ikkje kjendest lenge å sitja i ro ein time ute på Finnmarksvidda ein februarkveld med femten kuldegrader og vind.

Eg har lyst til å dra fram to personar som hadde vore med på å gjera denne teaterkvelden til noko heilt spesielt, og det er Aage Gaup som hadde utforma snøkulissane og Lars Lindström som hadde bestemt lyssetjinga. Det er bygt opp eit heilt amfiteater i snø, med fleire hus av is og snø rundt det som utgjorde scena. Når ein kjem inn i dette is- og snøteateret med himmelen til tak, kjennest det som å komma inn i ei heilt anna verd. Både dei levande og dei elektriske lysa gjev ein svært spesiell verknad i den mørke kvelden. Og både skodespelarar og handling blir tydelege mot alt det kvite. Alt dette skaper ei trolsk stemning som det er umogleg å formidle gjennom ei avismelding. Den som har høve, bør gå og oppleva det sjølv.

Samisk romantikk

Framsyninga var etter mitt syn vellykka. Det var ei teateroppleving eg vil hugse. Likevel knytte nokre kritiske kommentarar seg til teatret sin førehandspresentasjon av stykket. I eit reklameskriv som vi fekk i posten før framsyninga, stod det at teatret si meining med oppsetjinga var “gjenerobring av gamle fortellinger med rot i Sameland, som med tiden er blitt germanifisert, flyttet og fremmedgjort.” Noko liknande kjem fram i programmet vi fekk der det står: “Velkommen hjem, Vølund.”

Kvar har teateret dette frå at kvadet om Volund opphavleg skal vera samisk, og at det difor må “gjenerobres”? Det kan godt vera at diktinga om Volund er “germanifisert, flyttet og fremmedgjort,” men finst det noko som tyder på det? Heile tilnærmingsmåten glir litt for lett inn i det diverre utbreidde synet på samen som eit offer som andre folk evig og alltid har plaga og stole frå. Men fornorsking, nedvurdering og sosialdarwinisme høyrer til i ein bestemt epoke i historia, og denne epoken begynte mange hundre år etter den norrøne perioden. I norrøn tid dreiv ein ikkje og rangerte folkeslag på same måten som i siste halvdel av 1800-talet. Kvadet om Volund er i seg sjølv eit vitnemål om det: At Volund er samisk, hindra ikkje på nokon måte at han kunne vera helten i eit norrønt kvad.

Både diktet og teaterframsyninga greier seg framifrå utan slike skriftlege nasjonalromantiske rettleiingar frå teatersjefen. (At det i norsk litteraturhistorieskriving finst flust med døme på liknande bastante påstandar omkring tilhøve som er høgst usikre, gjer ikkje saka betre, men verre.)
Jon Todal

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |